void

Personar

erkehertug Franz Ferdinand og kona hertuginne Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet den 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:

Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Personar liste over folk som er omtala i romanen (589) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen

Detektiv Brixien flag
SøkŠvejkův slovník
brixi.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních (1907)

Brixi var ein politimann som arresterte ein uvanleg tjukk papirhandlar som hadde betalt for two serbiske studentar på U Brejšky og deretter vorte observert full saman med dei på Montmartre. Papirhandlaren var ein av Švejk sine seks medfangar på c.k. policejní ředitelství.

Bakgrunn

Denne detektiven kan godt ha hatt ein motpart i det verkelege liv men etternamnet Brixi (inkludert varianten Briksi) var likevel svært sjeldant i Praha. Høgst eit titals personar hadde dette namnet på den tida det er snakk om. Ingen av dei er oppført med yrke som synest å vera relatert til politiet.

Sitat
[I.2] Výjimku dělal neobyčejně tlustý pán s brýlemi, s uplakanýma očima, který byl zatčen doma ve svém bytě, poněvadž dva dny před atentátem v Sarajevu platil „U Brejšky“ za dva srbské studenty, techniky, útratu a detektivem Brixim byl spatřen v jejich společnosti opilý v „Montmartru“ v Řetězové ulici, kde, jak již v protokole potvrdil svým podpisem, též za ně platil.
Columbus, Cristoforoen flag
*1451(?) Genova(?) - †20.5.1506 Valladolid
czKolumbusdeKolumbusesCristóbal Colón
Wikipediaczdeenesno Søk
colombus.jpg

Columbus knuser egget

Columbus vert indirekte nemnd gjennom beskrivelsen av hendinga som førde til arrestasjonen av ein av Švejk sine celle-kameratar. Denne var ein historielærar som avslutta analysien sin av ulike attentat med utsagnet: Ideen om attentatet er like enkel som Columbi egg.

Bakgrunn

Columbus var ein opphaveleg italiensk oppdagar og handelsmann, kjend for den europeiske "oppdaginga" av Amerika i 1492.

Columbi egg er eit uttrykk som brukast om ei rimeleg enkel løysing på eit innfløkt problem. Frå Wikipedia: I et selskap der Christofer Columbus deltok, var det flere som ikke trodde at han hadde oppdaget Amerika. Han oppfordret da de tilstedeværende til å få et egg til å stå på høykant. Da ingen av de tilstedeværende klarte dette, banket han det litt flatt i den ene enden, og fikk derved egget til å stå. Symbolikken var at selv om ideen var enkel, var det likevel et spørsmål om å komme på den.

Sitat
[I.2] Malý pán, kterému se to stalo ve vinárně, byl profesorem dějepisu a vykládal vinárníkovi dějiny různých atentátů. Byl zatčen právě v okamžiku, když končil psychologický rozbor každého atentátu slovy: „Myšlenka atentátu je tak jednoduchá jako, Kolumbovo vejce’.“
Jesus Kristusen flag
*4 f.kr(?) Betlehem - †30(?) Jersusalem
czJežíš KristusenJesus Christ
Wikipediaczdeennn Søk
kristus.jpg

Slik El Greco såg han

Jesus Kristus er nemnd 38 gonger i Den gode soldat Švejk.

Jesus Kristus vert av Švejk omtala "Kristus Pán", bokstaveleg omsett "Herren Kristus". Dette er når han fortel medfangane sine om den vonlause stoda deira. "Kristus Herren var òg uskuldig" er dei lite oppmuntrande orda dei får høyra. Jesus vart meir perifert nemnd i fyrste kapittelet gjennom utbrotet Ježíšmarjá som Švejk brukte då han fekk høyra om attentatet i Sarajevo. Jesus vert nemnd mange gonger i romanen, mest gjennom diverse uttrykk. Ordbruken varierer mellom Ježíš og Kristus/Krist. Det tyske Jesus og den ungarske Krizstus førekjem så vidt.

Bakgrunn

Jesus Kristus var ein sentral bibelsk person som la grunnlaget for den kristne tru. Jesus vart korsfesta for oppvigleri i år 33 under det romerske herredømet. Fødselsår og dødsår er likevel høgst usikkert. I fylgje den kristne tru og eigne påstandar skal Jesus ha vore Guds Son og Frelsaren Messias. Jesus var òg ein viktig profet i islam men denne relegionen tillegg han ei langt meir beskjeden rolle. Jødedomen betraktar Jesus som ein falsk Messias.

Sitat
[I.2] „Já jsem nevinnej, já jsem nevinnej,“ opakoval zježený muž. „Kristus Pán byl taky nevinnej,“ řekl Švejk, „a taky ho ukřižovali. Nikde nikdy nikomu na nějakým nevinným člověku nezáleželo. Maul halten und weiter dienen!, jako říkávali nám na vojně. To je to nejlepší a nejkrásnější.“
[I.15] "Co s ním udělám?" mihlo se hlavou nadporučíkovi, "má, prokristapána, takový pitomý výraz."
[I.15] "Švejku, ježíšmarjá, himlhergot, já vás zastřelím, vy hovado, vy dobytku, vy vole, vy hajzle jeden. Jste tak blbej?"
[II.3] "Ježíšmarjá", vzdychl pro sebe desátník, vida, že po důkladném loku zmizelo půl láhve.
[II.3] "Mají to tady pěkně zařízený, dokonce dva deštníky na věšáku, a ten vobraz toho Pána Krista taky není špatnej."
[II.3] "Baszom az anyát, baszom az istenet, baszom a Krizstus Márját, baszom az atyádot, baszom a világot!"
[II.4] "Pochválen Pán Ježíš Kristus," řekl vstupuje, načež Švejk za všechny odpověděl: "Až na věky amen."
[II.4] Po pravé straně na stole stál krucifix z napodobené slonoviny, se zaprášeným Kristem, který se zoufale díval na podstavec svého kříže, na kterém byl popel a oharky z cigaret.
Lombroso, Cesareen flag
*6.11.1835 Verona - †19.10.1909 Torino
Wikipediaczdeenitno SøkŠvejkův slovník
lombroso.jpg

Světozor,5.11.1909

delincuente.jpg

Kampen om den forbryterske sjel, Espen Schaaning,2002

lombroso.png

Svět zvířat,15.11.1909

Lombroso vert referert til i samband med ei bok kalla Om forbrytartypar når forfattaren skildrar forhøyraren på c.k. policejní ředitelství. Denne såg ut som ein forbrytartype skildra av Lombroso i nettopp denne boka.

Bakgrunn

Lombroso var ein italiensk kriminolog, antropolog og psykiater av jødisk avstamning, døypt Ezechia Marco Lombroso. Han er rekna som grunnleggjar av kriminalantropologien. Lombroso forfekta synet om at kriminalitet var nedarva. Lombroso avviste det hittil klassiske synet om at forbryterske instinkt låg i mennskenaturen. Hans antropologistiske kriminologi hevda at kriminell åtferd låg i genene og kunne verta forsterka av fysiske skavankar. Den fysiske utsjånaden kunne indikera om ein person var ein forbrytar, noko han gav mange døme på gjennom illustrasjonar i bøkene sine.

L'uomo delinquente

Lombroso skreiv ikkje noko bok med tittelen Om forbrytartypar så boka Hašek viser til i Den gode soldat Švejk er antatt å vera Lombrosovy(L'uomo delinquente) (Det kriminelle menneske)[d]. Rettnok er det få teikningar av forbrytartypar her, i alle fall i fyrste utgåva. Det er difor mogeleg at Hašek let seg inspirera av andre verk av Lombroso. På den andre sida kom boka ut i fem utgåver alt medan Lombroso levde og i desse kom fleire illustrasjonar til[c].

Omsett til tsjekkisk vart boka aldri så Hašek las truleg ei tysk utgåve.

Hašek og Lombroso

Underleg nok dukka det opp ein liten notis i Svět zvířat om Lombroso like etter at han døydde. På denne tida var Hašek redaktør for magasinet men notisen var ikkje signert. Litteraturvitar Radko Pytlík går med god grunn at frå at den faktisk var skriven av Hašek og innhaldet tyder på det. Notisen var nokså grotesk og hadde ingen ting med dyr å gjera![a]

Lombroso er òg nemnd i den siste artikkelen Hašek skreiv for Svět zvířat i fyrste perioden sin som redaktør (1909-1910). Tittelen er "Fjern smerte!"[b] og vitnar om Hašek si medkjensle med dyr og interessa hans i velferda deira.

Sitat
[I.2] „Dobrý večer přeju, pánové, všem vespolek.“ Místo odpovědi dloubl ho někdo pod žebra a postavil před stůl, za kterým seděl pán chladné úřední tváře s rysy zvířecké ukrutnosti, jako by právě vypadl z Lombrosovy knihy „O typech zločinných“. Podíval se krvežíznivě na Švejka a řekl: „Netvařte se tak blbě.“
Litteratur
Referensar
aZe života učence LombrosaSvět zvířat15.11.1909
bOdstraňte bolest!Svět zvířatVladmír Mayer15.10.1910
cCriminal manCesare Lombrosotr. Mary Gibson, Nicole Hahn Rafter2006
dL'uomo delinquenteCesare Lombroso1876
Jan Nepomuckýen flag
*1345(?) Nepomuk - †20.3.1391 Praha
enJohn of NepomukdeJohannes NepomuknoJohan Nepomuk
Wikipediaczdeen SøkŠvejkův slovník
nepomucky.jpg

Životopisy svatých v pořadí dějin církevních,1931

Jan Nepomucký er nemnd 9 gonger i Den gode soldat Švejk.

Jan Nepomucký vart av Švejk halden fram som døme på kor ille fangar vart behandla før i forhold til den hensynsfulle behandlinga han og medfangane hans fekk desse julidagane i 1914. Švejk hevdar feilaktig at Nepomuk vart drukna frå Eliščin most.

Bakgrunn

Jan NepomuckýJohan Nepomuk var ein tsjekkisk prest og martyr som vart blinda, torturert og drukna i Vltava. I dag står det ein statue av han på Karlův most der han vart kasta utfor. Han vart kanonisert i 1729 og er no nasjonalhelgen. Han er gravdlagd i St. Veits-domen i Praha. Nepomuk dukkar opp att i anekdoten om Šic i [II.5].

Sitat
[I.2] Nebo mu dali nohy do španělský boty a natáhli ho na žebřík, když se nechtěl přiznat, nebo mu pálili boky hasičskou pochodní, jako to udělali svatému Janu Nepomuckému.
[II.5] Horko bylo, napařenej byl taky akorát, a tu uviděl na cestě sloup, na sloupu byla skříňka a v ní pod sklem docela malá soška sv. Jana Nepomuckýho. Pomodlil se před sv. Janem a povídá mu: ,To je ti horko, kdybys měl alespoň trochu se napít. Jseš tady na slunci, furt se asi potíš.’ Tak zatřepal feldflaškou, napil se a povídá ,Nechal jsem ti taky lok, svatej Jene z Nepomuku.’ Ale lek se, vyžunk to všechno a na svatýho Jána nezbylo nic. ,Ježišmarjá,’ povídá, ,svatej Jene z Nepomuku, tohle mně musíš prominout, já ti to vynahradím, já tě vezmu s sebou do lágru a napojím tě tak slavně, že nebudeš stát na nohou.’ A milej Šic z lítostí nad sv. Janem z Nepomuku rozbil sklo, vytáhl sošku svatýho a strčil si ji pod bluzu a vodnes do lágru. Potom s ním sv. Jan Nepomuckej spal na slámě, nosil ho s sebou na marších v teleti a měl velký štěstí v kartách. Kde jsme lágrovali, tam vyhrával, až jsme přišli na Práchensko, leželi jsme v Drahenicích a von všechno sakumpak prohrál. Když jsme ráno vyrukovali, tak na hrušce u cesty visel svatej Jan Nepomuckej oběšenej. Tak, to je ta anekdota, a teď zas zavěsím sluchátko.“
Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

2. Den gode soldat Švejk på hovudpolitistasjonen