Reisebrev 2
16/5 - 22/5 2002

Hellas (Rodos)

Om reisebreva Informasjon om Hellas (frå BBC)
Map

Staden er gamlebyen i Rodos. Nett-kafé under open himmel, kallar se Mango Bar, tastaturet er Gresk, resten Microsoft. Veret er topp og ellers er alt som det skal vera. Skal no halda fram der eg slapp i Hamburg i forrige brev.


Rodos

16/5-2002 (dag 7)

Utsikt frå rom 5, Apollo Guesthouse.

Etter ein fin flytur med panorama-blikk over Mellom-Europa og Egear-havet, rota eg ein del før eg fann rutebussen inn til Rodos by. Mine tyske "Mitreisenden" var med i gruppe og vart dermed henta på flyplassen. Det var godt å sleppa pengevekslinga, euroen er ei praktisk nyskaping for oss turistar.

Sommar-temperatur er heller ikkje å forakta og etter all blåsten på Sylt var eg ikkje sein om å trekkja i shorts. Fann fort overnatting i gamlebyen, nok ein gong var Rough Guide god å ha.

Etter godt mottak på Apollo Guesthouse, måtte ein ut og mysa litt. Eg visste ingen ting om Rodos anna enn at det er eit populært reisemål og at gamlebyen skulle vera fin.

Erfaringa mi med masseturist-mål er avgrensa, så kvelden gjekk med til å glana som ein unge på alt det rare. Hadde sjølvsagt venta både Irsk Pub og "Warsteiner frisch vom Fass", og dette fann eg rettnok fort. Det tok seg vidare opp når eg i tur og orden kom over fylgjande: Bergens Tidende og Gazet van Antwerpen i kiosken, Systembolaget Pub, Suomalainen Ravintola, spritutsalg der heile reklamen var på finsk, og så prikken over i-en Romantika  Norway  Bar og Norske Feriebar Holiday, begge med digre norske flagg. Etter rettskrivinga å døma var begge dei "norske" stadene drivne av grekarar.

Eg hadde alt i Oslo høyrt at det var 17.mai-tog på Rodos og fann fort ut kvar det starta frå. Eg har ikkje noko sterkt forhold til nasjonaldagen, men i utlandet kjenner eg ei viss knyting til min ellers lite utvikla norske identitet. Kjøpte til og med ny habitt for dagen, merke-shorts (i fylgje selgjaren er Oakley stort) og matchande T-skjorte i batikk-trykk. Såg to andre t-skjorter eg likte. Ei sto det Marlboro på, den andre Che Guevara. Begge har etter mi vurdering lite med feiringa av Norges Grunnlov å gjera.


Rodos

17/5-2002 (dag 8)

17. mai tog i Rodos by.

Nasjonaldagen opprann med strålande sol, men det var påtakeleg mangel på lauvsprett, snødekte fjell og salutt. 17.Mai toget var til stor glede for både deltakarar og dei som såg på. Tilskodarane gliste og kom med tilrop som p.g.a vokal-fattigdomen i det greske (og andre) språk høyrdest omtrent slik ut: Heia Norge, Hora, Hora! For min del vart nasjonaldagen akkurat det (nasjonal), hadde lite å gjera med det framandkulturelle og unorske resten av dagen.

Kvelden vart markert fyrst med Dagsrevyen og Ingolf Håkon Teigene Deretter norsk måltid i Zum-Zum Bar. Laksen var frå Høyanger, akkurat som Einar Førde. Svinesteika betre enn ein er vand med heimefrå.

Kvelden vart feira til ut i dei små timar i lysløypa Orfanidou (Skandika) med hyggelege jenter frå Austfold.


Rodos (tur til Lindos)

18/5-2002 (dag 9)

Vakre Lindos.

Ein roleg dag trengst inni blandt, dette var ein av dei. Hadde ikkje anna føre ein ein tur med rutebussen til Lindos. Dette er ein kvitkalka småby 5 mil sørover på øya. Temmeleg eksklusivt og totalt dominert av turismen. Vakkert er det, byen ligg i ei bukt og festninga (Akropolis) ruvar over dei små, kvite husa. Her er engelskmennene i fleirtal, det vart sagt av kjendisar hadde hus her (m.a. ein av medlemmene i Pink Floyd).

Eg skal ta båten til Kreta i morgon tidleg klokka halv fem så det var dobbel grunn til å ta det med ro.


Rodos

19/5-2002 (dag 10)

Hadde kjøpt meg billett til Kreta med båten som gjekk kl. 4:30 om morgonen. Alt vart klart, vekkjarklokka på mobilen stilt inn, var sovna i trygg forvissing om at Finland's teknologiske flaggskip skulle føra ein i hamn. Det gjorde det òg, eg vakna 3:30 (norsk tid!!) frisk og opplagd, sekken var ferdigpakka, organiseringa var upåklageleg etter fleire hendelege uhell i det siste. Var no klar til å gi slepp på det dekadente syden-livet og gje meg ut på einsam vandring (trudde eg).

Det som trass dette skjedde med meg kan skje i den beste familie og blandt dei mest oppvakte. Det at eg hadde gløymt å stilla mobilen om til gresk tid har sjølvsagt ikkje noko med mine personlege eigenskapar (eller mangel på slike) å gjera, eg understrekar nok ein gong at dette er rein uflaks. Den som hevdar noko anna gjer det utan tvil av vondt sinnelag. Dei som kjenner meg veit at eg alltid er mentalt tilstade i einkvar situasjon. Nok om det!

Trøysteeting etter mislukka forsøk på å koma seg til Kreta.

Husverten Humberto på Apollo Guesthouse.

Eg gjekk likevel til kaien i håp om at sydlandsk mangel på punktlegheit skulle redda dagen. Dette slo ikkje til. Hamna var daud, havet kolsvart, horisonten uklår og utsiktene dystre. Eg banna inderleg og tusla slukøyra tilbake til pensjonatet. Her høyrde ingen at eg ringde på og dundra på døra. Fekk meg ein rundtur dragsande på ein tung, grøn og bedriten ryggsekk. Eg forbanna dei sjusovande kafé-eigarane som ikkje gidd opna sjappene sine så ein uheldig reisande kan få seg ein kaffi-skvett til tonane av hanegal.

Klokka 7 var endeleg ein av dei klar. Kjøpte Dagbladet og las med stor innleving om Tippeligaen og Ari Behn sin barndom, alt medan Rodos by vakna til liv. Slapp inn att på Apollo, og husverten Humberto gliste som berre ein latin-amerikanar kan då han skjøna kva som hadde hendt. Eg fekk rom og fire utilsikta dagar på Rodos!

Resten av dagen vart det soving, og om kvelden fest med ny-landa, topp-gira og livleg jente-gjeng frå Nordland.


Rodos

20/5-2002 (dag 11)

Roleg dag. Fyrste bevisste strandbesøk på heile turen. Eg har ingen tvangstankar om at ein absolutt bli brun i Syden, men tek det gjerne med når det høver seg slik. Tidleg i seng etter å ha ete mitt fyrste greske måltid (får vel meir av det etter som eg bevegar meg bort frå turist-straumen).


Rodos

21/5-2002 (dag 12)

På Minuit Night Club. Her blir posthornet teke i bruk for å sprita opp stemninga (som slett ikkje var dårleg før heller).

Meir dekadent strandliv og meir fest til langt på natt. Øl-loggen har no fått uhorvelege dimensjonar, veit ikkje heilt om eg torer å lesa den (knip att augene når eg legg inn ei ny linje). Heller urven i skrotten i dag. Eg kunne ofte i yngre dagar fnysa av pakke-turisme, men er no forbløffa over kor fort eg har tilpassa meg denne livs-stilen.

Gérard Depardieu uttala i filmen "La source en Provence" (Kjelda i Provence) fylgjande: Je cherche l'authentique (eg søkjer det autentiske). Det gjer forsåvidt eg òg men ikkje heile tida. Det eg no driv med er å dra det endå lenger: har ikkje snerta den greske autentikk utanom å ta rutebussen eit par gonger.

No ser eg rettnok rotekte skandinavar, engelskmenn og finnar men det var neppe dette den franske skodespelar med det velutvikla nasepartiet sikta til. Fordjuping i klassiske greske tema som Odysseen og Iliaden samt Platons idélære har vorte bortprioritert til fordel for nord-europeisk kultur flytta ned her i solsteiken.


Rodos (tur til Faliraki)

22/5-2002 (dag 13)

I dag var eg til Faliraki, ein engelsk "resort". Gassa meg med engelsk frukost, Newcastle Brown Ale og såg på Rugby Union mellom Lancashire og Yorkshire. Mine tidlegare landsmenn skuffar ikkje; like bleike og like prega av det som forståsegpåarar gjerne omtalar som dårleg smak (tackiness). I ei skiftande verd er det visse ting som aldri endrar seg, og takk for det! Faktisk, stranda i Faliraki er svært fin og den britiske kulturs meir abjekte sider (ikkje min ord; eg har det frå den engelske kvalitets-pressa), er langt frå så påtrengjande som ved piren i Blackpool.

Gatebilete frå gamlebyen.

Faliraki, britisk-dominert feriestad.

Ferja til Kreta går ikkje før 4.30 i morgon, men eg får vita at ein kan gå ombord k. 23 og dermed spara overnattingsutgifter. Som sagt så gjort.

Rodos - etterord

No stundar det mot slutten på opphaldet her på Rodos. Det vart nesten ei veke, noko lengre enn planlagt, men kva gjer no det ? Kreta står for tur. Det er ein stad alle unntake eg har vore, skal bli moro å sjå kva som trekkjer massane dit.

Skraphandel i gamlebyen.

Farvel til Rodos.

Byen Rodos er på storleik med Drammen, men med unntak av Aass Bryggeri har den meir med seg. Ein godt halden gamleby frå krosstogs-tida, flotte strender og kosmopolitisk stemning. Sjølvsagt overfløymd av turistar, men det betyr at det er mykje artig samla på ein stad. Eg kan koma til å sakna dette når eg om nokre veker sit einsam, utdriten og bortgløymd i ein avkrok på Balkan; utan å skjøna ein stavelse og med hovudverk av å tenkja på kva som skjedde med Partiets Leiande Rolle. Det får koma i eit anna kapittel.

Rodos kjem eg nok tilbake til, gjerne som utilslørt pakketurist.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk