Tooltip container
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Hovudpersonen Change languageChange language

Personar

Romanen på nettŠvejk MuseumBibliografieFacebookŠvejk CentralBlogReisedagbokKontakt

Erzherzog Franz Ferdinand og Herzogin Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nett-versjon av romanen og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga, Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i gandlinga, Heinrich Heine som historisk person. Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Visningsalternativ

Deltek i handlinga Fiktiv person Historisk person

Sortert kronologisk Sortert alfabetisk Personar vist: 587 av 587
>> Personar liste over folk som er omtala i romanen (587) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
>> III. Det ærerike samanbrotet

© 2009 - 2022 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 21.11.2022