Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.
Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.
- Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
- Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.
Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
- Doktor Grünstein som ein oppdikta person som tek direkte del i handlinga.
- Fähnrich Dauerling som ein oppdikta person, som ikkje tek del i handlinga.
- Heinrich Heine som historisk person.
I. Bak fronten | |||
5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata |
Inspektor Braun | |||||||
|
Braun var ein sadistisk inspektør på politistasjonen i Salmova ulice, av forfattaren samanlikna med keisar Nero. Den stutte ordren hans då Švejk kom på politistasjone var: "set han bak gitteret!".
Bakgrunn
Om Braun er inspirert av nokon konkret person var det truleg Karel Fahoun som var inspektør på Policejní komisařství Salmova ulice minst frå 1906 til 1910. Frå 1903 til 1912 var Jaroslav Hašek mange gonger i kontakt med denne politistasjonen grunna ortdensforstyrrelsar og Fahoun underteikna dokument som vedrørde forfattaren.
Det har òg vorte hevda at politiinspektøren og forfattaren var personlege vener, noko Břetislav Hůla kategorisk avviser. Ein ser lett for seg at Hašeks mange opptredenar på denne politistasjonen har inspirert forteljinga om Švejk sitt opphald her, sjølv om det har vore tidsforskyvd. Det finst i alle fall ingen hittil kjende politiprotokollar som set forfattaren i samband med politistasjonen etter krigsutbrotet. Fahoun hadde flytta til Vinohrady i 1911, og i 1917 var han vorten sjef for c.k. policejní ředitelství.
Ein anna mogeleg inspirasjon er politimannen Friedrich Brauner som hadde ei tilsvarande stilling ved kommisariatet i Nusle. Jaroslav Hašek var òg godt kjend i dette distriktet, ikkje minst i samband med anarkistrørsla. Det finst likevel ikkje prov på at han nokon gong var arrestert her.
Sitat
[I.5] Po krásných slunných dnech v blázinci přišly na Švejka hodiny plné pronásledování. Policejní inspektor Braun aranžoval scénu setkání se Švejkem s krutostí římských pochopů doby roztomilého císaře Nerona. Tvrdě, jako tenkrát, když oni říkali: „Hoďte toho lumpa křesťana lvům,“ řekl inspektor Braun: „Dejte ho za katr!“ Ani o slovíčko více, ani méně. Jenom oči pana policejního inspektora Brauna zasvítily přitom zvláštní, perversní rozkoší.
Kjelder: Jaroslav Šerák
Keisar Nero | |||||
*15.12.37 Antium (no Anzio) - †9.6.68 Roma | |||||
|
Nero vert av forfattaren ufordelaktig samanlikna med politiinspektør Inspektor Braun.
Bakgrunn
Nero var romersk keisar frå år 54. Krønikene omtalar Nero som ein tyrann og ein libertinar, og han er kjend som keisaren som "spela medan Roma brann", og ein tidleg forfølgjar av dei kristne. Desse forteljingane skriv seg frå Tacitus, Svetonius og Cassius Dio. Men andre samtidskjelder nemner at Nero i røynda var svært folkekjær i levetida si. Den første delen av keisartida hans var prega av stabilitet og velstand, mykje takka vera rådgjevarane hans, mellom dei filosofen Seneca. Men Nero sette i gang mange kostbare byggeprosjekt som etter kvart førte til økonomisk krise.
I år 66 la Nero tittelen "Imperator" til namnet sitt. Riket kom i opprør på grunn av dei økonomiske problema. Etter at folket hadde reiste seg i år 68 avsette senatet han. Nero rekna med at senatet ville avretta han, og tok difor livet av seg.
Han hadde som keisar det offisielle namnet: Nero Claudius Caesar Augustus Germanicus, men var fødd Lucius Domitius Ahenobarbus.
Sitat
[I.5] Policejní inspektor Braun aranžoval scénu setkání se Švejkem s krutostí římských pochopů doby roztomilého císaře Nerona. Tvrdě, jako tenkrát, když oni říkali: „Hoďte toho lumpa křesťana lvům,“ řekl inspektor Braun: „Dejte ho za katr!“
Kjelder: Wikipedia
Skrivst òg:Neron Hašek Nerone it
Mareček, Josef | ||||||
|
Josef Mareček var ein kjøpmann frå Vršovice som hadde vore i cella til Švejk på politistasjonen i Salmova ulice året før. Han hadde skrive namn, datoen 5. juni 1913 og yrket på celle-veggen. Meir vert det ikkje sagt om han.
Bakgrunn
Josef Mareček kan gjerne ha lånt namnet frå (og meir) ein verkeleg person, sjølv om ingen av opplysningane om dei som er oppførde i adresseboka frå 1910 samsvarar heilt med omtalen av mannen som skreiv på celleveggen. Av dei fem Mareček som er oppførde kjem ein huseigar frå Vinohrady nærast.
Sitat
[I.5] Jiný opět prostě konstatoval fakt: „Seděl jsem zde 5. června 1913 a bylo se mnou slušně zacházeno. Josef Mareček, obchodník s Vršovic.“
I. Bak fronten | |||
5. Švejk på politistasjonen i Salmova-gata |
© 2008 - 2024 Jomar Hønsi | Sist oppdatert: 16.4.2024 |