Hašek som nyutskriven frå det tsjekkiske handelsakademiet i Praha, 1902.
Jaroslav Hašek (30.4.1883 - 3.1.1923), forfattar av romanen Lagnaden til den gode soldat Švejk i verdskrigen og over 1500 forteljingar, levde eit kort og uvanleg stormfult liv. Han var fødd under beskjedne kår i Praha, då ein del av Austerrike-Ungarn. Foreldra, Josef Hašek og Kateřina Jarešová var begge innflyttarar frå Sør-Bøhmnen. Familien flytta heile 15 gonger gjennom oppveksten til den unge Jaroslav. Faren var hjelpelærar, seinare banktilsett, men døydde alt i 1896, sterkt alkoholisert. Trass den omskiftande oppveksten fekk Hašek seg utdanning men viste seg snart ute av stand til å tilpassa seg ein ordna livsførsel. Derimot vart han ein kreativ og produktiv forfattar, trass det uryddige tilveret og det etter kvart store alkoholforbruket.
Alt før Den gode soldat Švejk vart skriven (1921-22) hadde Hašek ry som ein framståande satirikar, men var også kontroversiell grunna ein periode som aktiv anarkist. Han fornærma ei rekkje prominente personar gjennom satiriske artiklar og var heller ikkje redd for å namngi dei han hengde ut. Hašek var òg kjend for sine mange påfunn. Mellom anna stifta han "Partiet for måteleg framsteg innafor rammene av lova", som dels var eit forum for karikering av dåtidas politiske elite, dels vart stifta for å auka omsetjinga til skjenkestaden der partimøta vart heldne. Hašek var stadig i konflikt med politiet, mest grunna tilknytninga til anarkist-rørsla men òg fleire gonger grunna ordensforstyrrelsar og fyll.
Hašek gifta seg i 1910 med Jarmila Mayerová som han hadde vore på friarføter til i mange år. Foreldra hennar var sterkt mot forholdet grunna Hašek sine anarkistiske aktivitetar og uryddige livsførsel. Ekteparet fekk i 1912 sonen Richard men like etterpå forlet Hašek familien og såg dei ikkje att før i 1921. Familielivet hadde passa han dårleg, og han tok no opp att sin tidlegare bohémlivsførsel.
Av stikkord frå Hašek sitt liv fram til 1915 kan nemnast:
- apotekarssistent - fekk sparken
- utdanning ved handelsakademi - fullførd
- tilsett i bank - oppsagd etter å ha stukke av to gonger
- utga diktsamling og mengder av noveller
- lange reiser i Mellom-Europa og på Balkan
- frilans-journalist
- arrestert ei rekkje gonger
- redaktør i anarkistiske tidskrift
- eigar av "kynologisk institutt" (kennel)
- redaktør i tidsskriftet "Dyreverda" - måtte gå av etter å ha funne opp nye dyr
- forsøk på sjølvmord (truleg fingert)
- kort opphald på asyl
- kabaret-artist
- arrestert ved krigsutbrotet etter å ha utgitt seg for russisk handelsreisande
Før 1910 var han ofte på lange vandringar i Mellom-Europa og på Balkan, noko som gav rikt stoff til forteljingane hans og det seinare meisterverket "Osudy dobrého vojaka Švejka za světove valky". På desse reisene var han stort sett pengelens, overnatta ute og tok seg mykje fram til fots. I ei av forteljingane kjem det fram at han vart sett i fengsel i Bayern for brot på lausgjengarlova. Han hadde mindre enn 3 mark på seg, noko som kvalifiserte han for det ovannemnde lovbrotet. Etter brotet med familien tok han opp att desse vandringane, no ofte saman med kameraten Matěj Kuděj.
Krigsutbrotet i 1914 førde til store endringar i Hašek sitt liv. Han vart i februar 1915 utskriven til krigsteneste, send til fronten i Galicia, og vart teken tilfange av russarane 24. september same året. Det er sannsynleg at han let seg ta til fange men omstenda rundt denne hendinga er uviss. Tida i hæren gav ytterlegare stoff til den seinare romanen om "Švejk". I fangeleir i Russland fekk Hašek tyfus og var heldig som overlevde. Frå våren 1916 var han på frifot og arbeidde for pressa til den Tsjekkiske Union i Kiev. Unionen vart seinare til den vidkjende tsjekko-slovakiske legionen. I 1917 deltok han som soldat i slaget ved Zborov der legionen for fyrste gong var i kamp med den austerriksk-ungarske hæren.
Den russiske revolusjonen 7.november 1917 og den påfølgjande fredsavtalen mellom den nye Sovjet-staten og sentralmaktene gjorde vidare krigføring meiningslaus for legionen. Det vart bestemt at tsjekkoslovakane skulle flyttast over til vestfronten via Vladivostok. Denne ferda vart ikkje Jaroslav Hašek med på. Han forlet legionen og i mars 1918 melde han seg til teneste for dei tsjekkiske sosialdemokratane i Moskva. Seinare same året tok han steget fullt ut, braut med legionen og arbeidde direkte for bolsjevikane. Dette førde til at han vart stempla som landssvikar av legionen og det vart sendt ut arrestordre på han. I Russland gjorde han lynkarriere i kommunistane sin 5.armé. Han var medarbeidar i politisk avdeling og ferda gjekk heilt til Irkutsk der han òg vart medlem av by-sovjetet. Hašek var ansvarleg for propaganda og rekruttering blandt dei mange utanlandske gruppene som dreiv rundt i Russland i kaoset under borgarkrigen. Mange av desse var tidlegare krigsfangar. Hašek gav ut materiale både på russisk, tsjekkisk, tysk, ungarsk og burjat. Han gifta seg på nytt medan han var i Sibir; med Alexandra Lvovna. Dette til trass for at han ikkje var formelt skild med Jarmila.
I oktober 1920 endra omstenda seg brått att; han vart send tilbake til heimlandet av Komintern for å hjelpa kommunistrørsla der. Gjennom tida i den 5.armé var Hašek for fyrste gong i fast arbeid i meir enn eit halvt år om gongen og han hadde slutta å drikka. Tilbake i Praha kom han derimot fort inn i gamle spor og kommunistrørsla fekk svært så lite nytte av han. Om Hašek var kontroversiell i førkrigs-Praha var han det ikkje mindre no; det trua rettsforfylgjing avdi han hadde forlete legionen og han var òg i søkelyset grunna bigami. Ein gong vart han forsøkt lynsja av hemngjerrige legionærar, politiet kom til og redda han i siste liten. Han vart utsett for i alt tre drapsforsøk.
I februar 1921 byrja han å skriva "Švejk", ein roman som var planlagd utgjeven i seks deler. Fyrste delen gjorde han fort ferdig hjå venen Franta Sauer i Žižkov, Praha. Boka, fyrst gjeven ut som hefte, vart ein umiddelbar suksess. Den 25.august same året flytta han til Lipnice nad Sázavou der han fullførde to nye deler. Helsa gjekk det derimot fort nedover med, det harde livet hadde teke på og han var dessutan vorten farleg overvektig. Han rakk ikkje heilt å gjera ferdig 4. delen før han døydde av hjartestans 3. januar 1923, knapt 40 år gammal.
Det er kome ut ei rekke biografiar om Jaroslav Hašek, rett nok mest på tsjekkisk. Sjølvbiografisk materiale er det derimot lite av. Nesten alt ein veit om han i dag byggjer på nedskrivingane til folk som kjende han. Dertil kjem opplysningar frå offisielle arkiv. Den beste skrivne kjelda for eit norsk publikum er "The bad Bohemian" av Cecil Parrott, mannen bak ein av dei tre omsetjingane av "Den gode soldaten Švejk" til engelsk. Biografien til Parrott er i stor grad bygd på Radko Pytlík sitt standardverk, "Toulavé house". Pytlík er rekna som den fremste nolevande eksperten på Hašek og fleire av bøkene hans er omsette til engelsk og tysk. Det finst òg original-litteratur om Hašek på tysk, mellom anna den nokså spekulative "Der Vater des braven Soldaten Schweik" av Gustav Janouch.
Eg er ei rekkje personar takk skuldig for hjelp, informasjon og inspirasjon under arbeidet med desse sidene, her i alfabetisk rekkjefylgje: Karel Babčický, Alexandr Drbal, Pavel Gan, Richard Hašek, Hans-Peter Laqueur, Radko Pytlík, Zenny Sadlon, Sergej Soloukh og Jaroslav Šerák. Spesielt vil eg trekkja fram Šerák, utan hans direkte hjelp og evige velvilje kunne dette prosjektet aldri vorte vellukka. Eg vil og få takka arbeidsgjevaren min som i 2010 let meg ta fri i seks månader for å reisa i fotspora til Jaroslav Hašek.
| © 2011 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 17/4-2011 | treff sidan 5/11-2009. | Statistikk |




