Reisebrev 6
7/6 - 12/6 2002

Bulgaria (vest)

Om reisebreva Informasjon om Bulgaria (frå BBC)
Map

Bulgaria 1986

Bulgaria er eitt av landa i Europa eg kjenner dårlegast. Var rettnok innom Sofia og Plovdiv på gjennomreise i 1986 men inntrykka på så kort tid blir overflatiske. Den teoretiske kunnskapen om landet er avgrensa til geografi-timane på skulen og det som har dukka opp i nyhenda i ettertid.

Meiningar gjer ein seg likevel opp sjølv der grunnlaget er tunt som dette. Sofia virka som ein by med god plass og breide avenyar men samtidig fargelaust og kjedeleg. Gatene var svært reine og Lenin stod enno traust på sin sokkel. Hovudgata var oppkalla etter den fyrste bulgarske kommunistiske president: Georgi Dimitrov. Han er ellers kjend som mannen som avslørde komplottet bak riksdagsbrannen i Berlin i 1933. Denne var påsett av nazistane i håp om å få gitt kommunistane skulda. Ille gjekk det uansett... Det er vel unødvendig å sei at gata i dag har eit anna namn.

Me klarde aldri å skaffa overnatting i Sofia. Dette var fyrste og einaste gong i livet eg måtte overnatta på ein jernbanestasjon. Blandt ryggsekkturistar skal det visstnok liggja ein viss prestisje i å overnatta på ein stasjon. Det einaste eg minnest er at det var kummerleg, ikkje det minste tøft. Det var heller slitsamt å vera turist, både med språket, alfabetet(kyrillisk) og alt styret for å ordna enkle ting. Hugsar me var glade for å koma oss vidare til Tyrkia.

Etter ein døgn blir dette flyktige inntrykk, ikkje sanninga om Bulgaria. Likevel såg me det klassiske biletet av det gamle Aust-Europa: køar og varemangel, elendig vedlikehald av bygningar, gretten service, manglande eller tungvint tilretteleggjing for turistar og spesial-butikkar der berre hard valuta var gyldig. I desse butikkane kunne ein få kjøpt ting som var utafor rekkjevidda til vanlege folk. Tvangsveksling av valuta og svartebørs fann ein her som i dei andre Warszawa-pakt landa me *) vitja i perioden 1985-1988.

*) Arvid Langeteig og underteikna.

På den positive sida hadde ein billeg offentleg transport, lite kriminalitet og ikkje synleg naud. Inntrykket var langt frå så ille som det me fekk av Romania, eit land me hadde vore innom året før. Ferdaminne frå Romania 1985 kjem om eit par dagar.

Gløymer aldri synet som møtte oss på eit stort varemagasin i Sofia. Utvalget var magert, men varene dei hadde var det derimot mengder av. Synet av vareutvalget i dette magasinet opna augo mine ein gong for alle når det gjeld vanskane med detaljstyrt økonomi. Korleis kan ein sentral-planleggjar vita kor mange fordømte av-isolerings-tenger eit samfunn på 8 millionar treng innafor ein fem-årsperiode? Resultatet viste seg i dette varemagasinet. Ein planleggjar hadde estimert seg ut på viddene. Reknar feil gjer rettnok eg òg, men det får berre avgrensa konsekvensar og ikkje fem år fram i tida. Når ansvarsområdet blir stort, blir fallhøgda deretter.

Bulgaria 2002

Presidentpalasset i Sofia.

Fem-årsplanar er no noko me les om i historie-bøkene og partiet si leiande rolle er forlengst avvikla. Bulgaria har etter 1990 hatt store vanskar med omstillinga til kapitalismen, langt verre enn rikare land som Polen, Ungarn og Tsjekkia. Ni av ti har lågare levestandard no enn under sosialismen (i fylgje Lonely Planet). Kriminaliteten har auka sterkt men landet skal enno vera rimeleg trygt å reisa i. Det blir òg sagt at det er svært billeg. Både guidebøker og folk eg har snakka med stadfestar dette. Reknar med at det er langt lettare å vera turist i dag, med god tilgang til både forbruksvarer, minibankar, internett og overnatting.

I Hellas fekk eg utan unntak åtvaringar og formaningar når dei høyrde kvar eg skulle. "Be careful", "bulgarian no good people", "Bulgarien nix gut" var omkvedet. Dette tek ein med ei klype salt, kven har ikkje høyrt skrekk-historiar om kor kriminelt det er i "de derre øst-landa". Det er sjølvsagt store variasjonar frå land til land, og mellom by og land. Det meste er likevel opp til ein sjølv, her som andre stader. Det er såre enkelt å få ferien øydelagd av innbilte kjeltringer. Dei reelle er som regel eit mindre problem, bank i bordet.


(Thessaloniki) - Sandanski

7/6-2002 (dag 29)

Er glad for at eg skal over grensa til fots. Eg misunner ikkje sjåførane då eg ser den lengste trailer-kø i Balkans urolege historie. Trefte for ein gong skuld ein triveleg pass-kontrollør. Ho laga fin reklame for Bulgaria medan datamaskina sjekka dei plettfrie papira mine. Eg var dårleg førebudd på reisa vidare, hadde som nemt i forrige brev ikkje tenkt å stoppa her på grensestasjonen Kulata. Det eg visste var at eg ville til neste jernbane-stasjon og derfrå reisa til Sandanski, noko den fjonge og blide bulgarske passkontrolløsa hadde tilrådd.

Taxi fekk eg med ein gong, avtalte fast-pris som ein ofte gjer der eg ikkje kjenner meg på trygg grunn. Eg ville ta på meg bilbeltet men det vart avvist! Kanskje det er teikn på dårleg folkeskikk å bruka bilbelte ? Eg får berre leggja av meg mine nordiske uvanar og læra meg skikk og bruk til neste gong. Stasjonen var så nær at eg kunne ha gått, fann etterpå ut eg hadde betalt 10 gonger overpris. Så det fyrste denne drevne turisten presterte i Bulgaria var å la seg lura! Rettnok var det ikkje verre enn at eg betalte 45 kroner i staden for 4,50.

Ellers var folk berre hyggelege og hjelpsame. Her treng eg hjelp til det meste ettersom eg ikkje kan språket og er nesten blank uti det kyrilliske alfabet. Sit og drikk min fyrste bulgarske pivo medan eg ventar på toget og kjem meg knirkefritt vidare til Sandanski. Toget køyrde rettnok med dørane på vidt gap, men så lenge ein sit fint i ro på plassen sin går det bra. Nett no er ikkje oppgåva mi å vera verneombod, helse miljø og sikkerheit (HMS) er sterkt nedprioritert.

Tok drosje inn til byen, men no hadde eg merka meg avstanden og standard-taksten, så det vart ikkje meir lureri. Hotell Viktoria er reint og moderne, har kabel-fjernsyn med alt frå tysk "Tagesschau" (Dagsrevy), via Eurosport til fransk porno av grøvste sort. Hotellet ligg lagleg til midt i byen.


Sandanski og Melnik

8/6-2002 (dag 30)

Melnik, ein vinlandsby ved grensa til Hellas.

Tok ein tur til Melnik, ein vinlandsby tilbake i retning grensa til Hellas. Attraktivt var det, nok til at turistbussar hadde funne vegen hit. Smake-stader var det mange av, men det freista lite med raudvin i den stupande varmen. Å sjå landsbygda her ikring er som ei tidsreise. Gamle koner med skaut, esel og hest som trekkdyr, svært få bilar og slått-onna blir gjort unna med ljå. Landskapet er frodigare enn i Hellas, fjella fangar nok opp ein del luftfuktigheit.

Tilbaketuren går nok ein gong i drosje avdi eg ikkje gidd venta på buss. Alternativet ville vera å melda meg som frivillig på slåttonna, men det freistar ikkje i 30 graders varme. Prisane er ca. kr 1,50 kilometeren, då går det an å køyra gul Lada ein gong i blant.

Sandanski som by virkar ikkje innbydande når ein kjem inn, det fyrste som kjem til syne er eit ytvalg av sovjetisk betong-brutalisme. Likevel er den skuggefulle hovudgata triveleg med mange ute-kaféar der ein kan nyta sin Lavazza eller Illy espresso, sin vino eller sin pivo, alt medan ein ser ungdommen morar seg.

Prisane er hyggelege, ein halv-liter øl er nede på 5-8 norske kroner. Beteninga er langt frå så imøtekommande som i Hellas, men dette er ein vand med frå dei gamle folkerepublikkane. Smila sit langt inne, men det har kome seg litt etter litt.

Om kvelden finn eg ein internett-kafé, skriv reisebrev frå siste dagane i Hellas. Både her, i Hellas og i Danmark har eg vore på nettkaféar som samstundes blir brukt til dataspel. Det kan bli eit helvetes leven. Ein av kaféane i Sandanski heiter Armageddon, eit perfekt namnevalg.

Kosar meg med god bulgarsk Zagorka pivo på James Joyce. Tenkja seg til ein "irsk" pub her i bulgarsk Makedonia, korleis kan ein vera dei forutan? No burde dei få ein på Kongsberg òg, det kjem til å vera moderne å vera irsk i mange år enno (sic).


Sandanski - Rilski Manastir

9/6-2002 (dag 31)

Rila Kloster (Rilski Manastir), spela ei viktig rolle i bevaring av bulgarsk kultur under det 500 år lange tyrkiske herredømet som tok slutt i 1878. Det er eit eineståande byggverk som ligg bortgøymd i ein djup dal i Rila-fjella, sør for Sofia. Klosteret ligg på 1100 meter, fjella rundt strekkjer seg mot 3000 meter. Dette er dei høgaste fjella mellom Alpane og Kaukasus.

Rila kloster (Rilski Manastir).

Landskap ved Rilski Manastir, utsikt frå Hotel Tzarev Vrah.

Kjem meg avgarde med buss til Rila via Blageovgrad klokka 6:45. Tok drosje siste mila opp til klosteret, nok ein hong i gul Lada. Den hadde motortrøbbel før me starta og hadde det òg ETTER at eg hadde stige av. Det såg ut som den måtte startast på gir. Det gjekk nok bra, den var i alle fall borte ein halv time seinare.

Her var det så flott at eg bestemde meg for å overnatta. Tzarev Vrah er eit hotell i den gamle sosialistiske stil, men nokonlunde triveleg likevel. Der er sundag og landsbyen er ei maurtue, men når alle turist-bussane er borte blir det heller daudt. Naturen er fantastisk, eg får lyst å bli ein dag til for å gå i fjellet men om kvelden skyar det over, så eg droppar det. Det å sovna til lyden av ei fossande elv og vakna opp med utsikt til snødekte fjell og djupgrøne barskogar er det no lenge sidan eg har gjort! Rilski Manastir er hermed utropt til eitt av høgdepunkta på heile turen.


Rilski Manastir - Sofia

10/6-2002 (dag 32)

Oh du salige, livet er vel herleg! Nyttar den gyldne morgonstund til å mysa litt i klosteret no når massane er borte og ikon-sjappa er stengd. Busar rett inn i messa, hadde ikkje venta at dei for med slikt klokka 8 om morgonen. Dei sler kross for seg på ein utruleg komplisert måte. Stemnigsfullt er det; russisk-ortodokse messer har ikkje musikk, berre korsong. Eg kjenner meg lett malplassert der eg står og gapar med hotell-lykjelen i ei hand og Dagbladets VM-bilag i den andre.

Satsar på buss heile vegen til hovudstaden, med byte i Dupnica slik eg har vorte råda til av dama i resepsjonen. Dupnica gjer eit heller dårleg inntrykk. Svært forfalle, ein ser på folk at det står dårleg til. Kjem ut for tiggarar for fyrste gong i Bulgaria. Det har no byrja å høljeregna så ein kan like godt sitja på ein buss. Dei gamle doningane er usannsynleg trege, turen tek over 3 timar til trass for at vegane er bra. EU har i sitt miskunn finansiert ein flott veg frå Hellas til Dupnica, men desse bussane har ikkje krefter til å utnytta framsteget.

Forreknar meg i Sofia avdi buss-stasjonen "Ovca Kuple" ligg nesten ute i den bulgarske vestmarka, oppe under det Vitosja-fjellet (2280 moh). Tek trikk til sentral-stasjoenen, der vil eg ordna privat innkvartering. Eg er lei av hotell og språkleg/sosial isolasjon.

Ikon i Rilski Manastir.

Turen varer og rekk gjennom slitne bustad-område og eg får mistanke om at eg er på ville vegar. Plutseleg kjem det på ein billett-kontrollør. Han sjekkar passasjeren framfor meg, deretter er det min tur. Eg spør etter "Centralna Gara" ? Han seier "ne" pluss noko ubegripeleg.

Eg har altså reist for langt, så eg går av. Mistanken veks då "kontrolløren" kjem etter saman med ein "kollega". Begge er kledde i sivil. Den eine seier noko eg ikkje skjønar men eg plukkar opp ord som høyrest ut som "strafa" og "sanktse".

Jasså, straff og sanksjonar, dette var som pokker, eg HADDE faktisk gyldig stempla billett! Sanksjonar mot meg ?! Eg er i partiets namn ingen Saddam Hussein eller Slobodan Milošević.

Dette er ikkje moro: eg spør dei etter identifikasjon og då reaksjonen ikkje kjem spring eg over gata som eit olja lyn. Dei kjem heldigvis ikkje etter. Her var eg ille ute, sjølv om dei nok berre var ute etter lommeboka som måtte ha teke den fram for å betala sanksjon. Kjenner meg utruleg sårbar der eg fer rundt med "turist" skrive over heile meg med store bokstavar og kan dermed bli oppfatta som ein livs levande ubeskytta pengetransport. Vanlege ærlege folk hjelper meg å finna stasjonen.

Eg kan likevel ha vore for snar med å trekkja konklusjonar om kjeltringar. Fekk ein e-mail frå Todor Sladkov i Antwerpen med ei forklaring, viser den her for ordens skuld. Todor har teke seg mykje bry med å senda meg tips og nyttig informasjon, dette blir sett stor pris på. Todor er sjølv frå Sofia.


Hi Jomar,

So you have had already a positive and negative experience in Bulgaria.

The Rila monastery is really wonderful place. If I have time this year, I will also go there for a day. In any case I'm planning to go to the top of Pirin mountain - Vichren (2914m).

The situation, in which you felt using the public transport in Sofia, is a well-known problem in last time. It wasn't anything dangerous, because the people who checked you in the tram were just normal employees of the Sofia's public transport company. Because this job is not very attractive, they hired many strange people in last few years. Most of them are with extremely low level of intelligence, low education, very unpolite and look like criminals. They get very low salaries and 40-50% from the money from the penalties. That's why they are very motivated to find people without tickets. Usually they find someone, that violates the rules and don't allow him to go until he pays the penalty - it's ~5lv. Most of them work around the Central Station, because many people from the province don't know the rules very well and it is very easy to be manipulated. I think in your case the problem can be in the luggage. Because of a stupid rule, that I haven't seen in another place in Europe, you should buy ticket for each bag or suitcase, bigger than (I think) 20x40x60cm. If you don't do that the people who check you have a formal wright to take a penalty.

Of course, there are also some other tips. Normally the criminality in Sofia is definitely not bigger than in Antwerp, Brussels, London, Paris etc. As I know, in Scandinavian countries it is a little bit lower. But anyway, you should be very careful. Especially when you see some my compatriots from Gipsy's minority. Some of them are pickpockets from very high level!

I watched Argentina - Sweden today. So your neighbours from North Europe are doing very well! After Denmark Sweden also go on. Both teams play very organized and simple football, with very good defense and good contra-attacks. Sweden had also very good luck today.

So have you nice time in the next days in Bulgaria!

Best regards,
Todor

Eg kan ha blitt offer for den same kriminalitets-paranoiaen som eg fnysande nettopp har teke avstand frå. Eg er kanskje den verkelege kjeltringen, ein snusket type som faktisk skulle hatt både straff og sanksjon for å ha snike med meg ein ryggsekk som har vorte laga utan tanke på lov og rett i Sofia.

Ordnar overnatting på eit formidlingsbyrå og alt er på ny lutter glede. Rommet er midt i sentrum, kan om eg vil kosa meg med McDonalds, Dunkin' Donut og Pizza Troll, 2 minuttar nede i gata. Eg rekna med at vertinna, Ivana, snakka eit eller anna framand-språk og gler meg til endeleg å kunna prata i meir enn einstavingar. Dette viser seg å vera ei synkverving (illusjon), men ho er ellers svært sympatisk.


Russisk katedral i Sofia.

Med "Lonely Planet" i handa tek eg den obligatoriske by-runden. Er innom der Lenin ein gong sto. Det eg hugsar best frå 1986 er at Arvid fekk offisiell refs for å ha sett frå seg veska på sokkelen til den sjølvutnemde sjefen over alle proletarar.

Det som står der no seier meg ingenting. Gater har fått nye namn, ingen kjende kommunistar å orientera seg etter. Ein veit godt kven Marx, Lenin og Dimitrov var men tusen-kroner spørsmålet er: Kven fan var Hristo Botev og General Gurko ?

Sofia har heller få attraksjonar til storby å vera men "Vasili Levski" katedralen er vel verdt eit besøk. Den er største kyrkja på Balkan og femte største i Europa, har 5000 stå-plassar og ligg på høgste punktet i byen. Den vart bygd som takk til dei 200 000 russarane som ofra livet for å frigjera Bulgaria frå 500 års tyrkarvelde i 1878. Det er ikkje tilfeldig at Bulgaria sidan har vore Russlands og Sovjet-unionens mest trufaste allierte.

Syndflod og torever veltar ned over hovudstaden, eg innvilgar meg kyrkjeasyl i over ein time før eg vågar meg ut att.

Korleis veit eg alt dette om Vasili Levski ? Jau, har for vane å sniklytta på grupper som er på omvisning. Dermed får ein med seg det ein vil, men kan stikka av når det blir for mykje og det utan å fornærma guiden.

Avslutta kvelden på Birerija Švejk, ein pub oppkalla etter Jaroslav Hašek's klassiske roman-figur (meir om han i eventuelle kapittel om Tsjekkia). Dei har god mat og Staropramen på fat, servert av smekre unge damer i korte skjørt. Jentene her ER for det meste flotte av utsjånad. Det er så ein må skjerpa seg for ikkje å bli sitjande å glana; ein kan fort enda opp som Jon Michelet på Copacabana: bli gubbsjuk.


Sofia

11/6-2002 (dag 33)

Uvér, fotball og skriving av reisebrev. Oppe klokka 6 og tek morgontur men sovnar att medan Frankrike ryk ut av VM. Sofia er ein heilt anna by no enn i 1986. Det er liv og røre over alt. Butikkar er opne heile døgnet, folk sel det som er å selgja, t.o.m ut av kjellarane sine. Hovudgatene har dei stilige butikkane vi er vande med i vest, men ein treng ikkje gå langt for å møta ei anna verd. Folk som rotar i bosdunkane har ein heime òg men her er det så mange som gjer det. Tigging er det derimot omtrent ikkje.

Nummer 13 (jfr. Rudolf Nilsen) eksisterer absolutt enno, ikkje minst her i Ulica Solunska, Sofia. Det var her eg budde men det var slett ikkje så ille som det kan virka.

Vasil Levski katedralen, bygd som takk til Russland for frigjeringa av Bulgaria frå tyrkisk herredøme.

Kjøper bilett vidare til Veliko Tarnovo. Jernbanen sitt reisebyrå, Rila, er ei nostalgisk gjenoppleving av tida då folket, staten og partiet var eitt. Damene filer vidare på neglene sine som om eg, sjølvaste kunden, var laga av luft. Hadde eg hatt ein høygaffel i ryggsekken, kunne det vore freistande å stikka i dei. Ein må laga skarpe lydar som f.eks "Dobar Den" (God Dag !), for å bli lagt merke til. Billett får eg, og dei var greie når eg først hadde kome innafor deira synsfelt.


Sofia

12/6-2002 (dag 34)

Dagen fylgjer same mønster: opp grytidleg, er ute og driv gatelangs. Eg likar å gå rundt og virra og sjå byar vakna til liv. Meir skriving, meir fotball. I dag òg sovnar eg midt under fotball-kamp. Veret er betre, men ikkje egna til shorts. Kjøper paraply av portnarkona i Ulica Solunska 13, der eg bur. Ho sel dei underlegaste ting frå to bord utafor døra. Mobil-deksel, vekkjar-klokker, og rarast av alt: loddeboltar. Blir for fyrste gong litt ille til mote: står det verkeleg så gale til at vanlege folk må spe på levebrødet med å selgja loddeboltar utafor si eiga dør ? Eg har ikkje noko spesielt godt utvikla sosialt samvit, men lurer på korleis eg ville reagera på verkeleg armod. Her i Bulgaria svelt vel trass alt ingen.

Nytte besøk på Birerija Švejk. Maten er svært god og ein kjenner seg like velkomen som på den trivelegaste greske taverna. Dette er det motsette av originalen U Kalicha i Praha som var "Den gode Soldaten Švejk" si stamkneipe og der romanen startar 28.juni 1914 med skota i Sarajevo. På denne kneipa i Praha vart eg i 1992 nekta å koma inn med fylgjande grunngjeving: Máme tady ambasador *). Ja vel, diplomatiet må ha fyrste prioritet. Dessutan gjekk eg i shorts, sannsynlegvis òg i sandalar. Dette ville truleg ha spolert øl-opplevelsen for Hans Eksellense.

*) Me har ein ambassadør her.

Hyggeleg serveringsdame på Birarija Švejk.

Den gode soldaten Švejk i velvaksen bulgarsk utgåve.

Etter skrivinga av desse linjer tek eg avskjed med Sofia med nok eit besøk på "Švejk". Ein røsleg tilsett er utkledd i austerriksk-ungarsk feltuniform anno 1914, han presenterer seg: "I am Švejk". Triveleg kar som rett som det er kjem bortom for å klinka glas og prata. Denne puben er sterkt anbefalt, er halvt disco om kvelden. Klokka blir nesten to, tenkjer med gru på at toget til Veliko Tarnovo via Gorna Orjahovitsa går kl. 6:50 i morgon tidleg.


© 2002 Jomar Hønsi     Counter treff sidan 25/4-2004.     Statistikk