Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i
romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.
Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine
merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er
tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske
namn.
Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga
til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er
sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista
under kapittelet der handlinga inntreff.
Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og
dessutan til svejkmuseum.cz.
Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til
dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno
omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.
Příčná ulice
er ei svært kort tverrgate i Nové město litt aust for Karlovo náměstí. Den går frå Žitna ulice til Navrátilova ulice (då Hopfenstockova ulice).
I fylgje adresseboka for 1910 var det ingen møbeltapetserarar i denne gata, det næraste var nokre i Žitná ulice.
Sitat
[I.6] Za tu celou dobu dostal na lep jen čalouníka z Příčné ulice.
[I.6] Pak jsme všichni slyšeli, že pan Bretschneider řekl, vytahuje si zápisník: ,I hleďme, zase nová pěkná velezráda!’, a odešel s tím čalouníkem z Příčné ulice, který se již nevrátil.“
Račiněves
er ein landsby ved Roudnice nad Labem, 47 km nord for Praha. Som korrekt påpeika i Den gode soldat Švejk hadde den postkontor.
Demografi
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Račiněves 840 innbyggjarar der 840 (100 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okresRoudnice, forvaltningsdistriktet var hejtmanstvíRoudnice.
I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Račiněves vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 42 (Leitmeritz) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 10 (Jungbunzlau).
Sitat
[I.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se:
„Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“
Litteratur
Račiněves, Ottův slovník naučnýDíl 21. R (Ř) – Rozkoš,1904
Straškov
er ein landsby ved Roudnice nad Labem, 47 km nord for Praha. Fjellet Říp som ligg like ved skal i fylgja leganda vera den fyrste staden i Böhmen der tsjekkiske innflyttarar slo seg ned.
Det vert korrekt påpeika i Den gode soldat Švejk at postkontoret låg i Račiněves og at Straškov sjølv hadde skule og jernbanestasjon.
Demografi
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Straškov 509 innbyggjarar der 509 (100 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okresRoudnice, forvaltningsdistriktet var hejtmanstvíRoudnice.
I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Straškov vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 42 (Leitmeritz) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 10 (Jungbunzlau).
Sitat
[I.6] Švejk sňal s věšáku nějaké noviny a prohlížeje si zadní stranu inserátů, ozval se:
„Tak vida, tenhle Čimpera v Straškově č. 5, p. Račiněves, prodá hospodářství s třinácti korci vlastních polí, škola a dráha na místě.“
Dejvice
er ein bydel og matrikkeldistrikt i vestlege delen av Praha, mellom sentrum og flyplassen. Administrativt tilhøyrer den Praha 6, og er rekna som eit av dei meir ekslusive områda i hovudstaden. Bydelen var innlemma i Praha i 1922 og Vítězné náměstí er rekna som sentrum.
I 1913 var Dejvice enno ei eiga administrativ eining, sjølv om den var ein del av byområdet Praha.
Demografi
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Dejvice 6 582 innbyggjarar der 6 274 (95 prosent) oppgav at dei brukte tsjekkisk i daglegtalen. Tingdistriktet var okresSmíchov, forvaltningsdistriktet var hejtmanstvíSmíchov.
I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Dejvice vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 28 (Prag) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 8 (Prag).
Sitat
[I.6] „Já bych chtěl špice,“ s klidnou umírněností řekl Bretschneider, „špice, kterej by nekousal.“ „Přejete si tedy bezzubého špice?“ otázal se Švejk, „vím o jednom. Má ho jeden hostinský v Dejvicích.“
[II.3] "Von mně připomíná s těma drobnejma, který nemá", prohodil Švejk, "že je jako nějaký Mlíčko, zedník z Dejvic, ten taky neměl tak dlouho drobný, až se zasekal po krk a byl zavřenej pro podvod. Prožral velký a neměl drobný."
Store St. Bernhard-passet
vert nemnd indirekte gjennom hunderasen Sanktbernhard (eller Bernardiner) som er oppattkalla etter det kjende passet i Alpane.
Hunderasen dukkar fyrst opp i [I.6] når Švejk unngår detektiv Bretschneider sine forsøk på å lura fram kompromitterande utsegn. Dette oppnår han ved å svara med eit heitl anna tema, i dette tilfellet ei historie om ein bernardiner-kvelp. I same kapittelet fortel fru Müllerová at ho vart vitja av politiet medan Švejk sat i arresten og at ein Bernardiner beit ein politimann før den rømde.
Utover i romanen dukkar denne hundensorten opp att fleire gonger, mellom anna i [I.14] under ein samtale med Oberleutnant Lukáš og dessutan under førebuinga av hundetjuveriet. Fabrikkeigar fabrikkeigar Vydra eigde ein Bernardiner som Blahník stal.
Bakgrunn
Store St. Bernhard-passet
er eit pass i dei vestlege Alpane som har gjeve namn til den nemnde hunderasen. Høgaste punktet ligg 2469 meter over havet og passet knyter saman Sveits og Italia. Det er kalla opp etter Bernard av Aosta, betre kjend som Sankt Bernhard.
Hunderasen
Sanktbernhardshundane er rekna som dei største av alle hunderasar og kan vega opp mot hundre kilo og bli ein meter høge. Den vart avla fram ved Store St. Bernhard-passet og vart opprinneleg brukt til redningsteneste i fjellet. Hundane var for hundre år sidan mindre enn i dag, men no er dei grunna den auka vekta ikkje lenger eigna som lavine- og redningshundar.
Hašek og Sanktbernhardshundar
Jaroslav Hašek doma, Václav Menger
På tida då Jaroslav Hašek var redaktør for tidskriftet Svět zvířat dukka Sanktberhardshunden ofte opp på sidene i bladet, både i tekst og fotografi. Utover dette skriv Václav Menger at Hašek ved eit tilfelle skreiv eit oppdikta innslag om ein slik hund i České Slovo, til stor ergring for hundeeigaren Karel Černý, ein hotellvert frå Černošice. Sistnemnde dukka jamvel illsint opp i redaksjonslokala, med den digre hunden sin på slep!
Sitat
[I.6] Švejk prohlásil, že neměl se státem co dělat, ale že jednou měl na ošetřování slabé štěně bernardýna, které krmil vojenskými suchary, a že také chcíplo.
[I.6] Pak šla stlát postel, neobyčejně pečlivě uváděla všechno do pořádku a vrátivši se ke Švejkovi do kuchyně se zaslzeným zrakem poznamenala: „Ty dvě štěňata, milostpane, co jsme měly na dvoře, chcíply. A ten bernardýn, ten nám utek, když tady dělali domovní prohlídku.“
[I.14.3] Kam se na něj hrabe takovej pitomej bernardýn. Je ještě chytřejší než foxteriér. Já jsem znal jednoho...
[I.14.6] „Pohostím ho hovězíma,“ rozhodl se Blahník, „na ty jsem už dostal bernardýna továrníka Vydry, náramně věrný zvíře. Zejtra ti psa přivedu v pořádku.“
Brno
vert nemnd av fru Müllerová då ho fortel Švejk om politiavhøyret etter av sistnemnde vart arrestert. Ho vert spurd av politiet om ho har fått pengar frå utlandet, og ho svarar: "Ja, frå Brno".
Byen vert seinare nemnd berre ein gong, i samband med Feldkurat Matyáš som døydde der utan å ha betalt gjelda si.
Bakgrunn
Brno
er den nest største byen i Tsjekkia med om lag 380 000 innbyggjarar. Byen har ein sterk industritradisjon og er dessutan sete for dei viktigaste rettsinstitusjonane i landet.
Brno var i 1914 hovudstad i Mähren, men byen var mykje mindre enn i dag, òg i flatevidde. På den aktuelle tida var fleirtalet av dei 123 000 borgarane tyske (dette talet inneheld òg dei om lag 15 000 jødane).
Hašek i Brno
Jaroslav Hašek vitja Brno i 1902 på vegen tilbake frå Slovakia. Han skreiv eit postkort herfrå, adressert til syskenbarnet Marie som på denne tida budde i Jaroměř. Kortet er òg underskrive av Viktor Janota og Jan Čulen.
Den gode soldat Švejk i fangeskap
I Dobrý voják Švejk v zajetí er byen såvidt nemnd i samband med ei tysk Lehrerinnenverein og dessutan gata Františkova ulice.[1]
Německá učitelka z 'lehrerinnenvereinu' v Brně jednoho rána převlékla se do vojenské uniformy, sekala šavli do výkladních skříní po ulici Františkově a hulákala: "Gott strafe England!"
Demografi
I fylgje folketeljinga frå 1910 hadde Brno 125 737 innbyggjarar.
Militært
I fylgje rekrutteringsdistrikta vart infanteristar frå Brno vanlegvis tildelte Infanterieregiment Nr. 8 (Brünn) eller k.k. Landwehrinfanterieregiment Nr. 14 (Brünn).
Sitat
[I.6] Se mnou také dělali výslech, kdo k nám chodí, jestli nedostáváme nějaké peníze z ciziny, a potom dělali narážky, že jsem hloupá, když jsem jim řekla, že peníze z ciziny chodějí jen zřídka, posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[I.13] „Vidíte: Polní kurát Matyáš v Brně, zemřel v isolační nemocnici před týdnem. Já bych si rval vlasy. Nezaplatil mně 1800 korun, a jde do cholerového baráku zaopatřovat nějakého člověka, po kterém mu nic nebylo.“
Angora
er her brukt som adjektiv for ein katterase og er det tidlegare namnet på Ankara. Angorakatten vert nemnd tre gonger i romanen.
Fyrst dukkar den opp når fru Müllerová opplyser Švejk at ho fortalde politiet at det var kome pengar til han etter ein salgsannonse for ein Angora-katt i Národní politika. Pengane var frå "utlandet", frå ein handelsmann i Brno. Dette var etter at Švejk var sett på frifot etter den fyrste arrestasjonen.
Den andre katten tilhøyrer Oberleutnant Lukáš og tek direkte del i handlinga. Den sette til livs kanarifuglen hans etter at Švejk slapp katten og fuglen saman "så dei vart vande med kvarandre". Katten sjølv enda sine dagar ved å eta skokrem i [I.15], Švejk kvitta seg så med han i kjellaren til naboen.
Bakgrunn
Angora
er det historiske namnet på Ankara, hovudstaden i Tyrkia. Ankara er den nest største byen i landet og har vore hovudstad sidan 1923. Angorakatten er ein huskatt-rase med opphav i det sentrale Vesleasia.
Bilete av angorakattar dukka opp på sidene til dyremagasinet Svět zvířat i tida då Jaroslav Hašek var redaktør der (1909-1910). På same tida skreiv han ei forteljing om angorakatten Bobeš, ein hankatt som kunne snakka. Forteljinga heitte O domýšlivém kocouru Bobešovi (Om den innbilske katten Bobeš) og kom på trykk i Svět zvířat 1. mars 1910.
Angorakatten er med i tilsaman 6 (minst) av sogene til Hašek frå før krigen. Ein av dei er Má drahá přitelkyně Julča (Mi kjære veninne Julie) som kom på trykk i tre påfylgjande utgåver av Zlatá Praha i april og mai 1915. Denne soga er lagt til Jaroslav Hašek si tid som dyrehandlar i Košíře og inneheld tema me kjenner frå romanen (Brehm og Klamovka er nemnde). Soga O nejošklivějším psu Balabánovi (Svět zvířat, 1913) viser i forbifarten til ein Angorakatt. Den snakkande katten Markus dukkar opp i ei anna historie, og til slutt er det katten Lili i soga om professor Axamit. Sjå linkane nedafor for eit full oversikt.
Sitat
[I.6] Se mnou také dělali výslech, kdo k nám chodí, jestli nedostáváme nějaké peníze z ciziny, a potom dělali narážky, že jsem hloupá, když jsem jim řekla, že peníze z ciziny chodějí jen zřídka, posledně od toho pana řídícího z Brna ta záloha šedesát korun na angorskou kočku, kterou jste inseroval v Národní politice a místo toho jste mu poslal v bedničce od datlí to slepé štěňátko foxteriéra.
[I.14.3] Neobyčejně rád měl zvířata. Měl harckého kanárka, angorskou kočku a stájového pinče.
[I.14.3] A angorská kočka si opět vlezla pod pohovku.
[I.15] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant, že jste přišel o kočku. Sežrala krém na boty a dovolila si chcípnout. Hodil jsem ji do sklepa, ale do vedlejšího. Takovou hodnou a hezkou angorskou kočku už nenajdete.“
Leonberg
vert nemnd indirekte (gjennom hunderasen Leonberger) når Švejk fortel detektiv Bretschneider at han ein gong selde ein leonberger til ein anarkist for 100 kroner.
Bakgrunn
Leonberg
er ein by i Schwaben som gav namnet sitt til den nemnde hundereasen. Dette er ein svært stor hunderase med mykje pels, som vart avla opp på 1800-talet. Den kan vega opp mot 80 kilo.
Leonberger-hunder vert skrivne om i Svět zvířat på tida då Jaroslav Hašek var redaktør der. Forfattaren hadde god greie på hundehald, noko som kjem fram gjennom dei mange referansane til hundar, både i romanen og ellers i forfattarskapet hans.
Sitat
[I.6] Když měli každý pátou čtvrtku, prohlásil se Bretschneider za anarchistu a ptal se Švejka, do které organisace se má dát zapsat. Švejk řekl, že si jednou jeden anarchista koupil od něho leonbergera za sto korun a že mu zůstal poslední splátku dlužen.
Skottland
vert nemnd indirekte gjennom hunderasen skotsk sauehund når forfattaren omtalar Švejk sine hundeforretningar med detektiv Kalous.
Bakgrunn
Skottland
er ein nasjon nord på øya Storbritannia som sidan 1707 har vore i union med England. Som ein del av United Kingdom tok skotske styrkar del i fyrste verdskrigen.
Den skotske sauehunden (Border Collie) vart avla fram på slutten av 1800-talet. Den er rekna som verda sin mest populære gjetarhund.
Sitat
[I.6] Pak tam šel koupit psa detektiv Kalous a vrátil se s vyjevenou potvorou, připomínající hyenu skvrnitou, s hřívou skotského ovčáka, a v položkách tajného fondu přibyla nová: D...90 K.