![]() |
Reisebrev 3 23/5 - 31/5 2002 |
Hellas (Kreta) |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteKreta Agios Nikólaos Khaniá Samaria Agean Kathodon KTEL Lane Lines |
Rodos - Agios Nikólaos |
23/5-2002 | (dag 14) |
Innsegling til Agios Nikólaos. |
Denne gongen går eg ombord i Kreta-ferja (M/S Ierapetra) kl. 11 om kvelden sjølv om den ikkje har avgang før 4.30 om morgonen. Ein tek ingen sjansar etter feilskjeret for 4 dagar sidan.
Prøver å sova, meinte det ikkje trongst lugar. Golvet er hardt, liggjestolane dårlege, men til slutt finn eg eit slags kvilestilling ved å leggja meg over ein to-setar, såkalla sofa, med hovudet og føtene på kvar sin stol. Er vel eigentleg for gammal til slikt, men dette er meir eit resultat av dårleg planlegging enn av gnitenskap ("gjerrighet").
Frukosten tek eg i form av Nescafé og kirsebær-torte. Turen tek 12 timar og er svært så avslappande. Det bles rettnok hardt men på den store ferja merkar ein knapt dønningane. Me er innom dei heller nakne øyane Kárpathos og Kásos samt hamna Sitia heilt aust på Kreta. Her er eit heilt anna landskap enn på Rodos, høgare og villare fjell. Tek eit par øl på dekk med ein tysk vindmølle-teknikar (Ja, I zink it iz time vor a bier). Ferja går vidare vestover langs nordkysten på Kreta. Til slutt byr Agios Nikólaos på panorama-innsegling.
Ved hjelp av "Rough Guide" finn eg (på ny) fort overnatting, no i Green House. Det er billeg og med all grunn. Reinhaldet er tvilsamt og i dusjen er det så dårleg trykk at ein lurer på om det er meininga at ein skal vri dusjhovudet for å få dropane ut. Kattar flyg over alt men det er triveleg likevel. Vertinna tiltalar meg konsekvent som "Sir". Rommet har panel-vegger, det er nesten som å vera på hytta.
Agios Nikólaos |
24/5-2002 | (dag 15) |
Denne dagen gjer eg ingenting utanom å promenera, sitja på kafé og sjå på folk. Byen er ikkje noko spesielt i seg sjølv, men ligg fint til rundt hamna og "den botnlause sjø". Vatnet er krystall-klårt, omtrent alle strender har fått EU sitt blå flagg for reinsemd og høg standard. Det er langt meir ekslusivt her enn i Rodos by, mange britar av det meir danna slaget og ein del fin-grekarar. Franskmenn ser ein òg. Veit ikkje heilt om eg likar dette, det har eit visst snobbete Monaco/Mykonos preg, det anar meg at ein enkel landsens mann kan ha lite å henta her sosialt.
Britane dominerar, har sine eigne pubar. Eg prøver ein av dei. Namnet The Fluffy Duck (Den Dunete And) er så usannsynleg kitsch at eg må inn for å undersøkja. Det er som å koma tilbake til Nord-England. Alle snakkar med alle, ein kjenner instinktivt at ein er velkommen. Puben blir driven av Viki og Steve, eg blir ynskt velkommen på Liverpool-dialekt med "We just love Norwegians". Dette før eg rekk å avsløra at eg har budd i Liverpool nokre år. Då dette blir kjendt kjenner velviljen inger grenser. Eg drikk Guinness og blir dessutan spandert på over ein låg sko. Oppdagar at det heng dunete leike-ender i taket!
Musikken er bra, ein kosar seg reint for mykje, forfattaren av desse linjer blir snydens. Endene i taket blir endå meir dunete. Forlet lokalet som siste mann, ute på gata finn eg ut at mobilen er borte. Har likevel omdøme nok til å gå på Sorrento Bar for å ringja og sperra. Der er det berre velvilje; eg ringjer Telenor og proklamerar med tvilsam diksjon at eg ha' mysssjht mobilen. Etter dette fekk eg eit anfall av sunn dømmekraft og kom meg i seng.
På plass i baren på Fluffy Duck. |
Steve og Viki. |
Agios Nikólaos (tur til Elounda) |
25/5-2002 | (dag 16) |
Dette var ikkje bra, lenge sidan eg har vore så ute og køyra. Fann att mobilen i mitt eige rot i sekken. Reiste til Elounda like utafor Agios Nikólaos. Fin, roleg plass med lang-grunne strender. Hadde eg ikkje vore i så elendig form kunne eg reint ut ha trivest.
Tilbake i Ag Nik (typisk britisk forkorting) stikk eg innom ein anna bar og snakkar med ein ung georgiar som omtalar sin landsmann Stalin som "our father". Hadde Josef V. styrt no skulle han ha reist tilbake straks, for då hadde det vore orden i sakene! Eg tenkjer i kjetterske baner omtrent slik: Med ein tidel av folket i GULAG, millionar ihelsvoltne/skotne og resten stivna av skrekk; ja då blir det orden uansatt. Men i god lune og i godt lag overser ein gjerne historiske detaljar, let det meste stå uimotsagt.
Får opna mobilen att vhja faks, sperrenummeret hadde eg gløymt, full som eg var i går. Faksen kosta €15 (ca. 110 kroner). "It is very expensive", sa eg. "Yes, yes, very expensive!", svara mannen i sjappa uttrykkslaust, utan synleg medkjensle. Eg vart nesten sur. Det hjelpte rettnok på humøret at eg kunne ta i bruk mobilen att.
Stikk innom The Fluffy Duck og det er like moro som i går. Lovar å senda Steve ei Blackfoot CD (eg meinar han bør ha det i den ellers gode rocke-samlinga i baren). Blir annonsert som: A Norwegian, amazing fella' who speaks like Jan Molby. "Ay, this is a good man, give him a drink", let det frå ein av pub-gjestene, ein bestefar frå Liverpool. Eg takkar ja, men held klok av skade orden på kva eg heller i meg av assorterte fludia.
Neste stopp i lysløypa er Sorrento Bar der dei var så greia å lata meg ringja frå i går. Kjende att han som lånte meg telefonen, han likna på Mark Viduka, ein av spissane til Leeds. Det var stemning, det noko yngre publikumet var høgt oppe på rus-brus, Red Bull og Vodka. Det vart dansa på baren, bartendarane fungerte som innpiskarar. Eg viste no relativt måtehald med berre å drikka Amstel. Viste kulturell kompromiss-vilje ved å drikka rett av flaska, noko ein seriøs øl-drikkar ellers berre gjer i nauda.
Ein finsk Jim Morrison kom innom, noko som måtte påpeikast. Dette var ein stor kompliment; vedkomande var heilfrelst på The Doors. Kjem godt ut av det med ei flott (og døv) tysk dame, Iris. Me held samtale i gang ved hjelp av ledige sider i notisblokka mi. Vel ute merka eg att lommeboka var borte. Det er ingen grense på uhella mine. Ny ringjerunde med kort-sperring.
Full fart på Sorrento Bar. |
Nattstemning i Agios Nikólaos. |
Agios Nikólaos |
26/5-2002 | (dag 17) |
Utsliten og apatisk sluker eg Colaen i eitt gulp. Skjelv på handa så isbitane skranglar i det tomme glaset. Kjem i ei kortvarig Jakob Sande-stemning, men finn ut at å byrja eit nytt og betre liv er å overdriva. Livet er bra som det er, ein må berre føreta justering av kursen og slakka av på farten når det byrjar å gå over stokk og stein.
Eg får att lommeboka nede på Sorrento Bar, er tydeleg verna av gode féer på turen. No er det berre å kvila ut og førebu seg på eit roleg og asketisk liv. Lauslivanden tek på. Ein har vore både Ola Dunk og British Lager Lout samstundes. Det finst visstnok andre sider ved turist-livet: innslag av kultur og friluftsliv skal vera både givande og langt mindre slitsamt.
Har fått ei melding frå syster Møyfrid om at ho og ektemannen er komne til Syros. Eg endrar planane og bestemmer meg for å besøkja dei etter ein tur til Vest-Kreta.
Agios Nikólaos - Khaniá |
27/5-2002 | (dag 18) |
Knossos, 4000 år gamle krukker. |
Tidleg buss til Iraklio, hovudstaden på Kreta. Byen er stor (omtrent som Bergen), men har i fylgje guide-bøkene lite å by på.
Eg tek pause der og dreg til Knossos-ruinane, eit av dei tre palassa på Kreta som er att etter Minos-kulturen. Er med på guida tur med ei tysk gruppe. Som så ofte med omvisningar blir ein fort mett på fakta, det er grenser for kva eins stadig minkande hjerne maktar å ta unna. Heitt er det òg.
Minos-kulturen var høgt utvikla alt på salig Abraham si tid, men det tok ein brå slutt då vulkan-øya Thíra (Santorini) nord for her gjekk i lufta med eit dundrande brak, ca. 1550 før Kristus. Kreta vart så øydelagd av jordskjelv, brannar og flodbylgjer at den ikkje var bueleg. Kongehuset måtte flytta til Peloponnes.
Utbrotet på Santorini er den verste naturkatastrofa mennesket kjenner til. Atombombene i Hiroshima og Nagasaki vart kinaputtar i høve. Når ein ser Santorini i dag gjer det inntrykk kva krefter som ligg i naturen. Berre ei rand rundt krateret er att av øya, eit dramatisk monument over kva som bur i jorda sitt indre.
Turen går vidare vestover mot Khaniá med buss. Landskapet er storslege og variert: blått hav, høge fjell (opp mot 2500 meter), frodigare blir det etter kvart som me kjem lenger vest. Blomsterprakta har eg sjeldan sett maken til. I Lévka Óri (Dei Kvite Fjella), ligg det enno snø.
Framme på buss-stasjonen i Khaniá blir eg praia av ein pensjonat-eigar og får rimeleg overnatting i den moderne delen av byen. Likevel er det nær nok hamna og gamlebyen. Et sverdfisk på ei taverna nede ved sjøen. På veg tilbake slit eg fælt med å finna att pensjonatet, mørkt som det er i dei kronglete gatene. Lukka er på mi side då eg skal spørja om vegen i ein butikk, dottera til husverten er tilfeldigvis innom. Ho spanderer brus på meg og hjelper meg trygt på plass.
Khaniá (tur til Samaria) |
28/5-2002 | (dag 19) |
Grunnar for å reisa til Khaniá var det tre av: Samaria-kløfta, ferja vidare til Peloponnes og det at opptil fleire kjentfolk har vore her og har tilrådd staden.
Ettersom Møyfrid og Alfonso er komne til Syros, har eg droppa Peloponnes. Eg tek avgjerd om å bli tre dagar for å få med Samaria og byen. Det blir tid til overs for å skriva (anna enn øl-logg), lesa og roa ned etter "syden-ferien".
Er oppe klokka fem for å ta fyrste bussen opp til starten på Samaria-kløfta. Buss-stasjonen minner om liknande stader i det gamle Aust-Europa. Innbakt stank av gammal sigarett-røyk og andre odørar. Så som så med vedlikehaldet. I taket heng skitne lysstoff-røyr med assortement av daude insekt. Beteninga er ikkje av det mest imøtekomande slaget (dette i strak motseting til i turist-industrien, der ein blir jamt godt motteken).
Inntek min morgon-kaffi og baguette, det er ein del folk her allereie. Høglydte diskusjonar er i gong over morgonavisa. For fyrste gong ergrar det meg at eg ikkje kan gresk, det er eit sakn når ein kjem utafor turiststraumen. Bussen skal gå 6:15, men blir innstilt avdi det ikkje er nok folk! Etter arge utbrot frå dei få turistane og tilsig av nokre til, fer den likevel! Det går oppover gjennom appelsin- og oliven-hagar, eit flott syn i soloppgangen. Lufta er krystall-klår, ein gløymer at ein eigentleg skulle ha sove. Sjåføren har ei voldsom meiningsutveksling med billett-kontrolløren, fektar slik med armane at ein kan lura på om han ser på rattet som rein prydgjenstand.
På toppen av Samaria-kløfta. |
Ved utgangen i sør. |
Vel framme på toppen (1000 m.o.h) etter 90 minuttar på bussen, ber det rett ned i eit hol som overgår mang ein skuggedal på Vestlandet. Turistbussane er på plass, her blir ein ikkje åleine! Ein heil finsk skuletur er med på ferda, eg har òg ein del fylgje med hyggeleg italiensk ektepar og ein kar frå Taiwan. Det er berre 18 km ned til havet, men det er vrient nok, spesielt for underteikna som av manglande kjennskap til greske fjellvitreglar, legg i veg i sandalar.
Det går mykje langs eit elvegjel, tildels i sjølve faret. Dramatisk landskap, ein skjønar kvifor Samaria er rekna som ein av Hellas sine aller største attraksjonar. Lengst oppe er det reint norske forhold. Ein stad står det eit skilt som åtvarar mot fallande stein frå 1500 meter. Ein skulle i så fall kunna høyra dei før ein får dei i knotten. Reint drikkevatn er det nok av på denne tida av året, og ruta er tilrettelagd med rasteplassar og toalett.
Eg får eit gjensyn med ein gammal kjenning: hol-dassen. Denne innretninga er ei utfording for einkvar trengjande. Erfaringa mi frå tidlegare turar er at det er vanskeleg å trena opp ein adekvat sikteteknikk. Stoda i området rundt sjølve holet vitnar om at mange har vanskar i så måte. Det er langt vanlegare med skivebom enn med innertiar (for å leggja det fram på ein forsøksvis apetittleg måte). Det kunne vore på sin plass med kikkert-sikte, men kvar dette skulle monterast er eg like vis om. Eit system for dynamisk posisjonering kunnen vera vel så tenleg.
Turen går bra, er nede etter fire timar. Deretter soving på stranda inntil båten går til Khóra Sfakíon. Derfrå tek bussen oss tilbake til Khaniá (90 minutt). Ein lang dag vart det, men òg eit minne for livet.
Khaniá |
29/5-2002 | (dag 20) |
Frukost på hamna i Khaniá. |
Denne dagen blir medvite sett av til ingenting anna enn å flakka rundt utan mål og meining. I Khaniá går dette godt an ettersom det er ein svært så fin by, fyrst og fremst rundt hamna. Byen har vore okkupert av både tyrkarar og venetianarar. Det siste er mest synleg, det gjev byen eit skin av Italia.
I gamlebyen rår turismen, ein finn eit stort tal butikkar, barar og restaurantar. Likevel er det ikkje så mange utanlandske ete/drikkestader her som på Rodos.
Eg fekk eit lite stikk av nostalgi då eg kom over Steff Houlberg sine pølser (som alle Danmarks-fararar kjenner til). Ned gjekk den franske hotdog, bestilt på norsk, smukt levert på dansk.
Det er mange skandinavar her, tyskarane og britane blir i mindretal. Ein og anna ropar "Heia Norge".
Ein turistbåt med gjennomsiktig botn frambyr reklame på islandsk av alle ting. Planlegg ein tur i morgon,
desse båtane er spesial-laga for at ein skal kunna fylgja med i livet på sjøbotnen.
Skrivemåtane på geografiske namn i Hellas kan vera eit mysterium. Khaniá har eg sett skrive både Hania og Chania, Iraklio har eg sett fire variantar av. Grunnen er at når ein må oversetja frå eit anna alfabet (som det greske), får ein eit dilemma når det gjeld å utrykkja lydar. Ein lyd skrivst som kjent ulikt frå språk til språk, og mange av dei kan ikkje utrykkjast presist i det heile. Fyrste konsonanten i Khaniá er eit døme: dette er ein lyd (litt skarp h) som ikkje finst på f.eks engelsk, dermed blir det forvirring. Det virkar ikkje som om greske styresmaktar har kunne eina seg om EI offisiell omsetjing.
Noko uteliv utover ein tur innom rocke-puben Scorpio og ein Schlenkerla Rauchbier på Rudi's Bierhaus, tek eg ikkje del i. Scorpio er sterkt anbefalt til alle som likar rock frå 70-talet og som ikkje har noko imot amerikanske marinegastar. "Rudi's" er drive av ein fargerik austerrikar med snurrebart. Kundane ser vera mest ut til å vera grekarar nysgjerrige på dei hundre øl-sortane han har.
Khaniá (tur til Kolimbari) |
30/5-2002 | (dag 21) |
Har fått sambuarar på pensjonatet. Ein heil sigøynar-flokk er komne frå Aten for å selgja klokker, parfyme og smykke i hamna eller på stranda. Fekk påpakning av sjefen deira for å gå rundt med for lite klede på. Damene deira er ikkje vande med slikt, må vita. Greitt nok, turisten bør tilpassa seg der han kan. Eg spurde om dei selde deodorantar. Min er på mystisk vis borte, sjampoen òg. Det gjorde dei dessverre ikkje. Det er tydeleg at det er eit sigøynar-miljø her; ved hamna sit mødre med ungar Dei går rundt og sel blomstrar eller tiggar. Sjefen snakka godt engelsk og brukbart norsk!
Strøket eg bur i er ikkje det beste. Eksos, larm og litt kaotisk, minner om det eg hugsa frå Aten. Til tider sjuskete, spesielt ved buss-stasjonen. Denne delen av Khaniá ber ikkje preg av masseturismen. Det er ei heilt anna verd enn gamlebyen og hamna som ligg berre nokre hundre meter unna.
Khaniá og Lévka Óri. |
Moloen og fyret, Khaniá. |
Det bles opp, alle båtutfluktene blir avlyste. Blir fortalt at det har vore ein kald og vindfull vår. Tek ein kort busstur vestover til Kolimbari i staden. Turen går langs flotte strender, her ligg hotell-kompleks og "apartments" tett i tett. Det gjer òg skilta for skandinaviske tur-operatørar, dette forklarar kvar alle dei nordisk-talande kjem frå.
No avsluttar eg opphaldet her med hektisk skriving på den proffe internett-kaféen Kathodon (god plass, gode maskiner med Windows XP), får til og med lov til å lasta ned bileta mine og brenna dei på CD! Det er godt kva som er lagra unna, det einaste uerstattelege eg har frå turen er bileta. Dei er som desse breva noko som skal gi næring til minna når turen er over. Minna er det eg er mest redd for å mista. Ryggsekk, pass og pengar blir uviktige i så måte.
Khaniá - Iraklio - M/S Daedalius |
31/5-2002 | (dag 22) |
Så er det å gje seg i veg att. På Kreta som på Rodos vart eg lengre enn planlagt, men denne gongen var det av eigen fri vilje. Ei flott øy som ein gjerne kjem tilbake til. Eg likte meg spesielt godt på Vest-Kreta. Khaniá er lett tilgjengeleg, det er mange charter-turar hit.
Etter å ha gjort ferdig lagringa av bileta mine, tek eg bussen til Iraklio. Har nok av tid, båten går fyrst i kveld 20:00. Har lagt opp dagen slik at eg får med opninga av fotball-VM, Frankrike-Senegal. Etter litt surring i ein kant av byen der det berre er bil-butikkar (og ein McDrive), finn eg endeleg ein kafé. Går glipp av Senegal sitt mål. Då eg høyrer kva stillinga er, set feta-osten og salaten seg fast i halsen. Sluttresultat: Frankrike-Senegal 0-1.
Enno er det tid til ei vandring på den stygglange moloen, med litt påbygging kunne ein gått tørrskodd til Rodos. Den gamle venezianske hamna i Iraklio er fin, men ellers virkar byen "funksjonell" (for ikkje å vera FOR negativ).
Å koma seg rundt på Kreta med buss går greitt om ein planlegg det litt, men skal ein til meir avsides stader er nok leigebil eller motorsykkel tingen. Bussane er billege etter våre forhold, turen Iraklio-Khaniá (ca. 150km) kostar € 10. I ettertid ser eg at eg burde ha leigd enn bil eller motorsykkel for å fått sett meir av øya.
Ferja, M/S Daedalius, er ein flott båt. Den har både disco, parfyme-butikk og symje-basseng. Det siste er rett nok tomt, men forfattaren av denne spalta let av natur ikkje reisegleda bli øydelagt med å hengja seg opp i detaljar. På dekk er det stappfullt av øy-luffarar i alle aldrar. Dei (vi) både sit og ligg strødd. Grekarane føretrekkjer tydelegvis å sitja inne å røykja, drikka sin is-kaffi(frappé) og sjå fjernsyn.
Solnedgang ved Iraklio. |
Farvel til Kreta for denne gongen. |
Treffer att taiwan-kinesaren som var med og gjekk i Samaria, det er av og til utrulege tilfeldigheiter ute og går! Han, som nesten alle andre skal av på Santorini, så etter midnatt blir det nok av sofaer å slengja seg ned på.
Det er noko eige med desse lange ferjeturane; ein reiser komfortabelt, kan verkeleg slappa av. Ein kan både sola seg, sova, eta, drikka, promenera på dekk og spela ein-arma banditt. Dessutan har ein tid til å bli kjend med andre reisande. Dette er ei erfaring for ein frå det kalde nord: kunna sitja på dekk ved midnatt utan superundertøy, nisseluve, polvottar og dynejakke.
Sovnar godt på ein hjørne-sofa i kantina, dette er langt betre enn på ferja Rodos - Kreta.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


