Reisebrev 11
8/12 - 13/12 2002

Florida (heimveg)

Om reisebreva Informasjon om USA (frå BBC)
Map


Mérida - Progreso - MS Scotia Prince

8/12-2002 (dag 60)

På denne siste dagen i Mexico har eg rekna ekstra god tid. Har ikkje ferjebillett og vil unngå den vanlagnaden det må vera å sitja attgløymd på ei bryggje i Latin-Amerika alt medan ribba kjem på bordet heime. Det MÅ reknast ekstra ettersom me blåøygde turistar ofte veit lite om korleis ting virkar under dei framande himmelstrok. No er det rettnok 8 timar til ferja til Florida går, så den analytiske lesar kunne včl mistenkja meg for å vera hysterisk.

Apropos det å vera føre vár: Sigmund Freud var kjend for å vera nevrotisk når det gjaldt å vera ute i god tid før avreise. Han stilte gjerne opp på perrongen fire timar før tog-avgang. No overgår eg altså psykoanalysens far med mine åtte timar, men til orsaking lyt det nemnast at denne båten går berre ein gong i veka. Frå Wien Westbahnhof (der Freud sikkert reiste frå), har ein som dei fleste vil ana, langt fleire avgangar.

Eg finn fort ut av kvar bussen til hamna (Progreso) går frå og tek meg så tid til ein god frukost på ein kafé på byplassen. Mérida bli kalla den kvite byen og er rekna som svært attraktiv. Det vesle eg sčr, stadfestar dette. Byplassen er romsleg, omkransa av palmetre, ein av Mexico sine mange historiske Plazas. Mérida er ingen småby. Den er hovudstad i delstaten Yucatán og folketalet er større enn i Oslo. Varmen og fuktigheita er andre felt der Mérida ragar høgare opp på søyla enn vår eigen hovudstad.

På kaféen les eg e-mail og får denne meldinga frå ei syster i Bergen:

Halloien!

Eg kan skjønna at du er litt reiselei, fed-up og blasert. No er du vel ein slik type irriterande backpacker som med livstrøytt "been-there-done-that"-mine dreg historiar om når du drakk tequila med gerlijaledaren i Chiapas o.l., medan ferske backpackers sit med store auger og høyrer på og tykkjer du er konge. Ser det for meg -hehe!

Nei, kom deg heimatt, du, til smolteringar og syltaflesk og pinnakjøt!

Kommentar. Sjølv ein dåre skjønar at han etter kvart har vore for lenge borte. Det er berre å setja fart på heimover. Drukke tequila med notabilitetar som Subcomandante Marcos må eg audmjukt medgi at eg ikkje har gjort. Men når ein fyrst er inne på temaet nemner eg like godt at eg på denne turen HAR:

Då får heller gerilja-sjefen smatta vidare på geværpipa si inne i jungelen.

Reiser tidleg til Progreso. Det er ein mindre by som eg knapt har høyrt om. Det einaste eg veit er att den ligg ved Golfen og at det går ferje til Tampa. Ein buss-tur på godt tre mil over slettelandet nord mot havet er alt som skil meg frå havet. Det slo meg at eg snart hadde reist rundt Mexico-golfen som planen var, men dette var fyrste gong eg SÅG dette velsigna stykka hav som held liv i heile Europa. Hadde det ikkje vore for Golfstraumen, hadde me hatt isbjørnar på trappa og Jostedalsbreen ville ha kalva i Sognefjorden.

Går i gang med å få tak i ferjebillett. Dette er ei rute som starta opp for to veker sidan og det anar meg at kanskje ikkje alle detaljar er på plass. Folk visar veg ned mot moloen, eg finn ut at eg må ta buss ut dit, for moloen ser eg knapt enden på. Då er vel løypa klar tenkjer eg og stikk hovudet inn i ein mørk bar for å fordriva tida.

Baren er eigentleg stengd men eg blir ynkst velkomen likevel. Eigaren driv med oppussing men har eit par kameratar innom. Karane tek seg una cerveza. Ángel Lopez er ein triveleg kar som set i å banna på norsk så snart han finn ut kvar framandkaren stammar frå. Han vore på båt ein gong i tida, og dermed opparbeidd seg eit visst vokabular. Utlendingar som har vore på norsk båt presenterer seg gjerne med eit meir eller mindre overbevisande Fy fan, slik var det her òg.

Eine kameraten er tidlegare ordførar, den andre lokal kulturansvarleg i Partido Revolucionario Institucional (PRI). Ølet får eg ikkje betala og ein kosar seg skvett i hel i godt selskap. Tida går fort, bussen går snart, ein lyt utan å ha lyst ta farvel med selskapet. På bussen høyrest det fort at ein og anna amerikanar på langhelg har drive i land her. Innser at eg like godt kan starta den kulturelle omstillingsprosessen.

Dette er den lengste molo eg har sett min fot på. Seks kilometeren strekkjer den seg utover i golfen. Det kom vel med at eg hadde rekna god tid. Kor vel kom snart for ein dag. Her ute fanst ikkje bilettkontor, eg var så naiv at eg hadde rekna dette som sjølvsagt. Me fekk beskjed om at det snart kom "nokon" for å selgja bilettar. Det gjorde det òg men problema var ikkje over med dét. Eg hadde kvitta med med alle mine pesos, skulle på enkelt vis kjøpa billett med kort i terminalbygningen, må vita. Eg fekk fyrst opplyst at eg måtte RINGJA til USA, kjøpa på kortet og få eit referansenummer slik at dei kunne gje meg billetten her. Haken var at telefonlinjene ikkje var strekte ut på moloen enno! Dette var Mexico vart det sagt, det er ikkje alltid det klaffar, eg fekk ta det som det var. Eg tykte IKKJE det var moro lenger og fekk forhandla meg til at eg kunne ta drosje inn att til byen, ta ut pengar og betala med "efectivos" (kontantar). Ordet "efectivo" fekk meg til å bli ironisk stemt.

Drosjesjåføren fortalde at moloen var heilt ny og at ingen hadde tenkt på at det kunne vera nyttig med telefon på ein ferjeterminal. Ein kunne vera glad til at dei hadde straum... Fekk nesten hjartestans då fyrste mini-banken ikkje virka. Den neste slo til, spydde ut sine "efectivos", snart sto eg lukkeleg med ein neve knitrande pesos handa og godt håp om å koma heim til jul. I tillegg hadde eg fått køyrt til saman 18 km på ein gudsforlaten molo. Dét vil knappast nokon turist ved sine fulle fem gjera meg etter.

Der ute på "El Muelle" knotta dei meg inn på LapTop'ane sine og eg FEKK bilett! Men sjølv i emigrasjonen fekk eg kluss. "Kvifor har du ikkje stempel inn i Mexico og ut av USA?" "Ingen spurde om det", sa eg, eg gjekk til fots over ei bru i Laredo! "Muy extrańo todo eso" (svært merkeleg alt dette), meinte passkontrolløren. Eg nemde på at eg godt kunne ha vore på Cuba utan at NOKON korkje nord eller sør for Rio Grande hadde visst noko. Passkontrolløren var ikkje så bekymra over akkurat DET, ynskte meg berre Buen Viaje.

Eg kom meg altså om bord, men med langt meir trøbbel enn ein er vand med frå Vippetangen og Skoltegrunnskaien. M/S Scotia Prince hadde noko uniskjenneleg norsk over seg, og det viste seg fort at det var nordmenn blandt mannskapet. Sjefspursaren, Klaus Bockmann, fann ut at eg var norsk. Den fyrste nordmann på Yucatan Express nokon gong fekk dermed tildelt ein langt finare lugar enn folk av min rang og betalingsvilje har krav på. Har aldri budd i slik luksus ombord i ein bår før. Dette skulle bli ei kjærkomen forandring frå dei lange bussturane nattestid. Dette er òg den lengste båt-tur eg har vore på, 32 timar tek det til Tampa.

Det vart ein tidleg kveld, det einaste eg registrerte var at her gjaldt dollaren åleine og at stikkontaktane enno var norske. No kunne eg i det minste få lada mobilen så dermed hadde eg på ny vekkjarklokke (trudde eg). Ved nærare ettersyn var det fordømde APPARATET sporlaust borte.

Lista over ting på avvege sidan reisinga starta, veks stadig. Her veit ein ikkje om det er snakk om tjuveri eller eins eigen manglande evne til å ta vare på eignelutar. Sist eg VEIT eg hadde den var i Guanajuato!

Er vorten så vand med svinn at slikt knappast ergrar meg lenger. "Litt svinn mao ein rekna med", var det ein frå Framfjorden som sa då han mista julepakkane på sjøen. Det var god kontorplass på lugaren, eg fekk skrive litt reisebrev.

No er det farvel til Mexico, eit land som i lengre tid har stått heilt øvst på lista over land eg hadde lyst å reisa til. Det svarde til forventningane på omtrent alle område: folk, kontrastane, mangfoldet, det yrande livet, naturen. Viktigast av alt: ein kjende seg velkommen kvar ein fôr. Som ellers i Latin-Amerika må ein berre venja seg til med at det sjeldan er stilt. Noko lagar stadig lyd; er det ikkje folk så er det ein radio eller eit høgtalaranlegg.

Einaste skuffelsen var maten, vil hevda at eg jamnt over har ete betre såkalla meksikansk mat i Norge Prisane er hyggelege, om ikkje like låge som i Aust-Europa. Det er lettvint og komfortabelt å ta seg fram, då med buss som det beste og oftast einaste alternativet. Den påstått høge kriminaliteten slapp eg unna, men var ekstra påpasseleg. Alt i alt var dei tre vekene sør for Rio Grande blandt dei mest minneverdige på alle desse åtte månandane.


MS Scotia Prince

9/12-2002 (dag 61)

Dette er fyrste gong i livet eg har vore på ein båt ein heil dag. Kortar den inn med å sova til klokka eitt, får svi for dei lange bussnettene i Mexico. Veret er grått; mildt og fuktig utan at det regnar. Dagen går utan dei store hendingane (ein vonar då i det lengste å unngå dramatikk ute på havet). Snakkar lenge med eit psykolog/forfattar-par frå Florida som eg kom i prat med i Progreso i går.

Ellers er det lagt opp til eit omfattande program for dei meir eller mindre ihelkjeda passasjerane. Ferjeselskapet, Yucatan Express, kallar dette eit cruise, noko som eg ikkje skal motsei ettersom eg aldri har vore på verkeleg "cruise" før. Likevel hadde eg førestilt meg eit cruise som endå meir luksuriøst (og ein del dyrare). Men i brosjyren står det at lugaren min er "delujo", så eg har det slett ikkje ille.

Passasjerane er stort sett amerikanarar på min alder og vel så det. Det er sikkert eit avslappande avbrot for den som berre vil kvila ut. Noko å oppleva utafor båten er det IKKJE; berre dn endelause grå himmelen og eit grått hav.

Underhaldninga tek eg lite del i: Napkin Folding Class (it's easy and fun), bingo, Line-Dance Lessons, Making Roses with Rani, Magic Glass with Dan, Scavenger Hunt, .... er berre nokre av aktivitetane. Dessutan er det konkurranse mellom ektepar (Not-So Newly Wed Game) om kor godt dei kjenner kvarandre. Har ei kjensle av å ha sett dette på fjernsyn, eg er i alle fall ikkje i tvil kva land denne subkulturen stammar frå. Underhaldninga dekkar kvart minutt på dagen, ein SKAL ikkje kjeda seg, om naudsynt underhaldast til dauden. Avslutninga er "Back to the 70's" med The Ray Kennedy Entertainers og The Yucatan Express Quartet. Dette siste var ei proff framføring av 70-tals disco, svært bra til båtunderhaldning å vera.


Tampa

10/12-2002 (dag 62)

Det var godt å sjå båten leggja til trass den avslappande overfarten. Same kor fint ein har det ombord, sig monotonien inn i sjela som ein kvelande, luktfri gass. Den store fordelen er at ein er utkvild og dermed i det minste har POTENSIALE for å koma i godt humør. Eg ser fram til nokre siste dagar i Florida med avslapping. Har lese litt om Tampa og bestemmer meg for å berre bli i byen så lenge eg kan, har ingen trang lenger til å slita meg ut for å sjå mest mogeleg. Hadde fabla litt om Key West, men giddaløysa kveler eventyrlysta så snart den ein sjeldan gong dukkar opp. Gler meg til å koma heim, er mentalt i ferd med å avslutta desse 8 månadane på tur. Har opplevd utruleg mykje, men òg funne ut ein del om kor store dosar reising eg toler før glansen forsvinn.

USA er på ny i sikte, nærare bestemt staten Florida som eg forlet ein regntung, bedriten kveld for over ein månad sidan. Denne gongen kjem eg til vestkysten av delstaten. Passkontroll og toll går utan dramatikk, var litt redd for at det manglande stempelet ut av USA kunne bety skarpskodde spørsmål og at eg kunne bli offer for den rådande nasjonale paranoia. Heldigvis har eg utsjåandemessig lite sams med Mullah Krekar og hans likesinna.

På kaien Tampa blir eg med ein gong minna om kva land eg er komen til: transport finst ikkje, ja kvifor skulle det no det ? Drosje då ? Ikkje dčt heller. Telefon ? Ikkje anna å sjå enn ei dame som står med ei klyngje svarte apparat av den gamle sorten og koblar det opp mot ein boks. Eg spurde kva i all verda dette skal bety ? Svaret var innlysande. Her på kaien var det lite som føregjekk utanom når båtar var innom. Telefonselskapet hadde av rentabilitets-grunnar fjerna einaste kiosken i området. Marknaden har som me veit alltid rett, og i USA har den meir rett enn i noko anna land. Dama frå Filipinane såg her si nisje; ho tok med eit lass telefonar og kobla dei til akkurat medan båtane kom til kai.

Velkomen på Gram's Place, Tampa.

Fuktig nattstemning på herberget.

Heldigvis ordna det seg med skyss; Yucatan Express hadde eigen sjåfør, ein enorm neger frå New York som attpå til snakka klår og tydeleg engelsk. Dei er nok lettare å forstå der oppe, eg fekk aldri heilt drag på sørstats-dialektane, i alle fall ikkje den svarte varianten. Kjend i Tampa var han ikkje så eg ba han setja meg av i Ybor City, nær sentrum. På kartet såg det ut til å vera kort veg dit eg skulle overnatta.

Tok eit hyggeleg farvel med dei andre i bilen og gjekk rett på kafé. Dette var av typen med eit utall kaffi-sortar, og det smakte i alle fall godt. Det slo meg kor reint å ryddig det var her, ein velkommne forandring frå landet eg nettopp var komen frå. Ybor City er ein såkalla "regenerated urban area". Tidlegare var bydelen senter for tobakksindustrien, no er den eit populært underhaldnings og handels-senter. Det vrimlar av butikkar, barar og kafear.

Det viste seg eg hadde vurdert avstandane heilt gale. Det tok sikkert 45 minutt å gå til Gram's Place, der eg ville overnatta. Eit av områda eg traska gjennom var attpåtil av det slaget ein etter boka skal halda seg langt unna. Kjende meg sårbar der eg gjekk med alt eg eigde på meg, langa ut og kasta forskremde blikk framom og bakom, har knapt vore slik på vakt sidan tredagars-øvelsen i militæret. Nebraska Avenue i Tampa er ikkje staden for å finna tryggleik og ro. Kom meg skundsamt over til North Ola Avenue der addressa mi var. Gatene her er enormt lange, eg kom inn nær nummer 1000, men skulle til 3109 så det var lenge att!

I North Ola Av. roa eg meg, lite folk, typiske sørstats-hus, etnisk blanding (dvs. ikkje BERRE svarte). Det var ein fuktig dag, hadde nettop regna. Vegetasjonen er frodig, det heng spansk mose på trea akkurat som nede i sumpen. Likte stemninga og tok til å storkosa meg trass vekta av ryggsekken og nyleg overvunnen angst. Gram's Place hadde eg lese om i Roug Guide. Det er eit herberge med eige plate-studio i kjellaren og har sterke knytingar til musikken. Namnet er henta frå Gram Parsons, ein forlengst død musikar som er rekna som country-rockens far.

Det var berre såvidt eg fann staden, likna mest på eit bølgjeblekk-skur. Det varde og rekk før nokon svara, men endeleg kom nokon ut og opplyste om at eigaren er tilbake klokka 2. Likevel dukka han opp med ein gong!

Eigaren Mark Holland, er ein pratsam kar. Midt oppi tingingane om kvar eg skal liggja, (inne på pensjonatet eller i herberget under bylgjeblekket) kom han med fylgjande breidside mot sitt mektige fedreland:

  1. This country sucks!
  2. Our president is a dictator!
  3. We've killed more people than Hitler!

Innehavaren er sterkt prega av negative haldningar til det sitjande regime..

Underteikna protesterer. Kvifor MÅ ein blanda Adolf Hitler inn i alt mogeleg ein ikkje personleg tykkjer om?

Utsagn 1) tykkjer eg av prinsipp er for enkelt for å beskriva ein heil nasjon sjølv om eg ofte grip meg i å tenkja akkurate dei same tankane om akkurat same landet!

Utsagn 2)? Al Gore fekk trass alt fleire stemmer enn George W Bush, dermed ikkje så rart at det kolliderer med mange sin rettferds-sans.

Utsagn 3) kan nok òg stemma men i så fall er det over eit langt lengre tidsrom enn dei 12 åra Hitler fekk til å driva ugjerningane sine. Ein skal heller ikkje gløyma at USA spela ei avgjerande rolle i å gjera det av med tyranniet i Europa.

Mark var ikkje i det forsonlege hjørna i høve til sitt heimland, så innvendigane var nyttelause.

Får installert meg i blekkskuret. Dette høyrest primitivt ut men er i orden i varme strok som dette. Der inne ligg ein kar og søv saman med gitaren sin. Denslags eksentrisk framferd har eg berre høyrt om. Det seiest at Jimi Hendrix hadde same vane. Soldat-kameratane hans i Vietnam konkluderte heilt korrekt med at mannen var gal. I dette tilfellet ventar eg med å fastslå mistanken til den mannen det her er tale om vaknar.

Pratar meir med Mark, eller rattare: han pratar medan eg slepp til inni mellom. Han hadde fått innprenta i oppveksten at "we are the free-est nation on earth". Ein tur til Nederland viska ut all den lærdomen. No er han Holland-frelst og har delvis innreia Gram's Place som nederlandsk temahus. Det står skilt med Gram Straat utafor. Likevel er musikken det store temaet her. Roleg country/rock frå perioden 1965-1975 er strøymer ut av krokane, såpass høgt at ein høyrer songane, men aldri slik at det blir stressande. Stemninga er avslappande, brukar ein del tid berre på å sjå på musikk-plakatar. Det er sett opp gangbruer opp på taket og mellom tre. Utafrå ser det ut som ei rønne, men skinnet bedrar.

Mark meiner det er trygt å inn til byen. Det er rettnok eit dårleg strok rundt Nebraska Av, men han hadde aldri høyrt om at nokon hadde vorte ute for noko. "They will panhandle you at most", vert det sagt. Hadde ofte lurt på kva "panhandle" betydde, men det gjekk opp for meg at det må bety å tigga. Har aldri høyrt ordet brukt i England.

Mannen med gitaren har vakna, han heiter Scott og er musikar. Dei andre gjestene er eit ungt par som nettopp er komne tilbake frå ein tur i Aust-Europa. No driv dei rundt på jakt etter arbeid. Har møtt mange unge amerikanar som "rek" på denne måten. Dei snur seg fort, har ikkje så mange faste planar og rette linjer.

Eg tek føtane fatt inn att til Ybor City, beroliga av Mark. Er korkje ute for "panhandling" eller anna "handling". Er innom ein musikk-butikk og ser meg ut DVD-ar, finn deretter den flotte puben Barley Hopper. Med 48 fatøl kan ein øljeger fort gløyma alle rasjonell, sjølvpålagd disiplin. Held meg til det lokale Ybor Gold som det er klasse over, prøver så eit par andre. Maten er òg bra: "Bangers and Mash" smakar langt betre enn den engelske originalen. Stortrivst her i Tampa, slappar skikkeleg av og har ingenting av keisemda eg sleit med før eg reiste til Mexico. På Green Iguana såg eg europeisk fotball for fyrste gong sidan oktober. Det var velkomment å sjå Ajax valsa ned usympatiske Lazio.

På tide å gi seg på heimveg, men det skulle visa seg at valget om å GÅ ikkje var det noko godt trekk. Dømekrafta etter 8-9 øl kan ha vore under det tilrådelege. I ei mindre gate nær Greyhound-stasjonen vart eg stoppa av to karar som spurde om noko. Utan meir preik tok den eine tak i ryggsekken min (liten tursekk). Eg heldt instinktivt att. Då klinka den andre til meg på haka. Eg gjekk rett ned men utan å svima av. Skimta dei utav augekroken i det dei sprang inn mellom husa og forsvann. Eg innsåg med ein gong at den sekken var "history" (sitat han politimannen i Lakeland som for 7 veker sidan hadde avskrive lommeboka mi).

Resten gjekk av seg sjølv, eg hadde prosedyra klar: få tak i politi og nødvendige papir. Viste ikkje sikkert kvar eg var, så eg stilte meg opp i eit vegkryss. Dette var like skremmande som sjølve ranet; ingen av dei som sat i bilane torde hjelpa meg, dei modigaste rulla rettnok ned vindauga og peika mot Greyhound-stasjonen. Endeleg kom ein kar til fots og viste meg vegen. Eg hadde vore heldig, lommeboka i shortsen tok dei ikkje. Slaget var hardt, truleg med slåsthanske, eg fekk ein kul på haka. Likevel hadde eg flaks som ikkje fekk det i tanngarden eller på nasa. Overfallet vart altså utført med presisjon og minimal "colateral damage".

Det var mykje folk ute, det hadde vore Dave Matthews konsert i Tampa i kveld. Fekk tak i ein vektar, forklarde kva som hadde skjedd. Han lyste meg inn i augo for å sikra seg om at dei peika rette vegen. Det såg bra ut, meinte han. Det varde litt før "lova" kom, men så rulla Officer Barnes inn og tok saka.

Som i Lakeland vart det spurt om det var "blacks or hispanics" som sto for udåden. Det var nok det fyrste, sa eg, den eine likna på Ruud Gullit. På signalement ellers var eg like vis, det skjedde fort og det var mørkt.

Alt vart tasta inn på ein bærbar PC, eg fekk saksnummer og vart deretter teken med for å finna att åstaden. Det klarde eg IKKJE, bylandskapet tek seg annaleis ut frå ein bil. Eg hadde ikkje samla meg nok til å legga merke til gatenamn i det eg kravla meg på føtene. Det som var ille var tapet av eit godt kamera, men pengemessig vert det berre eigenandelen. Heldigvis var det svært få bilete på minnekortet då det skjedde. Ein reiseguide og ein sekk er berre vanleg svinn etter mine etterkvart utvida taps-begrep. Mista reise-notatboka mi med m.a. addresser og øl-logg. Den siste er oppdatert på internett, så det betydde lite.

Til slutt opplyste Officer Barnes til ein kollega på telefonen at "I am going to take my victim home". Eg vart som hjelpelaust offer køyrd i politibil til North Ola Av. Eg må for andre gong i Florida rosa politiet for god og profesjonell hjelp. Håpar eg ikkje treng meir av deira assistanse på ei stund ...


Tampa

11/12-2002 (dag 63)

Resultat av ublidt møte med overfallsmenn.

Godt øl på Barley Hopper.

Mark sa berre "bad, very bad" då han høyrde kva som hadde skjedd. "You are lucky to be alive!". Eg innser at det hadde gått bra trass alt, men støkken sat godt i. No skulle det bli slutt på gatevandring i myrkna.

Eg gjekk ned Nebraska Avenue. Gata er lurvete, folk som berre heng og glanar, tiggarar og fyllikar. Dette var IKKJE gata eg vart rana i, så eg får tru Mark når han seier det er trygt. Eg gjekk likevel FORT ned mot Amtrak-stasjonen i nummer 600, ville ta toget til Miami tidleg fredag morgon. Union Station er ein flott ny-oppussa bygning i eit forfalle område.

Dei krev passet mitt for å selgja billett men får reservert. Det blir ny tur i morgon for å gjera opp. Toget kjem heilt frå New York, men vert fortald at det sjeldan er meir enn ein time forseinka. Det er fire timar frå planlagd togankomst i Miami til flyet skulle gå, så eg tek sjansen.

Tilbake på Barley Hopper i Ybor City, vart det same prosedyre som i går men med meir måtelege mengder øl. Kjøpte DVD-ar og CD-ar i store mengder, ein CD-walkman og diverse småting. Slikt er gode prisar på her i landet.

Ybor City har ein spesiell plass i historia om Cuba. Det var her José Martí grunnla rørsla som med amerikansk hjelp frigjorde Cuba frå det spanske kolonistyret. Martí er nasjonalhelt, òg under det noverande regimet. Bydelen er òg ein del av historia om sigar-industrien i Florida. Her var det store cubanske innslag, merk at dette var lenge før Castro!

Er heimom att med handleposane mine, brukar resten av dagen til Tampa Downtown. Den har det same preget som andre "downtowns", dominert av skyskraparar. Ikkje det mest spennande, men eg får kjøpt nytt kamera og et godt på Downtown Sportsbar. Her visest ikkje soccer men football, dvs. amerikansk fotball. Klok av skade tek eg buss heim, vil ikkje bli køyrd heim i politibil kvar kveld.

Transport-systemet i Tampa er moderne og effektivt, dei har til og med eit skjenegåande system. I flatevidde er byen svær, i så måte lik Jacksonville og Miami, dei to andre storbyane i Florida eg kjenner.

På Gram's Place er stemninga fin. Scott med gitaren er ein triveleg kar, og snorkar ikkje. Mark fortel om tilknyninga til Gram Parsons. Har har som den einaste laga ein dokumentar-video om musikaren. Gram's Place er ein funn for dei som likar det litt sært, gjerne bur enkelt og som er glad i musikk. Kvelden avslutta heldigvis langt mindre dramatisk enn den føregåande.

Gram Parsons er rekna som den viktigaste mannen bak den musikk-stilen som etterkvart vart kalla country-rock. Han vart kjend som medlem av The Byrds, LP-en Sweetheart of the Rodeo er omtala som den fyrste country-rock LP. Han ga seinare ut meir, både solo og som medlem av Flying Burrito Brothers. Gram Parsons døydde av ein overdose i 1973. Han hadde stor innvirking på artistar som Emmylou Harris (som han ga ut plate med) og Eagles. Norske artistar som Hellbillies og Dumdum Boys har òg henta ein del, at dei siste har vorte inspirert av Parsons er ikkje umiddelbart innlysande. Parsons var fødd i Winter Haven (nær Orlando), så han HAR lokal tilknytning.


Tampa

12/12-2002 (dag 64)

Gram's Place er ein studie i eksentrisitet, eit verkeleg "annerledes land". Sjølvsagt har dette sitt utspring i hovudet til Mark Holland. Heldig for ein sjelfull mann at han har kunna setja dei sprø og positive idéane sine ut i livet. Det beste av alt er dusjen. Eg spurde naivt kvar den var, hadde enno ikkje sett noko som likna på eit bad. "It's out there", var svaret. "Oh, yeah?". "There"! Dusjen var ute, eit avlukke ut mot gata. Nokre blekkplater var alt som skilde ein frå offentlegheita sitt innsyn. Her dusja ein i det fri, utsikt over North Ola Av., palmetre og spansk mose, hus pynta til jul med dei underlegaste staffasjar. Ein dusjar i palmesus, heile gata kan sjå kva ein har føre. "Good morning", seier ein forbipasserande i det ein distré vaskar sine genitaliar. Eg kan ikkje gjera anna enn å helsa høfleg tilbake trass reinsemdsyslene. Slikt blir eg i godt humør av. Amerikanarar er oftast hyggelege sjølv om enkelte av dei har ein lei trang til å villa rana meg.

Dette er ein dag utan andre plikter enn å sikra togbilletten til Miami. Plikter er vorte eit framandord etter kvart, lurer litt på korleis det blir å koma tilbake til A4-livet, stå opp kvar morgon og ikkje tylla i seg øl døgnet rundt. Det kan utvilsamt bli ein sterk overgang. Minnest eit eldre tysk ektepar eg møtte i Freistadt for lenge sidan. Mannen forklarde kvifor det var slutt på ferien med fylgjande teutonske fyndord: Ich habe Verpflictungen. Verpflictungen, forpliktelsar, obligations, obligaciones er bannord alle saman, men akkurat no kjennest det ikkje så ille som det KAN gjera under andre omstende.

Toalett og dusj ute i det fri.

Tampa Bay Brewing Company. Prøve-brett med alle produkta deira.

Går til fots ned Nebraska Avenue. Eg bur omtrent ved nummer 3109, Amtrak ligg ved 600. Altså 2500 husnummer ned, med andre ord 25 kvartal. Det eit stykke å gå, men eg likar å gå i byar. Til og med i USA, eit land der slikt er sett på som underleg framferd og ikkje utan grunn rekna som livsfarleg.

Nebraska Av. er ikkje befolka av eliten, dei fleste er svarte eller hispanics. Dermed har eg ikkje sagt at svarte og Hispanics IKKJE kan vera elite, men dei som bur her kan knapt reknast blandt samfunnstoppane. Fekk eit anfall av paranoia då eit par ungdommar som likna mistenkeleg på dei som overfall meg utbraut: "Hey, you don't want to come over to talk to us?" Deretter fylgde ein sprukken latter, som minte litt om Bill Cosby. Eg sette opp farten. Billetten vart henta, passet lagt fram og alt ordna med plastikk som ein gjer. So var det berre dagdriving att.

Etter det omskiftande livet eg har ført dei siste åtte månadane, er trangen etter nye opplevelsar borte. Grip meg i å VILLA ha faste vanar, noko som i dagleglivet ellers har stått meg fjernt. Dreg tilbake til "Barley Hopper" og et akkurat det same som for to dagar sidan! Ølet er like godt som dagane før. Servitrisa er òg den same. Hyggeleg er ho, men som sørstatsdamer flest langt frå ein fryd for auga (same kva sørstats-rockarar måtte meina når dei syng om "Southern Belles", "Georgia Peaches" og "Oooh, Them Southern Women").

Prøver og eit mikrobryggeri: Tampa Bay Brewing Company. Det blir fleire øl enn planlagd ettersom å få tak i ein drosje i dette landet kan ta like lang tid som bygginga av ein middelalderkatedral. Ybor City er ei anna verd enn ghettoen, her er ein ikkje redd for korkje liv eller eignelutar. Ein går trygt frå sakene sine i baren. Det styrtregnar, det er grunnen til at eg vil ha drosje heim. Ølet er svært godt, sjølv om det blir bydd fram i glas med amerikansk flagg på. Namna på desse øl-typane er idiotiske, å kalla eit øl "One-Night Stand" er absurd. Eit godt øl skal freista til gjentaking, altså er namnet eit døme på logisk harakiri. Skal den ærverdige malt-drykken bli dregen ned på drinknivå ? God Bless America, again ! (sitat: Charlie Daniels).

Endeleg kjem den forbanna drosjen, eg gjer meg klar til ei siste og tidleg natt i dette store land og blandt dette verdens største folk (sitat: Moammar Ghadaffi). Avreisa er i fem-tida, store sprell er det ikkje tid for. Scott skal òg tidleg opp (om han klarar å sleppa taket i gitaren sin). Pakkar alt ferdig, musikk DVD-ar, julegåver, heile mitt jordiske gods (my earthly belongings).


Tampa - Miami Airport

13/12-2002 (dag 65)

Endå ein etappa på veg heim. På region-tog mellom Hollywood og Miami Airport..

Drosjesjåføren er som alle drosjesjåførar "afro-american". Han er hyggeleg og snakkar svært så fin engelsk. Han var vore i militæret forklarar han og slike tunge institusjonar lærer tydelegvis folk av med sløv diksjon. Han får rikeleg med tips, fortenar det for den perfekte engelsken.

Union Station er ein fryd for auga, sjølv klokka seks om morgonen. Noko av det beste eg har sett uti stasjonsarkitekturens verden. Til og med juletreet får godkjent (det er det ikkje mange amerikanske juletre som får, medrekna latinamerikanske). Toget er mindre enn timen forseinka så ein slepp stress mht. til å rekka flyet.

Fyrste stasjon er Lakeland, her kryssar eg mine eigne spor for fyrste gong på turen. Har fylgje med ein prest som er på veg til den Dominikanske Republikk for å gifta einkvan. Nokon større kjemi mellom oss vert det ikkje.

Lenger sør lettar det tunge skydekket og ein er i syden. På stasjonen Hollywood skifter eg til Dade County (Miami) sitt lokale transport-system. Palmer finst her i alle fall, men kristtorn (som holly betyr), ser eg lite av. Det er godt og varmt, og ei stund å venta på denne stasjonen med det vidgjetne namnet.

Toget vidare er komfortabelt, to-etasjes tog er vanlege i USA. Høyrer ein kar som snakkar om "Norway" og vert forviten. Det viser seg at han er jøde og har vore på Husnes. Det må vera heller sjeldan å treffa jødar i Sunnhordland. Han fortel at det bur mange jødar i Miami. Byen har eige Holocaust-museum. Dette er ikkje sjeldsynt i Guds Eige Land, der Jahves Utvalde Folk hevdast å ha langt større innverknad enn folketalet deira skulle tilsei.

Tida på flyplassen er rein keisemd. Innsjekking, rutinar og handling. Det finst knapt noko meir sjel-laust ein reisande kan utsetjast for enn ein flyplass. Det nasjonale eller regionale særpreget er i liten grad tilstades, ein har avgrensa kjensle av å vera i eit bestemt land eller innafor ein bestemt kultur. Miami Airport er ikkje noko unnatak.

Vår eigen Gardermoen er eit heiderleg avvik. Ein av dei få flyplassane eg veit om med særpreg. Stansted i London er ein anna. Flyplassen i Jerevan (Armenia) hugsar eg av ein anna grunn; den hadde (i 1987) kandidaten til verdens verste flyplass-latrine. Baracoa på Cuba er òg ein fotnote verdt: der måtte me kravla over kvarandre for å få ut bagasjen.

Eg skreiv ei oppsummering om USA alt då eg forlet San Antonio i November. Skal ikkje leggja til så mykje her, anna enn at eit samfunn der folk er for redde til å hjelpa kvarandre må vera alvorleg sjukt. No veit eg ikkje om det er slik over heile det store landet, men det eg opplevde i Tampa etter ranet har brent seg inn. Rana kan ein bli i Oslo òg, men at 20-30 forbipaserande hadde rulla opp vindaugene og køyrt vidare hadde neppe skjedd. Dette er eit USA eg IKKJE vil ha importert, men et gjerne ein utskjelt amerikansk hamburgar.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk