Reisebrev 7
15/11 - 20/11 2002

Mexico (nord)

Om reisebreva Informasjon om Mexico (frå BBC)
Map

Mexico

Liksom USA er dette eit land eg aldri har besøkt men som i lengre tid har stått høgt oppe på lista. Sjølvsagt har eg hatt visse idéar heilt sidan tenåra. Har sett western-filmar der meksikanarar er små, skjeggete, skitne bandidos med digre sombreros og kryssa patronbelte. Dei legg sjølvsagt på sprang når rakrygga amerikanarar fyrer laus. Bandittane snakkar uforståeleg med "Arriba!" eller "Vámonos!" til slutt i alle setningar. Meksikanske heltar i desse filmane snakkar gjerne engelsk med kledeleg aksent.

Mexico er det mest folkerike spansk-talande land i verda, med over 100 millionar innbyggjarar. Det reknast at 20 millionar av desse bur i Mexico City (Ciudad de México), den største byen i verda. Mexico er ein forbundstat, det offisielle namnet er Estados Unidos Méxicanos. Landet har vore sjølvstendig sidan 1821 då det etter 11 års opprør reiv seg laus frå 300 års spansk kolonivelde. Den gong var arealet mykje større enn i dag: dei noverande amerikanske statane Texas, New Mexico, Arizona og California (og noko av Colorado) høyrde med. Texas reiv seg laus i 1836, dei andre gjekk tapt i krig med USA 1846-1849. Landet har med eit par kortvarige unntak vore styrt som forbundsrepublikk. Storparten er folket er mestisar dvs. blanda indiansk-europeisk, men det er enno mange reine indianarar att. Spansk er hovudspråket og blir forstått av nesten alle, men Mexico har i tillegg 13 offisielle indianarspråk.

Dessutan har landet arrangert to fotball-VM og ein olympiade, har funne opp tequilaen og den meksikanske bylgja. At landet er nabo til USA fører òg til at det kjem til syne gjennom amerikansk kultureksport av ymse slag, helst filmar. Maten er velkjend for dei fleste, eg har mang ein gong ete "Burrito Grande Okse" og "Nachostallerken" på Jeppes på Kongsberg og er som mange andre innbilt ekspert på alt som vert lagt i grytene sør for Rio Grande.

Som mange nordmenn i min generasjon har eg lese Morgan Kane. Desse bøkene er gjerne noko meir nyanserte ein ein standard b-film. Kane sit ofte i ei cantina og drikk pulque. Han vender aldri ryggen mot døra for han er konstant forfylgd av federales, rurales eller guardia civil. Hvis ikkje er han gjerne involvert med ei señorita som heiter Carmen (tilfeldig valgd namn).

Eg lærde mine fyrste spanske ord gjennom Morgan Kane. Marshalen sjølv snakka språket flytande og dette får lesaren heldigvis del i. Det skal ikkje underslåast at eg faktisk lærde ein del om meksikansk historie ved å lesa Kjell Hallbing sine bøker om Morgan Kane og sonen El Diablito.

Mini-spankskurs fritt etter Morgan Kane
¡Hola! Ord som Kane brukar når han lettar på hatten i det han går inn i ei "cantina".
Mierda Høver seg å sei når nokon skyt av ein hatten eller ein oppdagar at ein blir forfylgd av "rurales" (politi).
Pulque/mezcal/tequila Alkoholhaldige drykkar frå agave-planta, av og til med makkar i. Kane drakk alt dette.
Puta Kvinne av laus moralsk støypning som Kane av og til tydde til når det ikkje høvde seg annaleis.
Caballero Kavalér. Noko Kane alltid var ovafor damer. Så vidt eg hugsar skaut han berre mannfolk.


(San Antonio) - Nuevo Laredo

15/11-2002 (dag 38)

På plass i Nuevo Laredo.

(framhald frå forrige brev....)

Blir forbløffa over kor lite styr det er å kryssa Rio Grande. Ingen kontroll på nokon av sidene. Dei einaste som stoggar meg er folk som står ute på brua og skal selgja eit eller anna eller tilby overnatting.

Har kjøpt ei Lonely Planet og lese litt, det virkar som ein skal vera på vakt mot "delincuentes" (kjeltringar) her. Kapittelet "Dangers and annoyances" er det lengste eg nokon gong har sett, men gjeld heldigvis mest hovudstaden. Ein kan få laus mage av langt mindre spennande lektyre.

Det blir sagt at denne grensa byr på større kontrastar enn noko anna grense i verda. Dette er ikkje så tydeleg akkurat her ettersom Laredo (Texas) er så meksikansk som det kan bli utanom Mexico. Nuevo Laredo har òg mange trekk frå nordsida, dei glorete skilta ber preg av naboen i nord sin bemerkelsesverdige estetiske sans.

Det merkast fort at det er mykje meir folk ute på gatene her, at ein ikkje berre sit inne i bilane. Går utifrå at mange ikkje HAR bil, enkelt og greitt. Gateselgjarane yrer som mygg, tiggarane like så. Det er stor skilnad i levestandard frå Texas. I USA kom eg sjeldan ut for denslags.

Eg legg meg inn på eit hotell nær Rio Grande, tek ut pengar og et mitt fyrste meksikanske måltid på El Balcón. Det var svært godt, dette lovar bra. Nuevo Laredo er ikkje noka perle. Bortsett frå eit par bytorg er det heller stygt. Det eg likar mest er det uvande livet og fargane.

*) I Mexico heiter elva Rio Bravo del Norte

Tek ein bar-runde. Den fyrste staden er sjuskete. Ein kar står attmed meg og spyttar ned framfor baren. Eg held på å ta dette inn over meg, tenkjer i mitt stille sinn at han kanskje ikkje likar gringos. Då det den eina klysa tek den andre, legg eg merke til at baren er utstyrt med spyttebakke, konkluderer eg med at spytteorgien ikkje er retta mot meg personleg, at den snarare eit utrykk for vanleg skikk og bruk. Slikt lyt ein turist tola.

Eg driv over gata til eit anna vasshol. Her er det trivelegare. På veggen heng det eit skilt som proklamerer "We want YOU gringo!", og eg skundar meg å gjera det klart at eg er "noruego".

Ein pratsam og full kar frå Honduras er tydeleg ute etter at eg skal spandera øl på han. Normalt gjer eg det ikkje til folk som tiggar, men litt selskap er ikkje av vegen. Mannen er triveleg nok og er ille ute økonomisk etter ei motorsykkelulukke. Det kan ha vore smått med forsikringa. Eg ser meg litt rundt og spør om dette er ein normal bar. "No, es un bar gay" er svaret! Eg tykte det var mykje mannfolk her, men i mange land går ikkje damene så mykje på bar så eg reagerte ikkje. Eg kom no berre for å drikka øl uansett så det er ikkje noko å hengja seg opp i så lenge ein får vera i fred.

Eg ymtar for sikkerheits skuld frampå om at eg føretrekkjer ein plass med meir damer og me fer vidare til neste. Her det er levande musikk, damer og dans, også denne plassen er heller sjuskete. Ved inngangen viser dei porno-film, lenger bak i lokalet spelar bandet. Denne særprega kombinasjonen er kanskje eit kulturelt trekk ved dansestadene her ikring. Kva kan ein framand vita etter knappe åtte timar i landet ? Dette sto det i alle fall ingen ting om i Morgan Kane eller Lonely Planet.

No held det i massevis, et nok eit utruleg godt måltid og drikk det fyrste verkeleg gode meksikanske ølet eg nokon gong har late renna ned min tyrste strupe. Merket er Bohemia og held mål mot det meste.

Området langs Rio Grande er ei vekstsone. Nafta-avtalen frå 1994 har ført til stor tilstrøyming av verksemder som dreg nytte av den billege arbeidskrafta. Nuevo Laredo har store mengder av desse såkalla "maquiladoras". Presset på miljøet er enormt. Rio Grande når aldri fram til Mexico-golfen, den blir pumpa opp og dampar vekk før den kjem så langt! Ein reknar at vassreservane til tvillingbyane El Paso og Ciudad Juárez lenger oppe ved elva vil vera oppbrukte innan 20 år ...


Nuevo Laredo - Monterrey

16/11-2002 (dag 39)

Funete de la vida, Monterrey.

Ein god nattesømn vart det. Dagens mål er Monterrey, tredje største byen i Landet. Teresa (sjå reisebrevet frå England) har sendt meg telefon-nummer til slektningar og kjende, men overnatting må eg ordna sjølv. Før eg dreg oppdagar eg at turistar må kjøpa eit "turistkort" for opphald i Mexico utover 72 timar så det blir tur tilbake til Puente Internacional for å få orden i papira. Kva som hadde skjedd om eg ikkje hadde eit slikt er uklårt, det kan vera snakk om bøter.

Ifygje guideboka mi er det 3 km til buss-stasjonen så ein legg i veg til fots. Det heile tek ein time, men det er god trim med ein steintung ryggsekk. Forfattaren av boka er nok ikkje stø i det metriske system. Det må minst ha vore 3 miles!

Mexiko brukar same måle-einingane som oss. Ein anna skilnad frå USA er at fotballen er på kartet (og på fjernsyn).

Derimot er elektrisiteten og pluggane er det same som i USA. Mobiltelefonen virkar ikkje her heller. Det er like greitt.

Telenor og andre selskap tente grovt på meg i sommar. I USA kom eg svært billeg unna ved å bruka "pre-paid phone cards". Det fungerar slik at ein ringjer eit gratisnummer, gir ein PIN-kode og til slutt nummeret ein skal til. Dette er praktisk ved at ein kan ringja frå hotell utan å bli flådd. Frå Mexico er det langt dyrare å ringja enn frå USA. Typisk 15 kroner minuttet frå kiosk, 6 kroner med kort. I USA er det snakk om brøkdelen av dette.

Buss-stasjonen er stor og ein har ei mengde selskap. Det er ulike klassar: "ejecutivo", "primera" og "segunda". Det kostar litt ekstra med fyrste klasse, men då er det direkte og med innsjekka og forsikra bagasje. Bussen er svært komfortabel, endeleg plass til føtene. Heilt knirkefritt er det ikkje. Etter ein halvtime er det motorstopp og me må byta. Eg gløymer att jakka Rubén gav meg, uhell kan skje.

Turen med "Estrella Blanca" er ein fryd. Behagelege sete, kjøleg og så prikken over i-en: Fjella dukkar opp. Den siste månaden har eg ikkje sett så mykje som ein haug, dette var velkoment!

Buss-stasjonen i Monterrey er eit monster med nærmare 30 perrongar. Har sikta meg inn på eit billeg hotell like ved men går feil og hamnar lengre unna. Må som så ofte skjer setja meg på ein benk og ta fram boka. Endar opp på eit dyrt og godt hotell i staden. Prøver å ringja veninna til Teresa (Cristina), men ikkje svar. Ho skulle visst ta meg med på bar-runde.

Tek ein tur til sentrum i staden, fotograferar og et (tenk det). Monterrey er ein moderne industriby som ligg fint til mellom høge fjell. Ei gammal kjerne er bevart, men store greiene er det ikkje. Et det tredje gode måltidet på to dagar, tommelen opp!

Det var det! Trur eg enno har viruset, for eg er daudtrøytt. Somnar klokka sju og søv heilt rundt. Like greitt det ikkje vart noko møte med Cristina og eventuelle rundar med måtte medført.


Monterrey - Real de Catorce

17/11-2002 (dag 40)

Drøymer vanvittige draumar om ein flaum som herjar i Vik og fer med alt matjorda. Eg sit inne i traktoren på flaten nedom husa på garden og det siste som skjer er at ein diger slange kryp opp av eit kumme-lokk midt på bøen. I det slangen skal til å kvela meg (og traktoren) vaknar eg av at eg gaular: "Pinadeg, dar é ein kaldige orm !".

Restaurant på vegen mellom Monterrey og Matehuala.

Etter ein slik sjuk draum er det ingen ting som tyder på at eg blir frisk att med det fyrste. Her skulle sjølvaste Freud og andre draumetydarar fått noko å tyggja på.

No kan eg vegen tilbake til stasjonen. Avenida Francisco Madero er ei breid og flott gate, slepp å trua meg fram blandt gateselgjarar slik som eg måtte i bakgatene eg sleit meg gjennom i går. Dei som har lese "El Diablito" kjenner Francisco Madero. Han var ein meksikansk revulosjonsleiar, som var president ein kort periode før han vart myrda i 1913.

Går gjennom gata der eg skulle budd, det var like greitt eg gjekk meg vill! Fyll, skit og sedløyse. I dørane sit lettkledde señoritas og ropar "¡Ven, caballero!" (Kom, kavalér). På gata subbar fyllikar og utrangla individ ikring blandt søppelet.

Bussturen er fin i dag òg. Ryggsekk med datamaskin blir kasta under. Ein må berre stola på at det går bra. Eg pakkar alltid maskina godt inn og det ristar sikkert ikkje meir i bagasjerommet enn oppe.

Det er 5 timar til Matehuala. Spennande og variert landskap, berre det å sjå slikt hjelper langt på veg å fjerna reisetrøyttheita. Dessutan hjelper det med miljøskifte. Det siste ein kan sei om Mexico er at det er einsformig. Ein legg merke til fargebruken. Det er sterke fargar, ofte brutale kontrastar. Det tek seg likevel godt ut, til og med Coca-Cola reklamane måla på murvegger har noko med seg. Bussen er komfortabel. Det blir mange filmar etterkvart, ofte skrekkfilmar, men det blir til at ein ser på skiten i mangel på meiningsfulle gjeremål.

I Matehuala er det eit par timar å venta på buss til Real de Catorce. Tek drosje inn til byen. Det hender ein får vanskar når ein vil betala med store setlar. Slik no òg: "el taxista" stolar på meg og ventar til eg får veksla til smått. Leitar etter ein internett-kafe. Finn den etterkvart men det virkar daudt. Går inn og får påpakning for å ha snike meg inn utan å ringja på, dessutan er det stengt. På veg ut ser eg ringjeklokka: det er to ledningar som heng i lause lufta. Som ingeniør burde eg ha skjønt at eg skulle ha kortslutta dei ...

Matehuala er ein fargerik og fin by. Eg eg pizza og storkosar meg medan eg ventar på bussen vidare til Real de Catorce. Transporten er ein lokalbuss. Det er mørknar tidleg no så det blir lite ein får sett.Det går seint, spesielt mot slutten der vegen går oppover i fjella. Me stoppar framfor ein tunnel der skiltet viser "Bienvenido a Real de Catorce". Likevel er det eit stykke att: tunnellen er 2.3 km lang og ein liten buss fraktar oss gjennom.

Ein blir møtt av "hjelparar" som tilbyr overnatting på ein plass som er "barato y limpio" (billeg og rein). Eg godtek, i ei slik stund har ein lite valg. Eit par tyskarar som er med på bussen SKAL derimot på "Las Ruinas de Real" der Julia Roberts budde under innspelinga av filmen "The Mexican". "Guiden" min og tre andre fotfylgjer oss. På plass i Hotel San Juan finn eg ut at "Hotel" er noko optimistisk. Rettnok eigen dusj, men rommet er iskaldt. "Guiden" kjem inn og ber om "propina" (tip). Overhøyrer entusiastisk samtale utafor etter at han har fått 20 pesos (2 dollar). Eit sveitsisk par er òg innlosjert, ellers virkar det heller tomt.


Real de Catorce

18/11-2002 (dag 41)

Real de Catorce.

Katedralen i solnedgang.

Real de Catorce kan knapt kallast by om ein berre går ut frå innbyggjartalet på knapt 1000 sjeler. Spøkelsesby er meir dekkande. På det meste budde det 40000 her. Næringsgrunnlaget var sølv, Real var ein av mange rike gruvebyar i denne delen av Mexico. Det gjekk nedover frå rundt århundreskiftet. Prisen på sølv sokk og dessutan vert det hevda at den meksikanske revolusjonen førde til at "bandidos" tok over og skremde andre vekk gode borgarar.

Det vert ikkje nokon god nattesøvn. Den bønnerike meksiskanske dietten har uheldige bivirkingar og dessutan er det det kaldt her oppe i 2600 moh. Vaknar stadig av at eg frys eller av at sengeteppet blafrar like lystig i vinden som det norske flagg ein vakker vårdag. "¡Malditos sean los frijoles!" (Forbanna vere bønnene!). Kjem meg likevel gjennom natta med humøret i behald. Dusjen er kald men langt om lenge kjem det nokre lunka dropar som reddar meg frå å bli omgjort til istapp.

Den klåre fjell-lufta hjelper mot det meste og Real er ein opplevelse. I det siste har turismen gjort inntog. Filmen "The Mexican" med Bradd Pitt og Julia Roberts har hjelpt på, dessutan har staden vore populær blandt italienarar og sveitsarar ei tid.

Dette er ein plass ein går amok med fotografiapparatet og i dag blir det mykje gåing. Sjeldan har eg vore på ein så spesiell stad. At det det ligg ei eventyrsteming over byen er ikkje å overdriva. Det er ikkje tilfeldig at filmfolket trekkjer hit.

På 2700 meter er lufta tunn, dette merkast når eg legg ut på ein tur opp i fjella. Utsikta og solnedgangen er likevel meir enn verd den hivande pusten. Byen vrimlar av folk som tilbyr å ta turistane med på rideturar på esel, muldyr eller hest.


Real de Catorce

19/11-2002 (dag 42)

Plantelivet.

Dyrelivet.

Eg ba nådigst om eit teppe til og det hjelpte. Sov godt, i grunn søv eg best når det er kaldt men ikkje når det er FOR kaldt. I dag legg eg ut på ein lengre tur oppe i fjella, veret er flott og trivselen på topp. Dei mange og sterke inntrykka har ruska opp i sløvheita som kom over meg i USA. Akkurat no er det einaste problemet at eg ikkje tykkjer eg har nok tid til resten av dette landet. For ei veke sidan hadde eg lyst heim!

Har nok vorte vand med høgda no og slit ikkje større med pusten. Eit anna problem kan vera sola, den svir godt sjølv i november. Der er passeleg varmt om dagen, ein kan springa rundt i shorts i 3000 meters høgde.

Plantelivet her oppe er uvandt. Kaktus, agaveplanter og masse rart eg i mi botaniske kunnskapsløyse ikkje kan namnet på eller anar kva er. Klimaet er turt, så artmangfoldet er nok ikkje det største. Dei einaste dyra eg ser er ein geiteflokk med sin hyrde. Kvislelydar høyrest rettnok, lurer på om om det er klapperslangar her. Brått fell det meg inn at det nynorske ordet burde vera "ranglesnok", ei meir direkte oversetjing. Kanskje er ordet i bruk allereie, men i motsett fall hevdar eg med styrke opphavsretten til dette ordet! Såg derimot ingen slangar utan at eg dermed vart lei meg. Har heller ikkje funne ut om det finst klapperslangar i området.

Tilbake i "byen" finn eg ei cantina med svingdørar som i ville vesten. Staden har ikkje namn og er svært enkel. Eg er i mitt ess og fotograferar dørane både innfrå og utafrå.

Det finst opptil fleire bra restaurantar òg, ofte drivne av europearar. Måltidet på Mesón de Abundáncia (Overflodens Hus) er bra, men kan ikkje måla seg med det eg åt i Nuevo Laredo. Har alt etter ei veke fått nok av tortillas. Det smakar aldeles som ingenting. Det sveitsiske paret som bur på hotellet sler seg ned ved bordet og det vert ein triveleg kveld. Heidi og Roli kjem frå nær Luzern og har reist mykje i Mexico.

Mange vil kanskje sei at Real De Catorce er eit tungvint namn. Det kunne vore verre. Byen heitte opprinneleg:

Villa Real de Minas de Nuestra Señora de la Limpia Concepción de Guadalupe de los Álamos de Catorce *)

Dette vart etter ei stund korta ned, sikkert til glede for både analfabetar og skriveføre. Det vert sagt at det magiske talet 14 (catorce) kjem av ei hending i kolonitida. Fjorten spanske soldatar skal ha vorte drepne i ei trefning med innfødde.

*) Den Kongelege Gruvestad tilhøyrande "Vår Frue av den Jomfruelege Unnfangelse av Guadalupe" av dei Fjorten Sjeler (dette er ikkje ordrett omsett, har prøvd å gripa meininga heller enn semantikken). Denne "frua" er Mexico sin skytshelgen.


Real de Catorce - San Luis Potosí

20/11-2002 (dag 43)

Vill-vest assosiasjonar.

Real de Catorce (Real 14 i kortversjon) har vore eit av dei store høgdepunkta heile dette året. For ei veke sidan hadde eg ikkje høyrt om staden i det heile tatt, eg ser ikkje så mykje på film sjølv om det er med Julia Roberts.

Eg kunne godt vore her lengre til trass for at staden er liten. Det er ein perfekt plett for den som vil slappa av nokre dagar og berre nyta stemninga og den flotte naturen ikring. Dette er fyrste gong og har vore ein stad som er dominert av indianarar. Dette har sett ekstra spiss på besøket.

Real 14 er ein delvis ein spøkelsesby i dag òg, men den vaknar no til liv takka vere turismen. Europeiske fastbuande har kome til, både italienarar (mest) og sveitsarar har slått seg ned her, mest for å driva restaurantar og hotell.

Eg et frukost på El Cactus, ein av dei nemnde italienske og snart dukkar fleire av Berlusconi sine underåttar opp. Så må ein i veg att. Eg har teke kontakt med tanta til Teresa og er vorten invitert til San Luis Potosí, hovudstaden i staten med same namn.

Ned frå fjellet ber det same vegen som ein kom, går turen tilbake til Matehuala. No kan ein nyta det flotte landskapet til fulle. Har selskap med ei jente frå London som reiser åleine i Mexico. Ein er altså ikkje den einaste som virrar rundt for seg sjølv, har treft fleire åleineturistar på denne sida av havet enn i Europa.

Eg har merka meg at me ein eller anna stad her kryssar ein den nordlege vendesirkelen. Med andre ord: frå no av reiser eg for fyrste gong dette året i tropane. Det kjennest rettnok ikkje så tropisk ut så høgt over havet, hutringa i Real 14 av ikkje assosiasjonar om tropenetter.

San Luis Potosí

Tante Elena plukkar seg opp på buss-stasjonen i San Luis Potosí (SLP). Eg har kome på eit svært dårleg tidspunkt, for eldste son Carlos er kritisk sjuk og er innlagt. Han er på min alder og lid av komplikasjonar etter ei motorsykkelulukke. Elena deler eit stort hus med dottera Ana Elisa og dei to borna hennar. Det er rart å koma til ein heim, dette sler meg spesielt no etter alt reisinga i det siste.

Ei anna dotter, Heidi med mann er på besøk og eg blir invitert til dei i Aguascalientes etterpå! No er det i ferd med å skje som hende meg i Chile i 1997: kjem ein innafor ein familie breier det seg ut eit nettverk og ein kan om ein vil bruka heile tida til å besøkja folk. Gjestfriheita blir sett pris på, det er berre andre gongen etter at eg forlet England at eg har vore på vitjing hjå nokon.

Blir stelt med og mata. Vert spurd mykje om heimlandet og lyt forklara kor lenge snøen ligg og kor kaldt det blir. Eg trur ikkje talet -30°C seier ein så mykje før ein har kjendt det på nasen. Ana Elisa spør kva syskena mine heiter, men ettersom namna ikkje er dagledagse i Mexico må dei skrivast ned og namna bli hengt opp ved kjøleskåpet !

Eg høyrer dottera Elisa i meksikansk geografi, ho har prøve dagen etter. Mexico har 31 delstatar så det er ein del hovudstader å halda styr på. I dette tilfellet har sjølvsagt eleven meir å fara med enn læraren. Broren Valentín er ikkje så flittig men gjer lekser han og!

Eg har eige rom og det viser seg å vera langt behagelegare enn det iskalde rommet oppe i Real 14.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk