Reisebrev 5
7/11 - 10/11 2002

Louisiana

Om reisebreva Informasjon om USA (frå BBC)
Map


Montgomery - New Orleans

7/11-2002 (dag 31)

Mykje er skeivt i New Orleans, det er vanskeleg å få ting stødig når sumpen dannar underlaget.

New Orleans er jazzens fødeby. Her ein utøvar på Decatur Street.

Eg vert køyrd til stasjonen av Rubén og sedd vel avgarde. Det vart eit kort men fint opphald og me kom godt overeins til trass for at det var fyrste møte. Eg fekk ei jakke som gåve, Rubén ein elektronisk oversetjar. No er det farvel til Montgomery, ein by "pryda" av endelause opphopingar av neon og kyrkjer i alle slags avskugningar av den kristne tru.

Denne gongen er bussen nesten presis, på ny let ein Den Grå Hund frakta ein. Meir kjedeleg landskap og fleire neon-pryda innfartsårar. Denne bussen skal heilt til Laredo i Texas og folk er utrusta til langtur. Ein finn mange mødre med små ungar blandt passasjerane, høggravide ser ein òg.

Det er mangt med USA ein fyrst har høyrt om gjennom filmar, songar eller i ytste åndelege naud: Erik Diesen sine reiseprogram på NRK.

Eg kom brått på når eg fyrst høyrde om Greyhound, dette omskrive og sikkert òg utskjelte buss-selskap. Strofa let som fylgjer: Well, I was born in the back seat of a Greyhound bus. (Allman Brothers Band, "Ramblin' Man"). Når eg ser meg rundt har eg ingen vanskar med å førestilla med at nettopp så kan ha skjedd.

Olav Stedje har ein norsk variant av songen som lyder Farande fant. Her heiter det seg at Far min var ein hestekar frå Valdres. Dette kan sjølvsagt òg ha rot i røyndomen.

Turen varer over 6 timar men med eit stopp, i Mobile. Uttala er det noko uventa Moubill, ikkje Moubail som ein ville venta frå britisk-engelsk.

Det er nesten mørkt når me kjem fram til New Orleans og det må bli taxi til "India House", der eg skal overnatta. Etter lang kø kjem ein seg avgarde.

Det merkast fort at New Orleans er annaleis: gatene i dårleg stand, skeive telefonstolpar av tre og generelt mykje forfall. Det er svært fuktig luft. India House er eit uavhengig backpacker-herberge, få eller ingen reglar, men heller trange og kummerlege rom.


Eg ser meg om i nabolaget, innom ein bar som folka i resepsjonen omtalar som "country bar" men som viser seg å vera heavy metal. "Those people don't have a clue", er kommentaren då eg påpeikar dette misforholdet. Pratar lenge med ei dame som eigentleg er eigedomsmeklar, men som syng og spelar mandolin for tida. Ho fortel om kor farleg det er i New Orleans og kor utruleg det var at eg vart robba akkurat i Lakeland, FLorida. Der skal ikkje slikt kunna skje, må vita.

Før eg reiste vart eg åtvara mot amerikanske storbyar av ein kamerat. Han har ikkje sjølv vore ute for noko, men hadde fått fylgjande råd: "Make sure you're not alone, and make sure you're not the only white motherfucker." Etter dette har eg hatt ein viss "only-white-MF-paranoia", men har klart å unngå stroka der slikt kan skje. Dette kan høyrast ut som rasisme, men det er snarare at ein tek til fylgje at kriminaliteten i svarte "inner-city" strøk ER svært høg og at folk med min hudfarge kan vera SPESIELT lite velkomne. No er sjølvsagt ikkje ALLE svarte bydelar like farlege. Ein skal og passa seg for å tru at røvarhistoriar representerer det normale.

Går ein tur nedover Canal Street og stikk innom ein anna bar. Der ER eg den einaste kvite, men nokon sjansar lyt ein ta. Vert teken vare på på beste vis, dei inviterer meg til eit slag biljard som eg tapar glatt. Deretter er det mitt fyrste besøk på McDonalds sidan august, i Riga. I motsetning til i Riga er eg forbilledleg edru. Eg er framleis einaste kvite, men forfylgjingsvanvitet har no gjeve slepp. Dama som vaktar døra er godt væpna. Eg går inn i trygg forvissing om at det ikkje er kundane som skal skytast.

Tilbake på "India House" er det fest. Resepsjonsdama er rusa på raudvin og dertil pratsam. Får tru ho passar godt på verdisakene våre. Ungdommen morar seg over alt, men eg tek tidleg kveld, skuldar på høg alder og lang busstur.

Blir vekt opp av ein brite som snakkar og ser ut som Tony Blair. Dei unge vil ha meg med ned i "French Quarter", vil fylla opp drosjen. Det kan ikkje vera lett å vera ung og ubemidla, så ille at ein må dra skrøpelege middelaldrande ut av senga for å sputta i taxi-potten. Eg blir med, betalar inngangspengane men stikk av då det viser seg å vera åtti-tals-pop-kveld. Ser meg om i French Quarter, noko som vekkjer meirsmak. Stroket har akkurat det eg har sakna siste månaden, særpreg. Tek drosje tilbake, utset turismen til i morgon.


New Orleans

8/11-2002 (dag 32)

Royal Street, midt i French Quarter.

India House er ikkje staden for Den Gode Nattesømn. Det minner om "Embassie" i Liverpool. Fest heile natta, folk kjem og går på rommet.

Vaknar nattestid av prat og diverse smaskelydar. Ein kar i køya under har damebesøk. Her kjem det til å føregå, tenkjer ein. Høyrer fort at aksenten er tysk, men somnar fort att, tysk eller ikkje tysk.

Uvisst kor lenge etter, vaknar eg att. Plukkar opp eit par detaljar i ørska: "Ooooooh, Lohtar ...". Rett etter utbryt den mannlege aktør med typisk Teutonsk Fingerspitzgefühl: "Oh, shit!" (uttalt schitt). Es hat also diesmal nicht geklappt.

Om morgonen er jenta borte. Eg pratar litt med dei to karane frå Schwarzwald som ligg i køyene under og stussar då det viser seg at ingen av dei heiter "Lohtar". Kan det vera det blir operert med dekknamn nattestid ?

Driv langs Canal Street inn mot "French Quarter". Gata skal vera trygg om dagen vert det sagt. Likevel er eg på vakt, strøket ser ille ut, og ein veit når ein blir observert. Skal sei beina går fort.

French Quarter er derimot ei anna verd. Det har ein eigen atmosfære med trehus, balkongar, smijernsøyler, blomsterprakt, så langt det går an å koma frå inntrykket av dette landet som ein evig parkeringsplass, "mall" eller "drive-in". Arkitekturen er ei blanding av spansk og fransk koloni-stil.

Driv rundt i gatene og trivst overmåte godt. Er innom Crescent City Brewhouse, et bayersk mat og drikk godt øl. Sjefen for dette mikrobryggeriet er frå Nürnberg. Dette er eit av dei få mikrobryggeria som bryggjar lager, det vil sei botngjæra øl. Lagerbryggjing tek lengre tid enn "ale"-bryggjing, difor er det få av dei små som gjev seg i kast med det.

Ein medteken turist har prestert eit sjøvportrett på do i ein heavy metal bar i Iberville Street.

Myrkna sig på, i Bourbon Street startar livet. Musikk ljomar frå kafeane, mykje av det levande. Det aller meste er gratis, ein kan gå vidare om ein ikkje likar seg. Ein finn rock, blues, R&B, jazz og cajun. Utover det kjem mengder av suvenir-butikkar, restaurantar og strippeklubbar. Dette er den livlegaste gata eg nokon gong har sett fot i. Omgrepet "Let the good times roll" har sitt opphav her, avleia av franske "les bon temps rouler".

Det blir ei lang, underhaldande og dyr natt. "My money flowed like wine", heiter det i ein av songane til Little Feat.

Mistar kontroll med øl-loggen min. Alt kostar 5 dollar og kvaliteten er den same kvar ein fèr. Bourbon Street er ein av dei store turist-attraksjonane i USA og kostnadane blir deretter. Ei jente vil ha meg med på nachspiel der kokain er ein av ingrediensane. Heldigvis sler alarmen inn. Trekkjer meg tilbake til ein heavy metal bar der eg held fram med sunne interresser som ovdrikking og "headbanging". Klokka er vorten fire!


New Orleans

9/11-2002 (dag 33)

Ikkje så mykje å skriva om denne dagen. Når ein legg seg sju om morgonen blir det lite att. Et eit svært godt kveldsmåltid på Katie's Place i nabolaget, det er i grunn det heile. I kveld er det rolegare på "India House", det kan koma godt med.

Då eg kjem tilbake og skal leggja meg står ein politibil utafor. Ein av tyskarane på rommet hadde mistankar om tjuveri, herberget har lite kontroll med kven som kjem og går.

Fekk aldri mistankane direkte stadfesta, men vaknar ut på natta av ukristeleg språkføring nede i resepsjonen. Ein av gjestene skrik av full hals, han HAR vorten fråstolen noko utan at eg veit kva og frå kva rom.

Den franske påverknaden i dette området går tilbake fleire hundre år. Louisiana var fransk (og spansk) koloni fram til 1803 då Napoleon selde det til USA i tidenes eigedomstransaksjon. Han var rimelegvis pengelens etter alle krigane sine.

Louisiana strekte seg då heilt opp til Canada, men var stort sett folketomt. Innvadringa til Louisiana kom dels frå Europa (Creoles), dels flyktningar frå Nova Scotia då Frankrike avsto Canada til England i 1763. Desse flyktningane, "Les Acadiens", danna grunnlaget for den seinare cajun-kulturen, no mest kjend gjennom musikk og mat.

Fransk er nesten borte som språk, men eksisterer enno i området rundt Lafayette. Dei som kjenner cajun-musikken vil òg ha merka seg at tekstane ofte er på fransk.


New Orleans (tur til Jean Lafitte)

10/11-2002 (dag 34)

Tek ein morgontur i nabolaget. Det er varmt og fuktig, kroppen er stadig klamm. Er innom ein supermarknad, kjøper nakkestøtte til å bruka på reiser og sundagsutgåva av New York Times. Dette er den sværaste avisa eg nokon gong har sett. Den veg minst fem kilo, gjev lesestoff for ei veke og dopapir i eit år.

Avisene blir helst selde i automatar og er etter det eg har sett seriøse. Har enno ikkje kome over noko i retning VG eller Dagbladet for ikkje å snakka om britiske tabloidar. Likevel er det lite å velgja i: høgst eit par regionale aviser og USA Today. Denne siste synest å vera den einaste som finst av riksdekkande aviser.

Sluttar ikkje å undra meg over kva ein kan få kjøpt i ein vanleg butikk. Ser ei greie ein kan stikka i gapet for å stoppa tannskjering i søvne. Vurderer sterkt å kjøpa med eit lager til framtidige sovesalkameratar.

Ettermiddagen har eg sett av til ein tur i sumpen. Det er ei populær utflukt og eg slit ein del før eg finn eit firma som enno har plassar att. Eg får hjelp av ein eldre kar med hestehale som haika til Nordkapp i 1963. Det er ikkje så ofte ein treffer folk her som har reist mykje utafor USA, men dei som har gjort det er ofte fargerike og særprega typar.

The ssssnake, i dette tilfellet ein tam og harmlaus Boa.

Down in the swamp. Ingen alligatorbilete dessverre, men me såg i det minste ein.

Me blir plukka opp frå diverse hotell, køyrde i minibuss ut til småbyen Jean Lafitte, oppkalla etter ein kjend fransk sjørøvar. Der skal me på airboat, eit flatbotna fartøy som blir drive fram av lufta frå propellar. Sumpen er så grunn at ein ikkje kan bruka propell i vatnet. Motoren er på 1000 hestekrefter og lagar eit visst leven.

Guiden forklarar at denne sumpen er eigd av ein familie. Dei betalar ikkje eigedomskatt avdi "we have the best politicians money can buy". Han spør òg om det er dyrevernarar med på turen. Ingen svarar for det heng eit trugsmål i lufta: "You would then have to WALK back!". Grunnen til skepsisen er at aktivistane har øydelagt handelen med pels frå ei eller anna diger rotte. Handelen var verdt $26 millionar årleg. Desse dyra er det masse av, ein kan enno skyta dei, bevares, men for all del ikkje flå dei!


Sumpen byr ei særeigen stemning. "Spanish moss" er ei plante som veks frå greinene og som bidreg til det trolske draget. Nede i grumset lurer 40 typar slangar, 7 av dei giftige. Alligatorar finst òg, me ser berre ein einaste ein. Det vil sei, GUIDEN ser den. For oss andre er den berre ein tømmerstokk med stort gap og kvasse tenner.

Tilbake i French Quarter kostar ein på seg cajun-mat. Red beans and rice er favoritten. Eg fekk aldri prøvd legendariske Jambalaya (sjømat og ris).

New Orleans er tildels skeiv og skakk, klamm og visstnok farleg men den er ein av dei mest særprega byane eg nokon gong har vitja. God mat, musikk, fargerike gater, det yrar av liv. French Quarter er den store attraksjonen, ingen stad hittil USA har eg brukt kameraet så mykje som her. Endeleg har eg funne ein stad i dette landet eg med handa på hjarta kan sei gav meirsmak.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk