Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private.
Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar
einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste
vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar
som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.
Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som
rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien
framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta
tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.
Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
U kalicha som ein stad der handlinga føregår,
k.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren,
Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og
Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.
Drogerie Průša
var apoteket der tenar Ferdinand var tilsett. Han drakk ei flaske hårolje ved uhell.
Bakgrunn
Drogerie Průša
var eit apotek i Vinohrady, eigd av František Průša. Det låg på nedre hjørna av Tylovo náměstí, mot Vávrova třída. Jaroslav Hašek arbeidde her som lærling ei tid mellom mars 1898 og september 1899 men nemner aldri apoteket i forteljingane sine.
Fleire avisannonsar vitnar om butikken sin eksistens, stadfesta av adressebøker. Til dømes dukka det i 1906 opp diskrete annonsar for kur mot "mannfolkproblem", men det vart òg annonsert for pulver mot veggedyr.
I august 1915 vart større mengder møblar lyste til salgs i Prager Tagblatt, noko som tyder på føreståande stenging. Dette var nok eit resultat av at eigaren døydde i mai.
Sitat
[I.1] Jednoho, ten je sluhou u drogisty Průši a vypil mu tam jednou omylem láhev nějakého mazání na vlasy, a potom znám ještě Ferdinanda Kokošku, co sbírá ty psí hovínka. Vobou není žádná škoda.“
K.u.k. Heer
er nemnd fyrst (som "hæren") i ein anekdote som Švejk fortel frå tida si som vernepliktig. Dette er i samtalen med fru Müllerová heilt i starten av Den gode soldat Švejk. Sidan vært hæren nemnd mange gonger, og er den viktigaste bakteppet for heile romanen ettersom Švejk er soldat heilt frå midten av Del ein. Den er òg den viktigaste skyteskiva for Jaroslav Hašek sin satire.
Bakgrunn
K.u.k. HeerK.o.k. Hær
(kortform av Kaiserliche und Königliche Heer) var den største og viktigaste eininga i k.u.k. Wehrmacht. Saman med k.k. Landwehr (Austerriksk heimevern) og Honved (Ungarsk heimevern) utgjorde den Landstreitkräfte. Desse og k.u.k. Kriegsmarine utgjorde tilsaman dei væpna styrkane til Dobbeltmonarkiet.
Felleshæren bestod av infanteri, kavaleri, artilleri, forsynings-troppar og ingeniørtroppar. Vernepliktstida var fram til 1912 tre år, deretter to. Infanteriet, våpengreina som Švejk tilhøyrde, var den lagst største i felleshæren med 110 regiment. Av desse var 102 regulære, 4 Tiroler Kaiserjäger og 4 frå Bosnia-Hercegovina.
Under krigen vart tap erstatta av såkalla marsjbataljonar, og det var ein av desse Švejk seinare skulle gjera teneste i. k.u.k. Heer eksisterte frå 1867 til 1918 og leid katastrofale tap i fyrste verdskrigen, den einaste fullskala krigen dei nokon gong tok del i. I ulike periodar slost dei på fire frontar; Serbia, Galicia, Romania og Tyrol. Etter dei store tapa i 1914 vart den meir og meir avhengig av tysk støtte.
Frå 1913 heldt hær-kommandoen til i Kriegsministerium sin bygning på Stubenring 1, Wien. På den tida Švejk gjorde fyrstegongsteneste heldt dei nesten sikkert enno til i dei gamle lokala på Am Hof 2. Denne bygningen vart riven i 1912. Keisaren var øvstkommanderande, men var representert ved KMIN.
Oberbefehl var formelt i hendene på monarken som kommuniserte med hæren gjennom Militärkanzlei Seiner Majestät des Kaisers und Königs. Kriegsministerium var ansvarleg for den daglege drifta av hæren. Frå 1914 til 1917 var erkehertug Friedrich generalinspektør men han overlet den operative leiinga til Feldmarschall Conrad.
Sitat
[I.1] Jó, paní Müllerová, dnes se dějou věci. To je zas ztráta pro Rakousko. Když jsem byl na vojně, tak tam jeden infanterista zastřelil hejtmana. Naládoval flintu a šel do kanceláře.
[III.1] Von nám dával takovej pěknej příklad z dějin naší armády, když ještě sloužil Radeckej a s večerními červánky slučoval se voheň, jak hořely stodoly na bojišti, jako kdyby to byl viděl.
Handlinga kom innom her att i [I.6] då Švejk vart sett fri att og på ny møter detektiv Bretschneider. Her vert detektiven overtala til å kjøpa hundar. Švejk sitt siste besøk er i [I.10,4] etter at han har starta tenesta si hjå Feldkurat Katz. fru Palivcová nektar å servera han avdi ho trur han er desertør.
U kalicha vert òg nemnd i [II.4] i den kjende scena frå Bruck då Švejk og Sappeur Vodička lovar kvarandre å møtast att der etter krigen, klokka 6 om kvelden - eit av dei mest kjende sitata frå heile romanen. Her avslører Švejk at U kalicha serverte øl frå Velké Popovice.
Bakgrunn
U kalicha
er namnet på ein restaurant i gata Na Bojišti i Nové město, og dessutan namnet på bygningen der restauranten held til. Prov på kneipa sin eksistens finn ein alt i 1896 då Vilém Šubert er oppførd som vert i Na Bojišti 8. Avislysingar i 1899 avslører at den alt då var kjend som U kalicha og at den låg i Na Bojišti 1732/8, i den same bygningen som i dag. Sjølve bygningen har beviseleg stått der minst sidan 1890[c]. I 1907 vart bygningen lagt ut for salg og annonsen nemner puben.
I adresseboka frå 1910 er oppføringa Na Bojišti 1732/14. Verten er no Vilém Juris, som i 1907 er oppførd som vert på ei kneipe i Smíchov. Politibøkene viser at han budde i Na Bojišti 1732 frå 18. juli 1908, var fødd i 10. juni 1871 og gift med Blahoslava. I 1913 marknadsførde han kneipa spesifikt mot studentar under namnet U zlatého kalichu. Juris reklamerer med "ein kjend møtestad for studentar, med konsertar kvar dag og ope heilt til morgonen". I 1917 hadde ein viss Vaneček teke over drifta. I april 1923 avslører annonsar at puben no vart kalla Café Evropa og baud på franske rettar. Adresseboka viser at eigaren no var Josef Kyral. Annonsar frå november 1923 viser dei fyrste teikna på at U kalicha har byrja å utnytta knytinga si til Den gode soldat Švejk.
Det er enno uklårt kvifor forfattaren let U kalicha spela ei såpass viktig rolle i romanen etter som ingen av dei som har skrive om Hašek, vener som historikarar, nemner den som ein stad han frekventerte. Ein har heller ingen uavhengig stadfesting av at dei faktisk serverte øl på Velké Popovice der men ettersom dette var det største bryggeriet i heile Böhmen er det all grunn til å tru at Švejk snakkar sant.
Ein mogeleg samanheng er ein Josef Švejk (1892-1965) som frå 1912 budde to hus lenger nede i gata og som forfattaren kan ha visst om, ikkje minst ettersom begge var frivillege i České legie frå 1912. I denne samanhengen er det verd å nemna at U kalicha ikkje er nemnd i det tidlege utgåvene av Den gode soldat Švejk frå 1911 og 1917 så forfattaren sin kjennskap til denne personen kan godt ha ført til at U kalicha vart dregen inn i romanen. Førenamnet Josef er òg brukt for fyrste gong i den endelege utgåva frå 1921.
Legendene tek form
Prager Presse,5.12.1929
Opp gjennom åra har det vorte spunne ei rad legender kring U kalicha og romanen til Jaroslav Hašek. Eit tidleg døme er Maxmilian Huppert[a] som hevda at ein viss FrantišekŠvejca (fødd 1875) var stamgjest her, var hundehandlar, og legg til detaljar som alle luktar av forsøk på å tilpassa røyndomen til omtalen i romanen. Huppert sitt kronvitne er ein tidlegare innehavar av U kalicha, Ferdinand Juris. Denne hevdar å ha kjendt den omtala "Švejk". Meir konkrete er opplysningane om at puben ikkje lenger var i drift og at lokala vart brukte som mjøl-lager.
Me veit òg at Jaroslav Hašek var ein del saman med studentar frå den tekniske høgskulen og det kan vera med desse han vanka på U kalicha. At han kjende nabolaget i U kalicha er òg klårt. To hus lenger ned i gata, i nummer 463/10, låg det eit bordell registrert på Antonín Nosek (1912). Dette kan forklara kvifor Švejk fortalde Sappeur Vodička at "dei hadde jenter der".
Eit underleg påstand kjem frå den kjende norske germanisten Elsbeth Wessel. I ein ellers innsiktsfull bolk om Hašek opplyser ho om at "forfattaren langsomt drakk seg til døde på U kalicha". Kven kjeldene til denne påstanden er veit me ikkje, men ein må sjå det som ein glipp ettersom resten av bidraget hennar er av høg kvalitet.
I 1968 dukka det opp ei likande soge i vekebladet Květy (12. september 1968, signert J.R Veselý). Den kom med sensasjonelle påstandar om at JosefŠvejk faktisk var ein av Jaroslav Hašek sine vener og at dei hadde møtt kvarandre både før, under, og etter krigen. Mykje av opplysningane i artikkelen er stadfesta, men detaljane som knyter denne Švejk til Hašek verkar som oppspinn. Sjå Josef Švejk for fleire detaljar.
Eit surr av rykte
I boka si frå Die Abenteuer des gar nicht so braven Humoristen Jaroslav Hašek (1989) kom Jan Berwid-Buquoy kom med ein del nye om enn "kulørte" opplysningar. Det vert hevda at Marie Müllerova var ei bordellmamma i same bygningen, at František Strašlipka, den påståtte prototypen for Švejk, var stamgjest og jamvel elskaren hennar, at Palivec var kelnar her, at kneipeverten var ein viss grovkjefta Václav Šmíd. Forfattaren har sidan bearbeida soga nokre gonger - gjennom ei ny bok (2011) og ein artikkel i Reflex (2012). Namnet på pubverten og andre detaljar er endra men essensen i opplysningane har ein ikkje lukkast å stadfesta.
Til sjuande og sist verkar desse sogene å vera tufta på lausprat. Eir meir alvorleg moment er at mykje av dette låg ute på restauranten si heimeside fram til 2022 (òg på engelsk og russisk). Dermed vart mytene spreidde over heile verda. Her vert endå fleire "fakta" plussa på: U kalicha skal ha kome i vinden etter omsetjinga av Den gode soldat Švejk til tysk (1926) og spesielt på 1930-talet då tyske bladmenn og forfattarar kom på vitjing til Egon Erwin Kisch. I så fall må dei ha vorte skuffa ettersom restauranten vart lagd ned ein gong mellom 1924 og 1929[a] (den er ikkje å finna i adresseboka for 1936).
Ein turistattraksjon
Sommaren 1955 vart U kalicha gjenopna, og medvite gjord til ein turistattraksjon etter å ha vore brukt som lager i mange år[b]. Frå den tida omfattar restauranten lokala både i nr. 14 og nummer 12 og lever godt på samanhengen til Den gode soldat Švejk, med prisar over gjennomsnittet, og bussgrupper jamt på vitjing. Likevel er U kalicha verd besøket med sine memorabilia knytte til Švejk og tida rundt fyrste verdskrigen. For å unngå trengsel tilrår me å vitja rundt middag eller tidleg ettermiddag. Maten er tsjekkisk, og menyen er på 27 språk, mellom anna norsk.
Sitat
[I.1] Já teď jdu do hospody „U kalicha“, a kdyby sem někdo přišel pro toho ratlíka, na kterýho jsem vzal zálohu, tak mu řeknou, že ho mám ve svém psinci na venkově, že jsem mu nedávno kupíroval uši a že se teď nesmí převážet, dokud se mu uši nezahojí, aby mu nenastydly. Klíč dají k domovnici.“
[I.1] V hospodě U kalicha seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie. Hostinský Palivec myl tácky a Bretschneider se marně snažil navázat s ním vážný rozhovor.
[I.1] A Švejk opustil hospodu U kalicha v průvodu civilního strážníka...
[I.1] Když vcházeli do vrat policejního ředitelství, řekl Švejk: "Tak nám to pěkně uteklo. Chodíte často ke Kalichu?" A zatímco vedli Švejka do přijímací kanceláře, u Kalicha předával pan Palivec hospodu své plačící ženě, těše ji svým zvláštním způsobem: "Neplač, neřvi, co mně mohou udělat kvůli posranýmu obrazu císaře pána?"
[I.1] Jestli situace vyvinula se později jinak, než jak on vykládal u Kalicha, musíme mít na zřeteli, že neměl průpravného diplomatického vzdělání.
[I.5] Nedávno u Kalicha nevyvedl jeden host nic jinýho, než že sám sobě rozbil sklenicí hlavu.
[I.6] Jeho uvažováni, má-li se stavit napřed ještě u Kalichu, skončilo tím, že otevřel ty dveře, odkud vyšel před časem v průvodu detektiva Bretschneidra.
[I.10.4] Pak se šel Švejk podívat ke Kalichu. Když ho paní Palivcová uviděla, prohlásila, že mu nenaleje, že asi utekl.
[I.16] Ceremoniář dr. Guth mluví jinak než hostinský Palivec u Kalicha a tento román není pomůckou k salónnímu ušlechtění a naučnou knihou, jakých výrazů je možno ve společnosti užívat. Jest to historický obraz určité doby.
[II.3] Jeden medik, který chodíval ke Kalichu, nám jednou vykládal, že to ale není tak jednoduchý.
[II.4] Když se Švejk s Vodičkou loučil, poněvadž každého odváděli k jejich části, řekl Švejk: "Až bude po tý vojně, tak mé přijel navštívit. Najdeš mé každej večer od šesti hodin u Kalicha na Bojišti."
[II.4] Potom se vzdálili a bylo slyšet zas za hodnou chvíli za rohem z druhé řady baráků hlas Vodičky: "Švejku, Švejku, jaký mají pivo u Kalicha?" A jako ozvěna ozvala se Švejkova odpověď: "Velkopopovický."
[III.1] "Bylo to moc hezký a poučný," řekl Švejk, "já si to pamatuju velmi dobře, a až se vrátím z vojny, tak to budu vypravovat u Kalicha.
Staatspolizei
er nemnd når det vert fortalt at detektiv Bretschneider er i teneste hjå statspolitiet.
Bakgrunn
Staatspolizei
(offisielt k.k. Staatspolizei) var den sivile overvakingstenesta i Cisleithania, med hovudoppgåve å halda auge med statsfiendtlege element. Avdelinga vart stifta i 1893 og rapporterte direkte til statthaldaren. I Praha opererte tentestemennene og agentane deira frå bygningen til c.k. policejní ředitelství. I teneste hjå statspolititet var mellom andre dei to unge juristane Slavíček og Klíma. Avdelingsleiar var Viktor Chum.
U Valšů
Jaroslav Hašek hadde svært god kjennskap til statspolitiet. Dette starta i perioden hans som anarkist (frå 1904). Det mest omtala møtet med dei er likevel episoden ved U Valšů den 24. november 1914 der han skreiv seg inn som russisk handelsmann - etter eige utsagn for å testa dei austerrikske tryggleikstenestene. Han fekk fem dagars fengsel som han sona like etterpå.
Under krigen
Under krigen fall augene til statspolitiet på han på ny. Det hende etter at forfattaren 17. juli 1916 ga ut ei historie i Čechoslovan der han let ein hankatt besudla eit bilete av keisaren. Dette førde til landssvikskuldingar og arrestordre. Fleire av dei andre stykka han skreiv vekte òg merksemd. Dei vart oversette til tysk og førde til livleg kommunikasjon mellom politikontora i Praha og Wien.
Dobrý voják Švejk v zajetí
… Švejka vedli k výslechu do oddělení státní policie přímo k policejnímu komisaři Klímovi a Slavíčkovi.
Sitat
[I.1] V hospodě „U kalicha“ seděl jen jeden host. Byl to civilní strážník Bretschneider, stojící ve službách státní policie. Hostinský Palivec myl tácky a Bretschneider se marně snažil navázat s ním vážný rozhovor.
Vinárna Sarajevo
var ei vinstove i Nusle der det i fylgje kneipevert Palivec var slåsting kvar dag.
Bakgrunn
Vinárna Sarajevo
har det ikkje lukkast å identifisera. I fylgje Milan Hodík kan kneipevert Palivec ha vist til ei lita kneipe kjend som Bosna på ei høgd ved Michle[a].
Milan Hodík
Šlo nejspíš o malou hospodu zvanou Bosna na michelském kopce nad Bondyho statkem.
Sitat
[I.1] „Ty nám to pěkně v tom Sarajevu vyvedli,“ se slabou nadějí ozval se Bretschneider. „V jakým Sarajevu?“ otázal se Palivec, „v tej nuselskej vinárně? Tam se perou každej den, to vědí, Nusle.“
Mladočeši
er nemnd indirekte når kneipevert Palivec slår fast ovafor detektiv Bretschneider at han er næringsdrivande, og serverer kven det måtte vera. Om ein tyrkar, anarkist, muhammedanar eller Ungtsjekkar slo hel erkehertug Franz Ferdinand var det eitt feitt for han.
Bakgrunn
MladočešiUngtsjekkarane
- offisielt Národní strana svobodomyslná (Det Nasjonalliberale Parti), var eit tsjekkisk politisk parti som eksisterte frå 1874 til 1918. Partiet nådde høgda av si makt på 1890-talet. Med sine for tida radikale krav om ålmenn stemmerett og større sjølvstyre for dei tsjekkiske områda av Austerrike fekk dei stor støtte i heimlandet men møtte desto større motstand frå Wien.
Deretter fekk dei konkurranse frå Sosialdemokratane og Agrarpartiet og mista noko av innflytelsen sin. Den mest framståande politikaren i partiet si historie var Karel Kramář. Hovudorganet var Národní listy, ei avis Jaroslav Hašek skreiv mange forteljingar for. Ved valget til Reichsrat i 1911 fekk partiet 14 mandat og 9,8 prosent av stemmene i Böhmen.
Sitat
[I.1] „Host jako host,“ řekl Palivec, „třebas Turek. Pro nás živnostníky neplatí žádná politika. Zaplať si pivo a seď v hospodě a žvaň si, co chceš. To je moje zásada. Jestli to tomu našemu Ferdinandovi udělal Srb nebo Turek, katolík nebo mohamedán, anarchista nebo mladočech, mně je to všechno jedno.“
Věznice Pankrác
vert implisitt nemnd av kneipevert Palivec som helst ikkje vil snakka om politikk av frykt for å enda opp i Pankrác.
Fengselet vert vist til òg i [I.3] der den uheldige dreiebenk-operatøren som braut seg inn i Podolský kostelík vart sett inn og seinare døydde.
Bakgrunn
Věznice PankrácPankrác fengsel
(c. k. trestnice pro mužké v Praze) var på den aktuelle tida eit fengsel for for menn, og "pankrác" er nesten synonymt med fengsel i tsjekkisk slang. Fengselet er kalla opp etter bydelen Pankrác der det ligg, og vart bygd frå 1885 til 1889.
På den tida var det eit moderne fengsel med gode soningsforhold. Under Austerrike var dei innsette stort sett tunge mannlege kriminelle, men enkelte politiske fangar var òg innom.
Fengselet vart seinare brukt som rettarstad og i alt 1580 personar vart avretta der, 1087 av dei under den nazistiske okkupasjonen. Under kommunist-styret frå 1948 vart endå nokre hundre avretta.
Egon Erwin Kisch
Den Rasande Reporter har gjort sitt til at fengslet er vorte så kjendt. Etter å ha vorte nekta tilgjenge klatra han over muren og raporterte frå gravstaden til dei innsette. Gravene deira hadde ikkje ein gong namn! Alt dette kjem fram i soga Im Friedhof der Pankratzer Sträflinge (På gravpalssen til dei daude innsette), fyrst trykt i Bohemia før krigen[a] og i 1931 kom den ut i boka Prager Pivatal, men med ein litt endra tittel.
Sitat
[I.1] „Já se do takových věcí nepletu, s tím ať mi každej políbí prdel,“ odpověděl slušně pan Palivec, zapaluje si dýmku, „dneska se do toho míchat, to by mohlo každému člověku zlomit vaz. Já jsem živnostník, když někdo přijde a dá si pivo, tak mu ho natočím. Ale nějaký Sarajevo, politika nebo nebožtík arcivévoda, to pro nás nic není, z toho nic nekouká než Pankrác.“
Krajský soud Písek
er der grisegjeldaren frå Vodňany vart dømd og avretta, medan han sa dei verste ting tenkjelege om keisaren. I alle fall er det dette Švejk fortel detektiv Bretschneider om på U kalicha.
Bakgrunn
Krajský soud PísekKretsretten Písek
var ein institusjon i Austerrike sitt rettsvesen, og som heldt fram òg under Tsjekkoslovakia inntil 1945. Den låg i ein stor bygning på sørlege delen av Velké náměstí, ned mot Otava og vegg i vegg med den mindre Okresní soud Písek. Rettspresident i 1915 var František Soukup. På tomta held i dag sistnemnde til, dvs. disktriktsretten, men bygningen er av nyare dato.
Hilsner
Retten i Písek var åstaden for den andre rettsaka i den illgjetne Hilsner-affæren (òg Polna-affæren) der den unge jøden Leopold Hilsner vart skulda for ritualmord. Dødsdommen hans vart stadfesta i Písek 14. november 1900 men var omgjort til livstid av keisar Franz Joseph I. og i 1918 vart Hilsner sett fri under eit generelt amnesti[a]. Den framtidige presidenten Masaryk sette den akademiske karriera si på spel i sitt forsvar for Hilsner, og ein artikkel han skreiv om saka vart konfiskert[b]. Dommen i Písek vart oppheva så seint som i 1998.
Sitat
[I.1] Když ho potom u krajského soudu v Písku věšeli, ukousl knězi nos a řekl že vůbec ničeho nelituje, a také řekl ještě něco hodně ošklivého o císařovi pánovi.“