![]() | Nordböhmen | ![]() |
| czSeverní ČechyenNorth Bohemia | ||
czdeen
SøkKart | ||
, 1892
Ergänzungsbezirke Nr. 42, 92, 74, 94
,1912
Hašek i Lom der han drakk opp gevinsten frå salget av Omladina sin sykkel.
, Břetislav Hůla (Bedřich Kalina).
Nordböhmen er nemnd i epilogen til Del ein der forteljaren opplyser om at Feldkurat Katz no var prokurator ved ein målingsfabrikk i Nord-Böhmen. Stader frå området er knapt nemnde i Den gode soldat Švejk, dei einaste tilfella er Podmokly og Terezín.
Bakgrunn
Nordböhmen er eit vagt definert geografisk område som viser til det som i dag grovt sett utgjer fylka Ústecký kraj og Liberecký kraj. Viktige byar i området er Liberec, Děčín, Ústi nad Labem, Litoměřice, Teplice, Jablonec, Turnov, Most og Chomutov. Området er fjellendt, industrialisert og har mykje gruvedrift. Fram til 1945 oppga flesteparten av innbyggjarane tysk som omganspråk.
Militært
Militært var regionen underlagd KORPS-KO9 (Leitmeritz - Litoměřice) og fylgjande rekrutteringsdistrikt låg heilt eller delvis innafor området: 42 (Terezín), 92 (Chomutov) og 94 (Turnov).
Hašek og Nord-Böhmen
I Den gode soldat Švejk har området knapt noka rolle i det heile og Hašek sjølv oppheldt seg lite i området. På sommaren 1904 hadde han rettnok eit intermesso i Lom, der han som anarkist tok del i agitasjon blandt gruvearbeidarar og skreiv for anarkistavisa Omladina. Dessutan arbeidde han i ei gruve i ein kort periode. Opphaldet enda dårleg ettersom Hašek og ein kamerat hamna på fylla, selgde anarkist-kameraten Bedřich Kalina sin sykkel og drakk opp gevinsten frå salget[a]. Kalina la til at Hašek si mor måtte betala for sykkelen[b]. Å døma etter innlegga hans i Omladina hedlt han til i Lom berre nokre få veker frå slutten av juni 1904.
Sitat
[I. Doslov] Otto Katz je též na živu. Je to skutečná figurka polního kuráta. Hodil to všechno po převratě na hřebík, vystoupil z církve, dělá dnes prokuristu v jedné továrně na bronz a barviva v severních Čechách. Psal mi dlouhý dopis, ve kterém vyhrožuje, že si to se mnou spořádá. Jeden německý list přinesl totiž překlad jedné kapitoly, kde je vylíčen, jak skutečně vypadal. Navštívil jsem ho tedy a dopadlo to s ním velice dobře. Ve dvě hodiny v noci nemohl stát na nohou, ale kázal a říkal: „Já jsem Otto Katz, polní kurát, vy gypsové hlavy.“
Litteratur
- Kdo byli Karel Vohryzek a Bedřich Kalina?, [a]
- Dopis Zd. Ančíkovi, ,29.3.1949 [b]
| a | Kdo byli Karel Vohryzek a Bedřich Kalina? | ||
| b | Dopis Zd. Ančíkovi | 29.3.1949 |









