![]() |
Reisebrev 19 15/8 - 21/8 2002 |
Polen |
Om reisebreva | ![]() |
![]() | LinkarReiseruteSanok Tarnów Kraków Oświęcim Katowice Białystok Auschwitz Biacomex PKP |
(Medzilaborce) - Sanok |
15/8-2002 | (dag 97) |
Mitt hittil einaste besøk i Polen var i 1988. Det var andre tider med varemangel, svartebørs og køar. Kommunist-styret lag på sotteseng og gjekk like etter over i historia (sommaren 1989). Polen var det fyrste landet i Aust-Europa som avvikla partiets leiande rolle. Dette skjedde fredeleg gjennom forhandlingar.
På veg til Sanok. |
Dei nygifte i aksjon. |
Denne dagen kunne ein nyta ein togtur i solskin, det er ei stund sidan forrige gong! Reisemålet, Sanok, ligg heilt søraust i Polen, i eit område som vert kalla Galicia.
Landskapet er kupert utan å vera dramatisk. Smågardar og lauvskog er stort sett det einaste ein ser frå togvindauga. Polen var eit av dei få kommunistlanda som ikkje kollektiviserte landbruket og har difor lite av dei store einingane ein finn i t.d. Tsjekkia og Slovakia.
Typisk for Aust-Europa stikk det opp fabrikk-piper på dei mest uventa stader. Desse kjem det ikkje lenger svart røyk ut av, dvs. det kjem sjeldan røyk i det heile. Synet av nedlagde fabrikkar har vorte ein vane på denne turen.
Galicia var inntil 1939 ein etnisk, religiøs og kulturell smeltedigel som strekte seg over eit område som i dag er delt mellom Polen, Ukraina og Slovakia. Hitler og Stalin gjorde slutt på mangfoldet med diverse etniske rensingar. Galicia hadde ein gong ei stor jødebefolkning, no er det berre nokre hundre att.
Overnatting finn eg fort: Hotel Jagielloński ligg mellom stasjonen og bysenteret. Blir innlosjert på eit overdådig rom med sofagruppe, gyldne silkelaken og tunge klassiske måleri. Dyrt er det overraskande nok ikkje.
Byen er fin utan å vera eineståande, men det er alltid moro å koma til ein ny stad for fyrste gong. Er innom ein folkebar og tek eit par "piwo", alt medan Wisła Kraków valsar over nord-irske Glentoran i UEFA-cupen.
Tek middagen på hotellet og undrar meg over at det er fullt av engelskmenn. Ein einaste stakkars kelnar serverer og styrer baren, ikkje rart det går seint. Engelskmenn, tyskarar, polakkar og EIN nordmenn svelt og tyrstar. Derimot er maten svært bra når den endeleg dukkar opp.
Kvalieten på ølet er som venta er nedtur (omtrent som standard norsk), men i motsetning til i 1988 kan ein få kjøpt anna alkohol enn vodka. På den turen drakk me rettnok av og til "piwo" men det tok ofte slutt om ettermiddagen. Standardsvaret var nie piwa.
Eg er selskapsjuk og går inn i baren til engelskmennene. Fotball er i slike samanhengar ein vinnar, det blir lang røre og mykje øl med ein Ipswich-supporter. Grunnen til innrykket er ei bryllaupsreise der slekta er invitert med. Mange av fylgjet er av polsk avstamning. Hyggeleg blir det, og det vert dansa polka og mazurka. Eit triveleg ektepar frå Warszawa er som meg litt på sida av selskapet. Baren er så liten at ingen kan vera anonym. Polakkane held seg til vodka, me andre set til livs målbare mengder god Żywiec øl.
På denne reisa er eg vorten vand med å bli sedd på som ein kuriositet. Det er ingen som ventar at nokon kan finna på å reisa over sjø og land heilt frå Rodos.
Sanok - Tarnów |
16/8-2002 | (dag 98) |
Ulica Żydowska (Jødegata) i Tarnów. Eg budde på herberge i nedre enden. |
Enten var dette ølet sterkt eller fullt av fusel, for eg har ei dundrande hovudpine. Kjem meg mødesamt opp og kjøper billett til Kraków. Frukosten blir på Blue Pink Pizza, Sanok stasjon. For å gjera forvirringa komplett er fargen på interiøret oransje og gult!
Ein ungdomsgjeng dansar til ukrainsk rock. Dette er eit forferdeleg leven, spesielt når ein slit med si forgifta hjerne. Kakofonien held fram på toget. Polske persontog er ikkje kjende for stor fart, heller ikkje dette. Turen skal ta fem timar, men etter fire er eg sliten, skiten, sveitt og lutande lei.
Eg hoppar av i Tarnów på reint innfall. Har aldri høyrt om byen, men har flaks. Det gamle senteret er flott. Finn eit herberge denne gongen, ingen luksus, men fin velkomst. Eg likar meg så godt at eg vurderer å bli to neter. Bytorget er ein fryd for auga og det er ein stad ein kan slappa godt av.
Ser på fjernsyn at paven landar i Kraków. Eg har altså hatt flaks med avhoppinga mi, det kunne vorte vanskeleg med overnatting om eg hadde fylgd planen. At Jan Pawel II går ved eiga hjelp er å ta vel hardt i. Likevel kjem han seg gjennom ein lang om enn noko snøvlete tale . Den heilage far er i ein tilstand som minner sterkt om sovjetiske fyrste-sektretarar på åtti-talet.
Tarnów - Kraków - Oświęcim |
17/8-2002 | (dag 99) |
Eg bestemmer meg for å reisa vidare likevel. Skal eg koma meg til Finnmark før den evige myrkna seinkar seg over gammene, må eg få opp tempoet.
Frukosten vert innteken på jernbanekaféen i Tarnów. Slit med å forklara meg til den blide men lite språkmektige dama, men får hjelp av ein tysktalande polakk. Han ligg vérfast avdi toga til Leipzig er innstilte etter flaumen (Hochwasser). Eg har vel nemnt tidlegare at eg er luta lei raudkål etter ein månad i Tsjekkia og Slovakia. Her vart det enda verre, det siste eg ville ha var fire ulike sortar sur og slimete kål til snitselen.
På toget får eg eit uttale-kurs av ein eldre medpassasjer. Folk som ikkje er interresserte i språk bør hoppa over dette komande sjargong-forgifta avsnittet:
Polsk har eit uhyggeleg innvikla lydsystem, men har ein fyrst lært det, skal det berre vera å fylgja reglane. Gramatikken er i likheit med dei andre slaviske språka innvikla med sju kasus og verb som kjem i minst to utgåver. Alfabetet er latinsk, men med eit utal tilpasningar. Det sler ikkje feil at nabospråk må ha sin eigne skrivemåter for lydar som er heilt like. (jamfor norsk/dansk ø og svensk ö .... ). Tsjekkisk š blir på polsk ś (sj på norsk). Tilbake til uttale-leksjonen:
Polsk er nær i slekt med tsjekkisk og slovakisk, og noko fjernare frå andre slaviske språk som russisk, bulgarsk og serbo-kroatisk. Ein merkeleg skilnad er ordstillinga: adjektivet kjem på polsk ofte etter substantivet. Her skil dei seg frå naboane. Eit godt eksempel er "Dzien dobry" (God Dag). Dette tilsvarar "Dobrý den" på tsjekkisk (og liknande på slovakisk, bulgarsk og russisk). |
Grovt rekna er tre skrivemåtar brukt i dei slaviske språka:
Bruken av kyrillisk og latinsk alfabet fylgjer stort sett skiljet mellom den gresk-ortodoske og den romersk-katolske kyrkja. Alfabet er politikk, til like med mykje anna. |
Kraków er eit folkehav. Byen er nok ein av Europas flottaste, men det er vanskeleg å nyta det når ein går rundt som om ein deltok i London maraton. Fekk aldri eit glimt av sjølve paven, men det hang velkomst-plakatar over alt. Det undra meg at folk berre drakk kaffi og vatn i stupvarmen, men fann ut at heile helga var alkoholfri i Kraków. Ein ville nok ikkje risikera ukristeleg og usømeleg framferd i samband med visitasen.
Byen er fint pussa opp sidan 1988, då dei fleste bygningane var svarte grunna utsleppa frå stål-verket i forstaden Nowa Huta. Lufta er langt reinare no. Nowa Huta var bygd på teknologi som russarane stal frå Pittsburg på 30-talet. Denne teknologien var allereie då avlegs i heimlandet. Dette skulle seia det meste om tilstandane ved Nowa Huta før modernisering og delvis avvikling reduserte utsleppa.
Store og små ventar på paven. |
Rynek Główny, bytorget i Kraków.. |
Oświęcim er berre 60 km unna, men toget tek nesten to timar. Grunnen til at eg reiser dit for å overnatta er at eg vil ha god til museet i den tidlegare utryddingsleiren Auschwitz (namnet skulle vera kjent for dei fleste).
Hotell Glob er usannsynleg stygt, sjølv etter sosialistisk estetisk målestokk. Likevel, desse uhyra fungerer og er stort sett rimelege og med ein standard som held for den ikkje altfor kresne. I Polen som i nabolanda i sør er service-nivået på hotella langt betre enn det var. I byen er det lite å sjå anna enn eit bytorg (rynek) som nok har vore fint inntil ein eller anna kader-komité vedtok at det skulle prydast ytterlegare med ein grå betongkloss midt på plassen.
Oświęcim - Katowice |
18/8-2002 | (dag 100) |
Frå Auschwitz II (Birkenau). Dette er den største leiren og langt dei fleste vart drepne her. |
Sjølve namnet Oświęcim fekk fram uhygga med det same eg såg skiltet på stasjonen. Visste at folka som skulle utryddast kom hit med tog, enkelte av dei heilt frå Sør-Frankrike eller Hellas. Eg vil ikkje gå så mykje inn på historia, den kan kvar og ein lesa andre stader.
Eg klarar ikkje godt å beskriva inntrykka av eit
besøk i Auschwitz, og kjenslene dette vekkjer. Forbrytelsen er så
enorm at det truleg ikkje er gitt eit menneske å fatta det. Dette gjeld
både den menneskeforaktande ideologien som ligg bak og det at
nokon kan koma på idéen å drepa folk berre fordi dei har
ein viss etnisk bakgrunn.
Eg brukte seks timar i Auschwitz og kunne gjerne vore der lenger. Etter ein dokumentar-film om den sovjetiske frigjeringa av leiren i januar 1945, kan ein enten vera med på organisert tur eller gå rundt sjølv. Filmen var sterk; ikkje eit auge var turt og ikkje anna enn lyden av subbande føter og låg mumling var å høyra på vegen ut. Porten inn til hovudleiren (Auschwitz I) har enno den berykta velkomsten: "Arbeit Macht Frei". Til trass for mange folk er det nesten stilt. Litt kameraknipsing, snufsing og dempa samtalar er det einaste.
Dei fleste av brakkene har ei utstilling over eit tema knytt til krigen og folkemordet. Levekåra, medisinske eksperiment, avrettingar, straff, undergrunnsaktivitetar, gasskammera. Ein del land har si eiga utstilling: Polen, Austerrike, Jugoslavia, Ungarn, Tsjekkoslovakia, Frankrike, Italia, Belgia og Nederland. Det er svært lærerikt og gripande. Det gjer voldsomt inntrykk å sjå haugar av tannfyllingar, menneskehår, briller, klede og personlege eignelutar som vart tekne frå ofra og sende til Das Reich. Gasskammera og krematoria vil eg ikkje sei noko om her.
Hovudporten i Auschwitz I. |
Ikkje berre jødar omkom her, leiren vart fyrst bygd for å ta imot polske motstandsfolk. |
Bruk av ordet rysta er neppe å ta for hardt i. Forbanna? Sjølvsagt. På kven? Det er lett å koma med hatske utbrot mot den nasjonen der brotsverket hadde sitt utspring, men dette er meir ei påminning om kva svarte krefter som bur i menneska generelt. Er ideologien og systemet slik laga at desse kreftene blir dyrka fram, er vegen til katastrofen kort, uansett kvar det er. På den andre sida kjenner eg ikkje til andre ideologiar enn nazismen som så direkte byggjer på menneskeforakt, som til dei grader kan kallast direkte VOND.
Eit besøk i Auschwitz burde vera god medisin for sjuke enkeltindivid frå f.eks Hokksund, Malmö og Hoyerswerda (og ein finn dei mange stader). Dei historiske, samfunnsmessige og kulturelle forutsetningane for at uhyret vaks fram nettopp i det siviliserte Tyskland ville føra for langt å koma inn på her. Dette har det dessutan vorte skrive mange tjukke bind om, det er ein debatt som aldri blir ferdig. Noko fullgodt svar kan ein heller aldri få.
Muséet i Auschwitz er gjennomført. Det får fram det grufulle som skjedde på ein overbevisande men ikkje påtrengjande måte. Brosjyrane er oversette til mange språk av fagfolk (óg til norsk). Det var som venta ei sterk oppleving, men vel verdt det. Det blir fråråda å ha med born, dette er verre enn nokon valdsfilm. Bortsett frå det er eit besøk i Auschwitz sterkt anbefalt.
Det var rart å setja seg på toget til Katowice. Kjem ein ut av portane til leiren blir verda fort normal og sivilisert att, ein byrjar heldigvis å tenkja på andre ting. Reint praktisk skal eg til ein storby som er så lite attraktiv at guideboka mi ikkje nemner den. Har ingen idé om overnatting eller noko anna for den del. I 1988 stoppa me i Katowice i nokre timar, lufta var så ille at det svei i halsen, nokon svartare by har vel ingen av oss nokon gong sett. Eit gjensyn no er neppe ei tidsreise, men det ventar nok heller ikkje noko skinande mirakel.
Stasjonen er no full av småkioskar og det ER ei anna verd. Eg går på måfå og leitar etter hotell. Det fyrste blir for dyrt (overnatting er ikkje alltid billeg i Polen), det andre, Hotel Śląskie er rimelegare med dertil standard. Knaggen på veggen dett ut i det eg hengjer frå meg jakka. Stikkontakteane er montert skeivt. Typisk i det gamle Polen er montering av kranen så høgt oppe att ein får seg ein ufrivilleg dusj når ein vaskar hendene.
Ulica Mariacka i Katowice med det slitne Hotel Śląskie i framgrunnen. |
Radioen på hotellet er ikkje av nyaste dato. |
Finn att ei gate me gjekk gjennom i 1988, Ulica Stawowa. No har ein fortauservering, McDonalds, KFC og internett. Tiggarane og gateunderhaldninga er òg på plass.
Gata hadde i 1988 EIN bar, eit hol som gir ein assosiasjonar til beskrivelsane til Dostojevskij i "Forbrytelse og Straff". Stinkande "parirosy"(sigarettar), billeg vodka og fattigfyll.
Denne baren er no ein fin pub, eg blir trekt inn av lyden av hardrock. Det er triveleg der, tsjekkisk-talande kelnar og engelsktalande kundar.
Ein skitfull brite fortel om kor liten hjerne han har. Skal ein døma etter ordforrådet, kan det godt vera han har rett. Eg trudde fyrst han var ein polakk som ville imponera med utvalg av engelske bannord.
Ein velkledd og sympatisk herremann er full avdi kona har fått hjarteatakk om morgonen. Han er førtidspensjonert metallurgi-ingeniør frå eit nedlagt stålverk. Han ber meg heim, noko som eg nok hadde takka ja til hadde han vore litt mindre full. Eg kan berre ynskja han alt godt og kona god betring. Eg fekk litt dårleg samvit etterpå. Kazimierz, som han heiter, ville gjerne ha selskap i ei vanskeleg stund.
Katowice |
19/8-2002 | (dag 101) |
Katowice heitte Stalinogród på 50-talet. Dette er ein gammal telefonkatalog. |
Søv godt, men slit med å få meg ein dusj. Kaldtvasskranen har falle av, så eg får berre dusja meg med varmt. Gir opp og går til etasjen over med håp om betre tilhøve. Der er faktisk begge kranane på plass, men med berre varmt vatn der òg. Må ein så må ein, vatnet er heldigvis ikkje så varmt likevel. På hotellet tek dei seg av klesvasken min, hadde ikkje att anna reint enn det eg stod og gjekk i.
Ettermiddagen vart brukt til å underhalda seg i parken i Chorzów med ei lærarinne som kunne bra engelsk, likte The Doors og ellers har edderkoppar og mannfolk som hobby. Det siste er kanskje ikkje så uvanleg, edderkoppar derimot er ei interresse eg ikkje kjenner til at så mange har. Dorota er hyggeleg og turisten får sett andre sider av Katowice enn kol, stål og svarte bygningar.
Parken i Chorzów er ein oase. Dyrehage, rosehage, svevebane, restaurantar, sjøar. Dette trengst i tungindustriområdet Gorni Śląsk (Oberschlesien). Katowice-området var det rikaste i Polen under kommunistane både grunna industrien, men òg avdi partisjefen på 70-talet, Edward Gierek, kom her frå. Han stelte godt med seg og sine, sytte m.a. for denne parken. Tek avskjed med den ovafor nemnde dama på McDonalds, no måtte eg endeleg til pers etter å ha vore McDonalds-fri sidan februar.
Baren frå i går er like triveleg. Engelskmannen er mindre full no, men hjernen virkar like liten. Ein polsk-amerikansk homo er utruleg velvillig innstilt til meg, kjøper øl, og testar om eg kan namnet på amerikanske hovudstader (han kan alle 50 må vita og er nok ein små-autistisk nerdebror).
Desse hovudstadene slit eg med, men imponerer med Boise, Idaho. Denne har eg høyert om i ein Lynyrd Skynyrd song, og treff blinken. Mannen er "så imponert, altså" (med feminin handbevegelse). Likevel vart det noko slisamt, eg tek ein telefon til reisekameraten frå 1988 og oppdaterer han om stoda i Katowice. Karen ved sida av forsvinn til slutt, eg får eit kyss på kinnet og tenkjer: "Åh, giiiiid".!
Kjem i prat med bar-eigaren som fortel litt om historia til Katowice. Han viser fram ein telefonkatalog frå 1952. Den gong hadde byen det klingande namnet Stalinogród.
Katowice - Białystok |
20/8-2002 | (dag 102) |
Overflodsamfunnet har gjort inntog på jernbanestasjonen i Katowice. |
Får att klesvasken min, sjekkar ut og kjøper billett til Warszawa. På stasjonen hadde me i 1988 observert ei rulletrapp som såg ut til å ha stått i alle år. Denne kunne eg konstatera stod bom enno. Det gjorde forresten alle rulletrappene.
Det vart ei lang forseinking, men toget går fort gjennom heller flatt og kjedeleg landskap. I Warszawa går eg rett på neste tog til Białystok, eg har endeleg sett opp farten. Begge toga er av bra standard.
Białystok er for meg totalt ukjend og utanom allfarveg. Det er ein hendig plass å reisa nordover til Baltikum frå. Når ein kjem til ein framand by klokka 22 utan guidebok og utan den minste idé tek ein det ein kjem over av overnatting. Dette vart fyrste blund på internasjonalt kjedehotell sidan Ålborg (Best Western). Det kosta nesten 400 kroner, men det går an innimellom.
Sjølvsagt god standard, men eg søv korkje verre eller betre enn på billegare stader. Dusja rettnok utan viderverdigheiter denne gongen, men ellers er dette bortkasta kapital. Eg brukar nesten aldri hotellrommet til anna enn å sova og dusja, så ei rein seng og vatn er alt som trengst. Likevel, å gå rundt i mørket for å leita etter noko som kanskje er nokre få kroner billegare gjer eg heller ikkje, ein skal ikkje bruka ferien til utmarsjar i stupmyrkna.
Białystok - (Rīga) |
21/8-2002 | (dag 103) |
Jósef Pilsudski, Polen sin autoritære leiar i mellomkrigs-tida. |
Frukosten er som venta bra, og resepsjonen er proff og hjelpsam (det skulle berre mangla). Hotellet har eit foto-galleri av sine prominente gjester. Dei er nok store i Polen, men det einaste eg dreg kjensel på er Lech Wałęsa sin velvaksne bart.
Białystok er moderne, rein og virkar velståande. Har nesten inga kjensle av å vera i Aust-Europa. Brukar den heite dagen på dette reisebrevet, kjøper buss-bilett til Rīga og tek nokre avskjeds-piwo i det flotte veret. Polsk Fish'n Chips blir middagen (på buss-stasjonen).
Avgangen er klokka 17:15, ein ti-timars tur står for døra. Bussen kjem frå Warszawa, er heilt full og av eit eldre og lite komfortabelet Scania-fabrikat. Det anar meg at denne turen kan bli hard. Strekkja føtene er berre mogeleg ut i korridoren.
Eg ville normalt teke tog men her er det to grunnar til at eg vel buss: toget tek mykje lengre tid og går dessutan gjennom Belarus. Kviterussarane tek seg grundig betalt for gjennom pålegg om transittvisum.
Fram til grensa mot Litauen brukar me to timar. Vegane er heller dårlege, men landskapet er variert med skogar og innsjøar. Grensekontrollen tek TO TIMAR, eg høyrer ein del sukking. Passasjeren ved sida av slepper ut eit og anna "Kurwa" mellom tennene (grovt bannord). Dette er forståeleg, spesielt ettersom me ikkje får lov ut av bussen og klima-anlegget har vorte slege av. Inne i den litauiske delen av grense-kontrollen slepp me endeleg ut etter at passa er vortne tekne frå oss.
Polen - etterord
Det vart mindre tid til Polen enn eg hadde ynskt. Landet er stort og mangfoldig, ein kunne lett bruka 3-4 veker. Utanom Kraków og Oświęcim vart eg verande meir på ukjende stader enn planlagt.I "Svarte Katowice" for eksempel, der eg møtte venlege folk over alt. Kraków bør vera fyrsteprioritet hvis ein skal til Polen, men prøv å unngå pavebesøk!
Tykkjer polakkane har mindre av den avvisande mina enn naboane i sør. Eg kjende meg aldri utrygg men var meir på vakt enn i Slovakia og Tsjekkia. Lonely Planet fyrde opp under dette. At Polen er "farleg" har eg derimot lita tru på, men ein tek sjølvsagt sine forholdsreglar.
Engelsken er bra blandt dei yngre, på hotell var det aldri problem, på restaurantar og jernbana derimot sto ein ofte fast. Jernbanen var einaste transport eg brukte. Det går seint med lokaltog, men ekspressen var bra. Køar for å kjøpa billett var det overraskande ofte.
Øl-hobbyen er mindre givande her enn i paradisa i sør og vest. Likevel er det jamt over godt og prisen går sjeldan over 12 kroner. Okocim og Żywiec er allmenn semje om er best (og dette vil eg ikkje motsei). Maten var på det jamne, aldri dårleg men nådde heller ikkje dei store kulinariske høogder.
© 2002 Jomar Hønsi treff sidan 25/4-2004. Statistikk


