![]() |
Reisebrev 12 14/12 - 16/12 2002 |
England (heimveg) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteLondon Cabinet War Rooms Stanstead Airport Torp Flyplass Ryanair Swiss Airlines |
(Miami Airport) - Zürich - London |
14/12-2002 | (dag 66) |
Flyging over Atlanteren er eit geisp, vil utvida dette til å gjelda alle flyturar. Eit par dårlege filmar, ein liten skjerm som innimellom viser eit kart med ruta og flyet sin posisjon. Ein får òg vita farten og høgda over havet, skiftevis i kilometer og miles. Flypassasjerar er sjeldan pratsame, unnataket er kanskje fulle nordmenn på veg til syden.
Snakkar litt med ei jente frå Israel som er på veg heim til jul. Ho bur i North Carolina og har som mange av sine landsmenn reist mykje i Latin-Amerika. Hugsar kor forbløffa eg var då eg på ei reise i Chile gong på gong trefte på unge israelarar. Dette vert forklart med eit dei får fri etter å ha gjennomført militærtenesta. Denne er 3 år for menn og 2 år for kvinnar, så ein kan forstå at dei gjerne vil lengst mogeleg vekk når dei er ferdige. Eg lurte på kvifor ein ikkje treffer så mange av dei i Europa. Det er dels eit pris-spørsmål vert det sagt, dessutan gjev Europa mange jødar ein vond smak i munnen. I likheit med mange av israelarane eg møtte i Chile snakkar òg denne jenta spansk.
Fyrste glimt av det gamle kontinentet: Alpane. |
Natta er kort ettersom me flyg MOT solretninga. Det er ljos dag når Alpane dukkar opp, og ein får heimekjensla over seg. Ikkje at Sveits er noko heimland, men det ligg tydelegvis ein viss Europeisk identitet gøymt inni meg. Denne dukkar opp akkurat no, det var godt å sjå det gamle kontinentet att i form av "Die Schweizerische Eidgenossenschaft".
Zürich har eg sett høgt oppe på lister over effektive flyplassar. Dette interesserar meg ikkje allverda no, merkar at eg er stuptrøytt. Får beskjed om at flyet vidare til London er overbooka, og det blir leita etter frivillige som kan ta eit seinare fly. Eg melder meg sjølv om eg må avlysa eit planlagd besøk hjå Emil og Veronica i Birmingham. Dette hadde vorte stress uansett, no kjenner eg meg som ein salmiakk-bleika, utvaska skureklut. Får i tillegg 200 frank for bryet, det kan koma vel med i den styggdyre britiske hovudstaden. Det blir to overnattingar der i staden for tur til Birmingham. Eg ringjer Veronica og beklagar avlysinga. Måtte òg avlysa på veg OVER Atlanteren så dei er neppe imponert. Apatien er total, så det hadde ikkje vore selskap i meg under noko høve.
Får i meg frukost og er klar til nest-siste etappe før Oslo. Det nye flyet skal til Heathrow i staden for City Airport. Heathrow er ein flyplass eg mang ein gong har forbanna. Terminal 1 er spesielt ille med køar på tvers av gåretninga til dei som IKKJE står i kø. Flyplassen har heile 5 terminalar og er den største i Europa. Det er ikkje lett å finna fram her, sjølv for reisevande.
For andre gong på turen har Swiss rota vekk bagasjen min, men er godt vand med denne prosedyren etter lang erfaring med Qualiflyer-partnaren Sabena og bagasje på avvege. Rart at det er denne flyalliansen som ALLTID rotar vekk sakene mine. Det har skjedd på veg til Venezia, Miami, Wien og Brussel, kan i farten ikkje hugsa slikt med andre flyselskap.
Eit framsteg på Heathrow sidan sist (1997), er at det no går jernbane inn til London. Før var det ein time på buss eller undergunn, den siste eit mareritt når med bagasje. Heathrow Airport Link er ei meir moderne verd, ein er inne på Paddington Station på ein liten halvtime.
Hotell fekk eg via formidlinga på Paddington Station. Namnet gidd eg ikkje hugsa men det ligg nær Victoria i Sør-London. Som vanleg i London var det dyrt, £35 med do på gangen og bibel i skuffen. Det vert ein lang lur, storbyopplevelsane blir forsaka for draumelaus sømn. Hotellet er typisk engelsk; den flotte resepsjonen gøymer kummerlege rom, lurvete vegg-til-vegg teppe og eit fjernsyn som dei må ha henta på dynga.
Snakkar litt med Janet og Linda, to tidlegare kollegaer ved Liverpool University. Linda og eg avtalar å ta ein tur inn til byen i morgon. Ho arbeidar i Oxford så det er ikkje langt. Arbeidsplassen er Oxford University Press, så er det engelske ord ein lurer på har ein her rette instans. Linda må vera ein av dei mest ordhage personar eg nokon gong har møtt.
Tek ein tur ut, pustar djupt inn, og velsignar London. Har alltid likt denne byen, sjølv om glansen har falma noko etter gjentatte besøk og nesten ni år som innbyggjar av England. No kjennest kontrasten til USA skrikande: her er det LIV i gatene, folk GÅR, ein kjenner seg som menneske utan at ein sit på fire hjul. Kjenner at eg er i Europa sjølv om eg er i hovudstaden i eit land med eit schizofrent forhold til nettopp dette ordet. Å omtala London som ein europeisk by blir likevel for snevert. Den er fyrst og fremst ein verdensby, her finn ein innslag av dei fleste kulturar på kloden, men ein er samstundes klar over at ein er i Storbritannia.
Ein tur på puben høyrer med. Den engelske puben er ein kjær institusjon, enno har London ei mengde lune, innbydande "Public Houses" med den lågmælte, siviliserte atmosfæren som særpregar klassiske britiske pubar. Den fyrste eg går på er av denne typen, eg kosar meg glugg i hel. Denne kjensla varer heilt til eg får maten. I England kan eit møte med gastronomien knekkja eit kvart tilløp til positiv tenkjing. Det blir sagt at engelskmenn oppfann bordtalen for å få folk til å gløyma maten. Dei burde ha funne opp bordbøna òg. I alle fall treng få nasjonar den meir enn den engelske. Den siste puben, Lord Burleigh viser ei anna side. Den er trang og røykfylt med herja klientell. Herrar som damer ber på i overkant mykje feitt. Dei falma damene i 40-åra er pressa inn i dei trangaste gevantar. Resultatet er tvilsamt sett frå ein estetisk ståstad.
London |
15/12-2002 | (dag 67) |
Hadde avtala med Linda at ho ikkje skulle måtte koma til London for tidleg ettersom eg skulle sova! Dette var eit godt valg. Eg var rettnok oppe og åt frukost, men det kunne eg spart meg. "Continental breakfast" på engelsk vis kan ikkje måla seg med den feitt-drypande men smaksrike "English breakfast". Sovna att men vart klar til lunsj. Då var Linda på veg til Victoria Station, òg etter ein del kvilelaus vandring under eit skilt merka "Meeting Point", fann eg ho. Etter ein kaffikopp var det alt tid for lunsj.
Westminster Abbey. |
Portrett av Sir Winston Churchill i The Cabinet War Rooms. |
Som vanleg var eg heilt likegyldig til kvar og kva me skulle eta. Det var ikkje Linda, her er ho heilt lik (nesten) alle sine medsystrer i alle land. Eg vart styrt inn på ei amerikansk kjede av alle ting. Maten var grei den, eit måltid kan uansett ikkje øydeleggja dagen. DET kan det derimot for det kvinnelege kjønn, difor må ein under eit kvart omstende la damer bestemma i slike tilhøve. Slik held ein seg sjølv skadelaus, jamvel om ein ALDRI kan vera heilt trygg mot å måtta stå til ansvar for eventuelle feilgrep ein kelnar eller ein kokk måtte begå. Her må det leggjast til at Linda er av dei enklare.
Museuemsvalget bestemde eg, på ein ruskete dag er London perfekt til dei mange musea. The Cabinet War Rooms ligg i gangavstand frå Victoria St., ikkje langt frå Buckingham Palace. Her heldt den britiske regjeringa til under andre verdskrigen, i dag er det utstilling og museum. Fokus er mest på Winston Churchill men museet har òg ei rik framstilling av både dei almennhistoriske sidene ved krigen og livet i bunkeren. Opplegget er gjennomført, ein får med seg ein bandopptakar og blir med denne dirigert rundt. Dermed har ein fordelen med guida tur utan kvalene med å gå i flokk. Oppttaket er ispedd utdrag frå radiotalar. Cabinet War Rooms er varmt tilrådd for alle som er interressert i historie.
Sir Winston Leonard Spencer Churchill vart fødd i 1874 på Blenheim Palace i Oxfordshire. Foreldra var av dei høgre lag, faren ingen ringare enn Lord Randolph Churchill, ein slektning av Hertugen av Marlborough (merk: ikkje MARLBORO).
Churchill var ein uvanleg allsidig mann, forfattar, journalist, kunstmålar og politikar. Han er sjølvsagd mest kjend for det siste. Betydninga hans for utfallet av den andre verdskrigen er omdiskutert, men spørsmålet kva om? får ein aldri svar på. Samla hadde heldigvis dei allierte langt større ressursar enn fienden og ville vunne krigen uansett. Likevel var det ikkje før i 1941 at ein visste kven dei allierte var. I 1940 sto det Britiske Samveldet åleine mot fascistane og det er her me skal takka vår skapar for at Churchill var den han var, sat der han sat og gjorde det han gjorde. Hadde Storbritannia gjeve opp då, ville i det minste teke mykje lenger tid å samla ein allianse som kunne gjera ende på Nazi-Tyskland. Churchill tapte valget i 1945, velgjarane såg han mest som ein mann for dei store anledningar.
Churchill meistra det engelske språket i sjeldan grad, han skreiv tjukke bind, mest reine historiske verk. Dette fekk han ein Nobel-pris i litteratur for. Språket vart òg nådelaust brukt mot mostandarar. Av dei som fekk gjennomgå mest var Labour-leiarane, fyrst og fremst Clement Attlee: Attlee is a modest man who has a good deal to be modest about. A sheep in sheep's clothing. Om Ernest Bevin som Churchill såg dansa: This is not a dance, it is a workers movement (arbeidarrørsle).
Politisk var han konservativ, mot stemmerett for kvinner og sterkt antikommunistisk. Han sto for det meste i Tory-partiet men var og medlem av dei Liberale ein periode. Han er ein av dei få britiske paralamentsmedlemmane som har "crossed the floor" to gonger ( i Underhuset sit regjeringsparti og opposisjon rett over kvarandre på tribuneliknande, grøne seterader). Han var alltid ein omstrid politikar, stor i kjeften, humørsjuk og påstått drikkfeldig. Han er òg vorten kritisert for overgrep under 2. verdskrigen, med bombinga av Dresden i februar 1945 som det grøvste dømet.
Ein liten tur til Buckingham Palace høyrde med utan at turisten fekk opp den store entusiasmen. Me vart einige om å dra på Trafalgar Square for å sjå det norske juletreet. På vegen var me innom ein puben Halfway II Heaven som snart viste seg å vera mest for folk med alternativ seksuell legning. "Har du lagt merke til dette", spurde eg Linda. "Yes, I HAVE noticed!", var det kontante svaret. Då hadde nettopp to karar klina "in a rather noticeable manner". Linda hadde vore på homopub for fyrste gong sa ho. For meg som er så mykje på kneiper skjer det rett som det er, statistisk er det heilt uungåeleg. Dei fleste gongene har eg sikkert ikkje merka det heller.
Linda ved Trafalger Square, på veg til det norske juletreet. |
Me forandra omgivelsar, beundra treet og gjekk på kafé under kyrkja St.Martin in the Fields. Dette var langt meir vellukka med gode scones og ingen klining med anna enn smør. Trass det sure veret skal me vidare til Covent Garden, ein tidlegare overbygd marknad, no mest barar og trendy butikkar. Me går feil, Linda påstår ho veit vegen, eg er ikkje så sikker men fylgjer etter. Ser eit skilt med "Covent Garden" på, det peikar motsett. Linda hevdar nokon har snudd det, det hjelper ikkje at eg legg i mot. Fyrst når eitt til peikar same vegen blir faktamengda tung nok til å overtyda.
Et litt meir mat, ein pint på The Globe. Ølet har det fantastiske namnet "Batemans Rosey Nosey", eit rettleg julenisseøl, men har meir tilknytning til reinen Rudolf. Juletrea er på plass på pubane, om engelske julepynt-tradisjonar har det vorte utgytt ein del sarkasme opp gjennom åra.
Klokka er alt 10 då eg er tilbake, har fått mykje ut av ein regnsverdag så trist at den minner om scenar frå ein skoddefylt Dickens-roman. Det einaste som manglar så måte er tunge vektarsteg, herrar i flosshatt, gjeldsfengsel, fattighus og sadistiske skulemeistrar.
London - Oslo |
16/12-2002 | (dag 68) |
Scones i kaféen under St.Martin in the Fields. |
Å flyga rimeleg med Ryanair har sine bakdelar. Dei billegaste billettane er oftast for avgangar på ei tid på døgeret då anstendige borgarar er ikledd pyjames og natthue. Dei mest energiske har kanskje fått på seg silkeslåbroka. No har eg valgt å ha det slik, så lyden av vekkjarklokka 4:15 om morgonen kan eg sakleg sett ikkje klaga på til trass for at sjølve tildragelsen er ein eksistensiell prøvelse på linje med eit tannlegebesøk.
Hadde bestilt drosje ned til Victoria St. kvelden før, deretter skulle eg ta undergrunn til Liverpool Street der toget til Stansted Airport går frå. Drosjen fekk dei ikkje tak i, men klok av skade hadde eg rekna tid til naudløysingar. Denne var å ta føtene fatt ned til Victoria. Sekken var steintung, full av julegåver og alt slags drags. Ved fyrste synet av ein drosje vart den praia, ikkje berre til Victoria men heilt til Liverpool Street. Ryggsekken tyngde meg like mykje i hovudet som på ryggen. Sømndrukken ombord i toget vart det meir tyngsle; hadde levert inn feil billet på veg hit i oktober. Heldigvis vart det ikkje oppdaga, ingen stilde nasevise spørsmål.
Innser fort at eg hadde forsømt flyet om eg ikkje hadde teke drosje i London. Det er uhorveleg langt å gå frå innsjekkinga på Stansted til "gate". Flyturen må eg ha sove gjennom, hugsar ikkje ansiktet på ein einaste medpassasjer. Torp er dekka i snø, minnest at eg hadde nokre emosjonar rundt det å vera tilbake i Norge. På bussen til Oslo sov eg sikkert òg, minneverdig var det knapt. Hugsar eg høyrde nord-norske stemmer, det slo meg kor variert Norge er. Det neste er Drammen, ein stad eg har reist gjennom uhorveleg mange gonger, men aldri har overnatta ein einaste gong.
Åtte månader med reise blir useremonielt avslutta med julemiddag på Opus, (Oslo S) og buss nummer 60 direkte heim til Nordalveien.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


