void

Personar

erkehertug Franz Ferdinand og kona hertuginne Sophie ved avreisa frå rådhuset i Sarajevo, 5 minutt før attentatet den 28. juni 1914.

Den gode soldat Švejk er ein roman med eit uvanleg rikt persongalleri. I tillegg til dei mange som deltek direkte i handlinga, vert eit stort tal fiktive og reelle personar (og dyr) nemnde, enten i anekdotane til Švejk, direkte av forfattaren eller indirekte gjennom ord og uttrykk.

Denne sida inneheld ei oversikt over alle som er omtala i boka, frå Napoléon i innleinga til Hauptmann Ságner i dei siste linjene av den ufullførde del fire. Lista er sortert etter når personen fyrst blir nemnd. Kapitteloverskriftene er fritt omsette til nynorsk av utgjevaran av denne vev-sida. I januar 2021 mangla det enno rundt 20 omtalar.

  • Sitata er frå Jaroslav Šerák sin nettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet
  • Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google søk og romanen på nett.

Enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.

Personnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:

Merk at ei rekkje tilsynelatande oppdikta romanfigurar har klårt gjenkjennelege "modellar" frå det verkelege liv. Døme på slike er Oberleutnant Lukáš, Major Wenzl og mange fleire.

Personar liste over folk som er omtala i romanen (589) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
III. Det ærerike samanbrotet
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset

Jomfru Mariaen flag
HašekPanenka MarieczPanna MariadeJungfrau MariaenVirgin Mary
Wikipediaczdeennnno Søk
maria.jpg

Ikon av Maria i Vladimir, Russland

Jomfru Maria er nemnd 33 gonger i Den gode soldat Švejk.

Jomfru Maria var ein av personane dei innlagde på asylet kunne gje seg ut for å vera. Ellers er ho alt indirekte nemnd gjennom det vanlege tsjekkiske utbrotet Ježíšmarjá, som blir brukt av Švejk alt i den fyrste dialogen i boka og som gjentek seg 15 gonger. Ho er òg nemnd direkte ein del gonger, både som Marie of Maria.

Bakgrunn

Jomfru Maria var Jesu Kristi mor og er den fremste helgenen i den katolske kyrkja. I det nye testamentet er ho omtalt i evangelia og Apostelgjerningane. Ved konsilet i Efesos gav konsilfedrene henne tittelen Theotokos, 'Guds mor'. Koranen omtalar ho som utvald av Gud framfor alle kvinner i verda; ho er nemnd i sju av kapitla i Koranen, eitt av dei med namnet hennar som tittel. Ho er framstilt i talrike kunstverk, der ho som regel berre blir kalla «Madonna» — 'Vår frue'.

Sitat
[I.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.
[I.9] Ze všech znejmilejší svou milou já mám, nechodím tam za ní sám, chodí za ní jiných více, milenců má na tisíce, a ta moje znejmilejší je panenka Maria...
[II.4] Tak například na otázku, proč se nepřizná, odpověděl dle protokolu: "Já jsem zrovna v takový situaci, jako se voctnul jednou kvůli néjakejm obrazům Panny Marie sluha akademického malíře Panušky.
Pavenen flag
czPapeždeDer PabstenThe Pope
Wikipediaczdeenno Søk
paven.jpg

Pave Pius X

Wiener Bilder,23.8.1914

Paven var ein av personane dei innlagde på blázinec kunne gje seg ut for å vera.

Bakgrunn

Paven er biskop av Roma, øvste leiar av den Romersk-katolske kyrkja og statsoverhovud i Vatikanet.

Pave frå 1903 fram til han døydde 20. august 1914 var Pius X (fødd Giuseppe Melchiorre Sarto). Den 3 september vart han etterfylgd av Benedikt XV (Giacomo della Chiesa).

Dermed var det Pius som sat i pavestolen på den tida Švejk var innlagd på blázinec (juli 1914).

Sitat
[I.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.
[I.8] Já jsem původně také chtěl dělat blázna, náboženského šílence, a kázat o neomylnosti papežově, ale nakonec jsem si opatřil rakovinu žaludku od jednoho holiče na Malé Straně za patnáct korun.“
Litteratur
Kongen av Englanden flag
czAnglický král
Wikipediaczdeenno Søk
george5.jpg

Georg V før krigen

Kongen av England var ein av personane dei innlagde på asylet kunne gje seg ut for å vera - utan at det fekk fylgjer.

Bakgrunn

viser her mest til kongetittelen og ikkje nødvendigvis til George V som var konge av Storbritannia, Irland og samveldelanda frå 1910 til 1936. Han hadde òg tittlen keisar av India. Tittelen konge av England hadde ikkje eksistert formelt sidan 1707, men som i vår tid var det vanleg å blanda omgrepa England, Storbritannia og United Kingdom.

Kong Georg var av til Huset Saxen-Coburg, ein fyrstefamilie av tysk opphav. Han var syskebarn til både keisar Wilhelm II. og Tsar Nikolaj II.. Av utsjånad var han nokså lik den russiske tsaren. I 1917 vart fyrstehuset døypt om til House of Windsor, eit av fleire døme på politisk motiverte namneendringar under verdskrigen.

Sitat
[I.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.
Litteratur
Svatý Václaven flag
*907 Stochov? - †28.9.935 Stará Boleslav
enSaint Wenceslaus/WenceslasdeHeiliger WenzelnoSankt Václav
Wikipediaczdeenno Søk
stvaclav.jpg

V. Podhradský,1910

Svatý Václav vart nemnd under Švejk sitt opphald på Blazinec (Galehuset) når forfattaren ramsar opp ulike personar eller ting dei innlagde ga seg ut for å vera.

Han dukkar opp att i anekdota om nattpotta i Poděbrady som vart utgitt for å vera hjelmen til St Václav.

Bakgrunn

Svatý VáclavSankt Václav var prins (kníže) av Böhmen frå 921 til sin død. Han vart myrda av bror sin Boleslav, vart kanonisert etter sin død, og vart til slutt tsjekkisk skytshelgen. Václav er framleis skytshelgen for det tsjekkiske folket og Tsjekkia. Festdagen hans er 28. september, og er heilagdag i Tsjekkia.

Václavské náměstí er kalla opp etter han og i 1912 vart det sett opp ei stor ryttarstatue av han i den sørlege enden av gata framfor Museum. Václav er enno i dag eit av dei vanlegaste tsjekkiske mannsnamna.

Sitat
[I.4] A von mu ten jeho kamarád napsal takovej fejton vo takovým jednom sběrateli, jak našel v písku na břehu Labe starej nočník plechovej a myslel, že to přilbice svatýho Václava, a udělal s tím takovej rozruch, že se tam na to přijel podívat biskup Brynych z Hradce s procesím a s korouhvema.
[III.3] A von mu ten jeho kamarád napsal takovej fejton vo takovým jednom sběrateli, jak našel v písku na břehu Labe starej nočník plechovej a myslel, že to přilbice svatýho Václava, a udělal s tím takovej rozruch, že se tam na to přijel podívat biskup Brynych z Hradce s procesím a s korouhvema.
Litteratur
Erkebiskopenen flag
deErzbischofenArchbishop
Wikipediaczdeenno Søk
arcibiskup.jpg

Lev Skrbenský z Hříště, Zlatá Praha, 1899

Erkebiskopen vert vist til i samband med det ein av pasientane på blázinec hevdar at han var erkebiskop.

I [I.9] vert han nemnd på ny ettersom Feldkurat Katz fekk audiens her og etter alt å døma hjelp til å koma inn på Seminář.

Bakgrunn

Erkebiskop kan her bety den romersk-katolske erkebiskopen av Praha sjølv om teksten ikkje indikerer nokon spesiell erkebisop, snarare embetet generelt. I [I.9] er det derimot ingen tvil om at forfattaren skriv omn erkebiskopen av Praha.

I bispesetet på tida det er snakk om sat Lev Skrbenský z Hříště (1863-1938) som heldt embetet frå 1899 til 1916. Han var ein tsjekkisk geistleg og adelsmann som før han vart utnemnd til erkebiskop hadde tena i 10 år som feltprest i k.u.k. Heer.

Sitat
[I.4] Byl tam taky jeden, kterej křičel, že je arcibiskupem, ale ten nic jiného nedělal, než jen žral a ještě něco dělal, s odpuštěním, víte, jak se to může rýmovat, ale tam se žádnej za to nestydí. Jeden se tam dokonce vydával za svatýho Cyrila a Metoděje, aby dostával dvě porce.
[I.9] Rozsadím vás po ajnclících, to vám udělám, lumpové. Ztrácím s vámi čas a vidím, že je to všechno dočista marné. Že kdyby zde byl sám polní maršálek nebo arcibiskup, že se nenapravíte, neobrátíte k bohu. A přece si jednou na mne vzpomenete, že jsem to s vámi myslel dobře.
[I.10.2] Já byl u arcibiskupa,“ hulákal, drže se vrat v průjezdu. „Vatikán se o mne zajímá, rozumíte?“
Litteratur
Sankt Kyrillosen flag
*827 Thessaloniki - †869 Roma
czSvatý CyrildeSankt KyrillenSaint Cyril
Wikipediaczdeenno Søk
kyrillos.jpg

Kyrillos i Olomouc

Sankt Kyrillos vart nemnd i forteljinga til Švejk om oppphaldet sitt på blázinec. Ein av dei innlagde på asylet gav seg ut for å vera helgenane Kyrillos og Methodios for å få to porsjonar.

Bakgrunn

Sankt Kyrillos var ein gresk misjonær, seinare helgen, som saman med broren Methodios starta kristninga dei slaviske folkeslaga. Det kyrilliske alfabetet er oppattkalla etter han. Då han levde var han kjend som Konstantin.

Sitat
[I.4] Jeden se tam dokonce vydával za svatýho Cyrila a Metoděje, aby dostával dvě porce.
Sankt Methodiosen flag
*815 Thessaloniki - †6.4.885 Velehrad
czSvatý MetodějdeSankt MethodenSaint Methodius
Wikipediaczdeenno Søk
methodios.jpg

Methodios i Olomouc

Sankt Methodios vart nemnd i forteljinga til Švejk om oppphaldet sitt på asylet. Ein av dei innlagde på asylet gav seg ut for å vera helgenane Kyrillos og Methodios for å få to porsjonar.

Bakgrunn

Sankt Methodios var ein gresk misjonær og helgen som saman med den yngre broren Kyrillos starta kristninga dei slaviske folkeslaga. Då han levde var han kjend som Michael. Brødrene er ofte kalla dei slaviske apostlar. Dei omsette Bibelen til det som no vert kalla gammal kyrkjeslavisk.

Sitat
[I.4] Jeden se tam dokonce vydával za svatýho Cyrila a Metoděje, aby dostával dvě porce.
Forleggjar Otto, Janen flag
*8.11.1841 Přibyslav - †29.5.1916 Praha
Wikipediaczdeen SøkŠvejkův slovník
otto.jpg

Otto vert nemnd indirekte i samband med pasienten som ga seg ut for å vera 16. del av Otto's konversasjonsleksikon.

Bakgrunn

Otto var ein tsjekkisk forleggjar, mest kjend som utgjevar av Ottův slovník naučný. Han gav og ut skjønnlitteratur, fagbøker og tidskrift. Mellom sistnemnde var Zlatá Praha og Světozor som Jaroslav Hašek skreiv mange soger for. Hovudkvarterer til forlaget J. Otto låg på Karlovo náměstí 34 og dei hadde dessutan ein filial i Wien.

Sonen hans studerte ved Obchodní akademie på same tid som Jaroslav Hašek (1899-1902). Otto oppretta òg eit fond for støtte til fatttige studentar ved akademiet.

Sitat
[I.4] Nejzuřivější byl jeden pán, kerej se vydával za 16. díl Ottova slovníku naučného a každého prosil, aby ho otevřel a našel heslo ,Kartonážní šička’, jinak že je ztracenej.

Kjelder: Radko Pytlík, Marek Šimoňák

Litteratur
General Windischgrätzen flag
Wikipediaczdeensv SøkŠvejkův slovník
windischgraetz.jpg

Alfred Fürst zu Windisch-Graetz

wind_hula.png

Břetislav Hůla, 1951

© LA-PNP

wind_dead.png

Oberst Fürst Windischgrätz, kommandanten for IR. 35 lyst død, 24. juni 1859

Oesterreichischer Soldatenfreund,2.7.1859

Windischgrätz vert i fyrst berre omtala som ein song, ein av dei som rettslegane spør Švejk om han kan.

I [I.7] syng han deler av songen i giktdilerium, like før han dreg i krigen i rullestol, trilla av fru Müllerová.

Bakgrunn

Windischgrätz og kven songen viser til rår det uvisse om. Ein har lenge trudd at det er snakk om general Alfred I. Fürst zu Windisch-Graetz (ref. Břetislav Hůla, 1951). Han var ein kjend hærførar som brutalt slo ned revolusjonane i 1848 både i Praha og Wien.

Songen det er snakk om viser derimot til hendingar under den andre italienske sjølvstendekrigen i 1859, og her var ikkje den gamle feltmarskalken med. Derimot deltok nevøen og svigersonen hans, Karl Vinzenz (1821 - 1859), oberst og øvstkommanderande for Infanterieregiment Nr. 35. Han fall jamvel i slaget ved Solferino 25. juni 1959. 18. juli kom liket tilbake til Praha, ei handing som vekte stor merksemd og fekk stor dekning i pressa.

Motseiande forklaringar

Den siste tyske oversetjinga av Den gode soldat Švejk (Antonín Brousek, Reclam Verlag, 2014), viser i sine omfattande Anmerkungen til begge personane, men hevdar i fyrste tilfellet at det er Alfred I. det er snakk om. I neste er det derimot Karl Vinzenz, sjølv om Švejk utan tvil viser til same songen. Berre ei grundig undersøking av etymologien bak sjølve songen kan kasta lys over desse motsetningane.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

Songen det er snakk om er dels attgjeven i Dobrý voják Švejk v zajetí og i ein samanheng som er svært lik.[1]

"Bylá bitvá bylá, tám u Solferiná, teklo tam krvé moc, krvé pod koléna a na fůry mása, vždyť se tam sekála osmnáctá chása, hop, hop, hop. Osmnáctá cháso, neboj ty se nouze, vždyť za tébou vézou peníze na voze. Peníze na voze a mináž v kočáře …"

Sitat
[I.4] A také to dál neumím,“ vzdychl Švejk. „Znám ještě první sloku z ,Kde domov můj’ a potom ,Jenerál Windischgrätz a vojenští páni od východu slunce vojnu započali’ a ještě pár takových národních písniček jako ,Zachovej nám, Hospodine’ a ,Když jsme táhli k Jaroměři’ a ,Tisíckrát pozdravujeme Tebe’...“
[I.7] Jenerál Windischgrätz a vojenští páni od východu slunce vojnu započali, hop, hop, hop!

Vojnu započali, takto jsou zvolali: „Pomoz nám Kristus pán s panenkou Marií, hop, hop, hop!“

Kjelder: Antonín Brousek, Břetislav Hůla

Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

4. Švejk blir kasta ut av galehuset