Kart over Austerrike-Ungarn i 1914 som viser militærdistrikta og Švejk si rute. Heile handlinga i
romanen føregjekk på Dobbeltmonarkiet sitt territorium.
Den gode soldat Švejk inneheld ei mengde omtalar av stadsnamn - enten direkte i handlinga, i dialogar eller i forfattaren sine
merknader. Jaroslav Hašek var sjølv svært vidfaren og hadde eit fotografisk minne for geografiske (og andre) detaljar. Det er
tydeleg at han la stor vekt på desse i forteljingane sine. Heile 8 av 27 kapitteloverskrifter inneheld geografiske
namn.
Denne sida vil etter kvart innehalda ei full oversikt over alle geografiske referansane i boka; frå Praha i innleinga
til Klimontów i den ufullførde del IV. Land, byar, landsbyar, fjell, hav, innsjøar, elvar og øyar er med. Listene er
sorterte etter når staden fyrst vert omtala. Unnataket er stader der sjølve handlinga føregår: desse vert lista
under kapittelet der handlinga inntreff.
Sitata er frå Jaroslav Šerák sin internettversjon av Den gode soldat Švejk og har linkar til det relevante kapittelet.
Verktøylinjene har linkar for direkte oppslag i Wikipedia, Google Maps, Google Søk, romanen på nett og
dessutan til svejkmuseum.cz.
Merk at enkelte namn manglar i Odd Bang-Hansen si norske oversetjing av Den gode soldat Švejk (som er forkorta). Dette gjeld til
dømes heile innleiinga. Tsjekkiske namn er i den norske utgåva skrivne utan aksentar og i enkelte høve fornorska.
Stadnamna har farge etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: Sanok som ein stad der handlinga føregår, Dubno
omtala av forfattaren, Zagreb som del av ein i dialog, og Pakoměřice som vert nemnd i ei anekdote.
Zlíchov
vert trekt inn av Švejk når han fortel Feldkurat Martinec at alle feltprestar han kjenner røykjer som destilleriet i Zlíchov.
Bakgrunn
Zlíchov
er ein liten bydel i Praha, på vestbreidda av Vltava sør for Smíchov. Švejk viser til brenneriet (lihovar) vist på biletet.
Sitat
[IV.2] „To se divím,“ řekl Švejk. „Znal jsem mnoho feldkurátů a ti kouřili jako špirituska na Zlíchově. Feldkuráta si vůbec nemůžu představit, aby nekouřil a nepil.
[IV.2] Von byl totiž ten pan Faustýn úplně vožralej a zapomněl, že já bydlím v Opatovickej ulici docela v nízkém přízemí, a ne ve třetím patře jako před rokem, když jsem bydlel v Křemencovej ulici a von ke mně chodil na návštěvu.“