Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i
romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.
Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine
merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er
tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske
namn.
Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga
til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er
sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista
under kapittelet der handlinga inntreff.
Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og
dessutan til svejkmuseum.cz.
Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til
dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno
omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.
England
var i 1914 sentrum for the Britiske Imperiet, det største koloniriket verda har sett. Landet kom med i verdskrigen 4.august, gjennom alliansen med Frankrike (Ententen) og provosert av den tyske innmarsjen i Belgia. Krigslysinga mot Austerrike-Ungarn fylgde 12.august.
Det var lite av direkte kampar mellom britiske og austerriksk-ungarske styrkar. Britiske styrkar tok mest del i kampar på Vestfronten og i Midt-Austen, men var involvert over heile verda. Alt i 1914 var dei nesten alle tyske koloniar okkuperte. Imperiet sin økonomiske styrke og den britiske flåten sitt herredøme på havet vart avgjerande for krigsutfallet. Spesielt var blokaden av Sentralmaktene effektiv.
Sitat
[I.4] Člověk se tam může vydávat za pánaboha nebo za panenku Marii, nebo za papeže, nebo za anglickýho krále, nebo za císaře pána, nebo za sv. Václava, ačkoliv ten poslední byl pořád svázanej a nahej a ležel v isolaci.
[I.8] Baronka zatím vytahovala dárky z koše. Tucet pečených kuřat, zabalených do růžového hedvábného papíru a ovázaných černožlutou hedvábnou stužkou, dvě láhve nějakého válečného likéru s etiketou „Gott strafe England!“
[I.14.5] Francie, Anglie i Rusko jsou příliš slabé proti rakousko-turecko-německé žule.
[I.14.5] Pro chmel je nyní ztracena Francie, Anglie, Rusko i Balkán.
[II.3] Bylo jen slyšet, že zástupce vlády, když už byl po krk ve vodě, vykřikl: Gott strafe England!
[II.3] K nim přistupovaly dámy a rozdávaly jim perník s cukrovými nápisy „Sieg und Rache“, „Gott strafe England“, „Der Österreicher hat ein Vaterland. Er liebt’s und hat auch Ursach für’s Vaterland zu kämpfen.“
Krkonoše
vert omtala i samband med at ein innlagd professor på blázinec hevda at sigøynarane si vogge låg nettopp i desse fjella.
Bakgrunn
Krkonoše
er ei fjellkjede på grensa mellom Polen og Tsjekkia, i 1914 mellom Austerrike og Tyskland. Namnet er gamalt, vart nemnd av Ptolemaios, og kan ha urindoeuropeisk opphav. Tydinga av namnet har vorte bevart, og på latin var namnet Gigantei montes. Dette er dei høgaste fjella i Tsjekka, Sněžka ragar 1602 m.o.h.
Sitat
[I.4] Taky jsem se tam sešel s několika profesory. Jeden s nich pořád chodil za mnou a vykládal, že kolíbka cikánů byla v Krkonoších, a ten druhý mně vysvětloval, že uvnitř zeměkoule je ještě jedna mnohem větší než ta vrchní.
Jaroměř
vert nemnd då Švejk ramsar opp songane han kan i det forhøyret på blázinec før han vert kasta ut. Denne songen, Když jsme táhli k Jaroměři, vert nemnd to gonger til i romanen.
Bakgrunn
Jaroměř
er ein gammal by nær Hradec Králové i det austlege Böhmen. Byen har i dag (2017) omtrent 12 000 innbyggjarar.
Songen
Militærsongen som Švejk syng to gonger og nemner ein gong i handlinga var truleg ein av Hašek sine favorittar og han mener den òg i forteljinga, Sportovní fejeton frå 1911. I fylgje Václav Pletka var den opprinnleg kalla Když jsme táhli k Ostroměři, noko som tyder på at den kan ha oppstått i 1866 under krigen med Preussen. Songer har opp gjennom åra dukka opp i mange variantar, og somme av dei er heller vulgære.
Demografi
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Jaroměř 8 213 innbyggjarar der 8 026 (97 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okresJaroměř, forvaltningsdistriktet var hejtmanstvíDvůr Králové nad Labem. Jaroměř var sete for eit prestegjeld og hadde postkontor.
I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Jaroměř vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 18 (Königgrätz) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 11 (Jičin). I 1914 var ein av dei tre bataljonane til k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 11 forlagde i Jaroměř. Ut av innbyggjararne var 181 knyta til militæret, noko som kan forklarast med den korte avstanden til garnisonsbyen Josefov.
Sitat
[I.4] „Znám ještě první sloku z ,Kde domov můj’ a potom ,Jenerál Windischgrätz a vojenští páni od východu slunce vojnu započali’ a ještě pár takových národních písniček jako ,Zachovej nám, Hospodine’ a ,Když jsme táhli k Jaroměři’ a ,Tisíckrát pozdravujeme Tebe’...“
[II.1] Když jsme táhli k Jaroměři, ať si nám to kdo chce věří...
[III.4] Když jsme táhli k Jaroměři, ať si nám to kdo chce věří, přišli jsme tam asi právě k večeři...
Salmovská mot Ječná, den tidlegare politistasjonen er merka.
Pokrok západu,2.4.1902
Národní listy,6.6.1891
Salmova ulice
vert fyrst nemnd slutten av [I.4] då Švejk vart førd til politistasjonen i denne gata etter å ha vorten kasta ut av galehuset. Her møter han den brutale inspektør Inspektor Braun og deler celle med ein god borgar som har hamna på skråplanet etter ein firmafest. Datoen for opphaldet må vera like etter 28. juni 1914 ettersom Švejk les kriglysinga då han vert eskortert vidare til c.k. policejní ředitelství.
Bakgrunn
Salmova ulice
er forfattaren sin skrivemåte for Salmovská ulice, ei kort og krum gate i Praha II, ikkje langt frå U kalicha. Det låg på den aktuelle tida ein politistasjon på hjørna med Ječná ulice (sjå policejní komisařství Salmova ulice). Gata fekk namn etter Franz Altgraf von Salm-Reifferscheid som på slutten av 1700-talet fekk laga ein stor hage bak hus nr. 506.
Namnekonflikt
Kvifor forfattaren brukar namnet Salmova ulice er uvisst ettersom gata vart omdøypt frå Salmova til Salmovská alt i 1870. Likevel ser ein i avisannonsar at Salmova var i bruk til langt ut i mellomkrigstida. Dermed vart namnet lenge brukt side om side med det offisielle Salmovská, så bruken av Salmova er nok eit bevisst valg av forfattaren og ikkje nokon skrivefeil.
Trelasthandlaren Švejk
Ein mann som sette inn ei lysing i 1891 heitte faktisk Josef Švejk og budde i nr. 14. Han lyste bøkeplankar til salgs.
Sitat
[I.4] Švejk prohlásil, že když někoho vyhazují s blázince, že ho nesmějí vyhodit bez oběda. Výtržnosti učinil konec vrátným přivolaný policejní strážník, který Švejka předvedl na policejní komisařství do Salmovy ulice.