Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private.
Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar
einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste
vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar
som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.
Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som
rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien
framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta
tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.
Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme:
U kalicha som ein stad der handlinga føregår,
k.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren,
Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og
Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.
Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907
Stoletá kavárna
vert nemnd i og med at det store kortspelet i anekdota til Švejk som han underheld Feldkurat Katz med etter at den siste hadde spelt tenaren vekk i kort. Hendinga fann stad i ei "hospoda" bak Stoletá kavárna og hovudaktøren var den gamle røyrleggjaren blekkslagar Vejvoda.
Bakgrunn
Stoletá kavárna
var ein kafé med adresse Na Zderaze i Nové město som eksisterte frå før 1887 og utover, men det er uvisst akkurat når den vart opna og når den endeleg stengde. Dei tidlege annonsane avslører at ein viss Slavík var innehavar. I 1908 avslører desse små-annonsane at innehavaren er Antonín Kolář og adresseboka frå 1907 stadfestar at han òg eigde bygningen. Sjå dessutan Hospoda za Stoletou kavárnou.
I 1909 vart den gamle bygningen riven og ein ny sett opp på same tomta. Jaroslav Hašek har nok kjend til begge utgåvene av kafeen, men på blekkslagar Vejvoda si tid var det nok snakk om før rivinga. I 1914 lyste dei etter pianist, staden var òg danse- og konsertlokale. I 1915 skifta bygningen eigar etter ein konkurs og i 1916 vert det snakka om en tidlegare kafeen. I 1918 var den derimot i drift att og i 1920 var kafeverten ein viss B. Michálek. På veggen av den nye bygningen er enno påskrifta "Stoletá kavárna" synleg.
Sitat
[I.14.1] „A bylo v banku hodně?“ otázal se Švejk klidně, „nebo jste málokdy dělal forhonta? Když nepadá karta, je to velmi špatný, ale někdy je to mizerie, když to jde až příliš dobře. Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš v jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’. Jednou taky, čert mu to napískal, povídá: ,A což abychom si hodili jedníka o pětníček.’
[I.14.1] Kominickej mistr byl už do banku dlužen přes půldruhého miliónu, uhlíř ze Zderazu asi milión, domovník ze Stoletý kavárny 800 000 korun, jeden medik přes dva milióny.
Hospoda za Stoletou kavárnou
vert nemnd i soga om det store kortspelet som Švejk underheld Feldkurat Katz med etter at den siste hadde spelt tenaren sin vekk i kort. Hendinga fann stad i ei "hospoda" bak Stoletá kavárna og hovudaktøren var gamle blekkslagar Vejvoda.
Bakgrunn
Hospoda za Stoletou kavárnou
var truleg puben som i 1907 og 1910 tilhøyrde Josef Pavlíček. Vertshuset låg i Na Zbořenci 7, to hus opp gata frå Stoletá kavárna. kokk Pavlíček eigde dessutan bygningen, han kjøpte den ved ein konkursauksjon i 1904.
Sitat
[I.14.1] „A bylo v banku hodně?“ otázal se Švejk klidně, „nebo jste málokdy dělal forhonta? Když nepadá karta, je to velmi špatný, ale někdy je to mizerie, když to jde až příliš dobře. Na Zderaze žil nějakej klempíř Vejvoda a ten hrával vždy mariáš v jedné hospodě za ,Stoletou kavárnou’. Jednou taky, čert mu to napískal, povídá: ,A což abychom si hodili jedníka o pětníček.’
Prager Einjährig-Freiwilligenschule
var skulen der Oberleutnant Lukáš var instruktør då han møtte Švejk. Dette kjem fram då forfattaren introduserer Lukáš for lesaren. Offiseren fortel elevane sine dessutan: "La oss vera tsjekkiske men ingen treng vita om det. Eg er òg tsjekkar". Forfattaren legg dessutan til at alle elevane ved skulen var tsjekkiske.
Skulen vert nemnd att seinare, mellom anna då han ovafor humlehandlar Wendler forklarar kva han driv med og planane framover.
Bakgrunn
Prager Einjährig-Freiwilligenschule
viser til ein reserveoffiser-skule i Praha. Desse skulane var knytte til einskilde regimentet, men ettersom det ikkje vert avslørt kva regiment Oberleutnant Lukáš tente hjå, veit me ikkje noko meir konkret. Neste steg er å sjå på kva infanteriregiment som enno hadde stabsfunksjonar i byen vinteren 1914-15. Dette var Infanterieregiment Nr. 11, IR73 og Infanterieregiment Nr. 102 og Lukáš har nokså sikkert vore instruktør ved eit av desse (at han vart overførd frå k.k. Landwehr er lite truleg).
Motstridande spor
Omtalen av det seinare hundejuveriet gjev ein viss peikepinn om kvar skulen låg. Blahník drog med Fox i retning Vršovice, så ein skulle ut frå dette tru at Oberleutnant Lukáš budde der. Dette saman med opplysinga om Katy Wendler gjekk til fots saman med Švejk til kaserna der offiseren underviste, indikerer IR73 og Vršovice kasárna.
Ein skal likevel ikkje ta den geografiske logikken i handlinga for bokstaveleg. Seinare kjem episoden då Oberleutnant Lukáš gjekk tur med den ny-stolne hunden Fox. Han gjekk på den eigentlege eigaren Oberst Kraus på Na Příkopě, noko som tyder på at overløytnanten budde langt nærare sentrum. Ein luftetur med hunden heilt frå Vršovice (3,5 km) synest lite truleg. Noko som òg talar mot at det er snakk om IR73 er at dette var eit bortimot reint tysktalande regiment, noko som ikkje stemmer med forfattaren si opplysning om at elevane til Lukáš var "berre tsjekkarar".
Romanfiguren Lukáš delinspirert av den verkelege Sagner?
Diskusjonen om kva skule/regiment Oberleutnant Lukáš var instruktør ved vert høgst hypotetisk ettersom det er vanskeleg å knyta handlinga i denne delen av romanen til konkrete hendingar og personar. Forfattaren hadde enno ikkje pensa soga si inn på sporet til si eiga karriere in k.u.k. Heer slik han gjorde frå Del to og utover. Til dømes gjorde Lukáš sitt førebilete, Rudolf Lukas, aldri teneste i Praha frå 1911 til 1919. Eittårsfrivillege underviste han rettnok, men det var i Budějovice i 1911-12 og hausten 1914, altså før Jaroslav Hašek vart kjend med han. Lukas var i heile sin yrkeskarriere i k.u.k. Heer tilknytta IR. 91 så han kan ikkje ha vorte overførd frå eit anna regiment slik det literære motstykket hans vart.
Inspirasjon til rolla som instruktør må difor ha eit anna utspring, kanskje frå ein anna offiser forfattaren kjende. Dette kan ha vore fleire, mellom anna Josef Adamička, men likheitene med Čeněk Sagner stikk seg fram. Etter eit sjukeopphald i Praha melde han seg frivilleg som instruktør hjå Infanterieregiment Nr. 11 i perioden han enno var sjukmeld. Her starta han 25. januar 1915 men ettersom det streid mot reglementet å gjera teneste hjå eit anna regiment, vart han kalla tilbake til IR. 91 i Budějovice28. februar 1915, der han gjekk inn i stillinga som sjef for 1. reservekompani.
På dette tidspunktet gjorde Jaroslav Hašek teneste i nettopp dette kompaniet og var dessutan elev ved Reserveoffizier-Schule til regimentet. Han har nok såleis visst om både stillinga til Čeněk Sagner i Praha og overflyttinga. Eit par andre detaljar stemmer òg betre med Sagner enn med Rudolf Lukas: Sagner var tsjekkar og tala ved nokre høve tsjekkarane si sak i k.u.k. Heer. Oberleutnant Lukas var derimot etnisk tysk. Akkurat som romanfiguren Oberleutnant Lukáš var Sagner utdanna ved Prager Infanteriekadettenschule, men det var ikkje Lukas. Her er dermed tre detaljar kring Lukáš som KAN vera inspirert av Sagner men som IKKJE kan vera henta frå Lukas.
Sitat
[I.14.3] Mluvil ve společnosti německy, psal německy, četl české knížky, a když vyučoval ve škole jednoročních dobrovolníků, samých Čechů, říkal jim důvěrně: „Buďme Češi, ale nemusí o tom nikdo vědět. Já jsem taky Čech.“
[I.14.5] „Zažádal jsem o přeložení k 91. pluku do Budějovic, kam asi pojedu, jakmile budu hotov se školou jednoročáků.
[I.15] Ukončiv vyučování ve škole jednoročních dobrovolníků, vyšel si nadporučík Lukáš na procházku s Maxem.
"Prahou tisíciletou z dávna i dneška", Josef Veselý, 1926
Pohodnice Pankrác
vert nemnd når forfattaren fortel om kor uheldig Oberleutnant Lukáš hadde vore med tenarane sine. Ein av dei hadde stole og selgd overløytnanten sin hund til rakkaren på Pankrác.
Bakgrunn
Pohodnice Pankrác
var ein "rakkarverkstad", dvs. ein stasjon for prosessering av dyrekadaver. Den vart og kalla "Termokjemisk stasjon". Sluttprodukta var kunstgjødsel, beinmjøl og andre restprodukt. Desse vart gjerne brukte i produksjon av lim og såpe. Føretaket hadde dessutan løyve til å samla inn og avliva lausgåande hundar, kattar og andre dyr frå austsida av Vltava (eit likande føretak i Břevnov hadde ansvar for vestsida). Ein laustgåande hund vart av Praha bystyre definert som "eit dyr som ikkje gjekk med munnkorg". Føretaka vart drivne med lisens frå bystyret men eigde og drivne som private verksemder.
Hadde ikkje eigaren meldt seg innan tre dagar og betalt bota for å "ikkje utstyra hunden sin etter forskriftene" var dyret sine dagar talde. Denne tre-dagars karantenestasjonen låg i Vyšehrad. Fabrikken for å foredla kadavera låg på den opne sletta mellom Dvorce-Podolí og Pankrác.
Nešvara, ein rakkarfamilie
Eigar i 1912 var Rudolf Nešvara, så dette er høgst sannsynleg personen forfattaren viser til som pohodný na Pankrác (rakkaren på Pankrác). Det vert sagt at han var marerittet til alle hundeeigarar i Praha. Nešvara's sin far Václav dreiv og som rakkar. Han døydde 19. november 1888 i ein alder av førti, og faren Antonín (1814-1894) og mora Marie levde begge lenger enn han. Alt i alt dreiv fire generasjonar Nešvara med "kadaverforedling" i Praha. Den siste var Rudolf sin son Jaromír som dreiv så lang som til under Andre Verdskrig.
Rakkarstasjonen hadde funnest minst sidan 1888 og var i drift fram til 1950. Bygningen stod fram til 1970 då den vart riven for å gjera plass til det nye hovudkvarteret til Česká Televize.
Egon Erwin Kisch
Bohemia, 27.11.1910 (Egon Erwin Kisch)
Nešrava er òg tema i forteljinga Bei "Antouschek", dem Wasenmeister av den vidkjende "rasande reporter" Egon Erwin Kisch. Soga kom på trykk for fyrste gong i Bohemia27. november 1910, og var den 17. i ei rad fylgjetongar kalla Prager Streifzüge. Seinare vart den tryklt òg i bokform, mellom anna i Aus Prager Gassen und Nächten (1912) og Abenteuer in Prag (1920). I forteljinga beskriv Kisch ei omvising på fabrikken og møtet sitt med Herr Nešvara. Han kjem med mange detaljar, både reint tekniske men òg om historia og om korleis slike føretak var organiserte i Praha. Han fortel dessutan om familien Nešvara og at broren til eigaren arbeider her. Kisch legg òg til at fabrikken var relativt luktfri, noko som strid med opplysningar om mange klager frå naboar i mellomkrigstida.
Sitat
[I.14.3] Kanárka mořili hladem, jeden sluha angorské kočce vyrazil jedno oko, stájový pinč byl od nich práskán na potkání a nakonec jeden z předchůdců Švejka odvedl chudáka na Pankrác k pohodnému, kde ho dal utratit, nelituje dát ze své kapsy deset korun. Oznámil potom prostě nadporučíkovi, že mu pes utekl na procházce, a druhý den už mašíroval s rotou na cvičiště.
Kjelder: Jaroslav Šerák, Jaromír Pešek, Egon Erwin Kisch, Josef Veselý
U Štupartů
er nemnd av Švejk i samtale med Oberleutnant Lukáš då han forklarar kvifor katten åt opp Harz-kanarien. Ein liknande episode skal ha førekoma i dette huset, men her hadde katten ete ei papegøye.
Bakgrunn
U Štupartů
er ein bygning i Staré město med ei historie tilbake til det 14. århundret. Namnet fekk bygningen etter Peter Stupart von Löwenthal som kjøpte den 20. oktober 1664. Barnebarnet hans selgde den vidare 10. september 1732. Huset hadde i 1910 to gateadresser i Štupartská 14 og Jakubská 2 og hadde mange leigetakarar. Mellom dei var puben med same namnet som bygningen, driven av Rudolf Holeček. Adressa var Štupartská 14.
Den opprinnelege bygningen (som det sikkert er snakk om i romanen) vart riven hausten 1911 etter mykje motstand. Klub za starou Prahou og andre ville verna den grunna den historiske og arkitektoniske verdien, men dei fekk ikkje gjennomslag i bystyret. Alt i desember same året var det nye bygget på veg opp og det stod ferdig i 1912 og står på tomta den dag i dag. Byggherre var Josef Sochor frå Praha VII.
Djevelens vertshus
Ein anna forfattar som skreiv om U Štupartů var Alois Jirásek, læraren til Jaroslav Hašek på gymnaset i Žitná ulice. Romanen "Temno" (Myrke) kom på trykk som fylgjetong i Zlatá Praha og vart utgjeven som bok i 1914. Den omtalar puben i U Štupartů rett ovafor kyrkja Sv. Jakub som čertová krčma (eit djevelens vertshus). Denne historiske romanen er lagt til byrjinga av 1700-talet.
Sitat
[I.14.3] V domě ,U Štupartů’ sežrala před léty kočka dokonce papouška, poněvadž se jí posmíval a mňoukal po ní. Voni ale mají kočky tuhej život. Jestli poručíte, pane obrlajtnant, abych ji vodpravil, tak ji budu muset trhnout mezi dveřmi, jinak nedodělá.“
Armin von Barheim
var ein kennel i Bayern. Han kjem med i soga når Švejk legg ut for Oberleutnant Lukáš om hundeoppdrett, og om at ein av og til må forfalska hundar sine stamtavler, avdi hundeeigarar ikkje vil ha bastard-hundar.
Bakgrunn
Armin von Barheim
er ein institusjon det ikkje har lukkast å kartleggja eksistensen til. Ingen bayersk kennel Armin von Barheim er funnen, ei eller nokon kennel med dette namnet ellers i verda. Vanlege søk (Google og Wikipedia 2018) gjev ingen meiningsfylte treff, korkje på geografi eller personar. Břetislav Hůla fører rettnok kennelen opp i forklaringane sine til romanen (1951) men har ingen utfyllande opplysningar å koma med.
Søk i bayerske, austerrikske og tsjekkiske digitale avissamlingar kjem rettnok opp med nokre treff, men ingen av dei kan setjast i samband med hundeoppdrett i Bayern eller andre stader. Alt tyder difor på at namnet Barheim er oppdikta eller feilstava.
Sitat
[I.14.3] A každej hned chtěl rodokmen, tak jsem si musel dát rodokmeny natisknout a dělat z nějakýho košířskýho voříška, kerej se narodil v cihelně, nejčistokrevnějšího šlechtice z bavorskýho psince Armin von Barheim.
Světová válka slovem i obrazem, s. 505: Rakouský následník trůnu rozmlouvá se dvěma letci, sestřelivšími ruský aeroplan.
Kronika světové války
vert omtala når Švejk eskorterer Katy Wendler til kaserna der Oberleutnant Lukáš gjorde teneste. Her har han ein prat med portvakta om hendingane i krigen. Han har eit utrykk like dumt som det ein kan sjå på eit bilete i Kronika světové války der den Austerrikske tronarvingen er vist i samtale med to flygarar som har skote ned eit russisk fly.
Bakgrunn
Kronika světové válkyVerdskrigens krønike
var ikkje ei bok som samanhengen her kan tyda på, men undertitlar i hefte-serien Světová válka slovem i obrazem (Verdskrigen i ord og bilete) utgjeve av forlaget Emil Šolc i Karlín frå oktober 1914 og utover. Den kom ut kvar fjortande dag og vart seinare samla og gjeven ut i seks store band. Sjefsredaktør var Adolf Srb som hadde hjelp av ei gruppe fagfolk. Serien er rikt illustrert, er svært detaljert og innheld til saman nesten 2000 sider.
Emil Šolc var òg utgjevar av vekebladet Český svět som i 1913 trykte det kjende biletet av HasekJ og Zdeněk Matěj Kuděj i damebadedrakter. Šolc kom opprinneleg frå Telč men tok i 1913 over bokhandelen og forlaget til Rudolf Storch i Karlín. I 1919 vart forlaget slege saman med forleggjar Šimáček.
Fragment brukte i romanen
Det er innlysande at Jaroslav Hašek brukte nokre av hefta/bøkene i serien som kjelde då han forfatta Den gode soldat Švejk[a]. Sitatet han nemner i samband med Kronika světove války og fotografiet av tronfylgjaren erkehertug Karl Franz Joseph er henta ordrett frå band II, side 505. Rettnok finn ein desse små dagsrapportane òg i aviser som Národní politika og Roskvět, men gjerne med ein litt anna stavemåte så alt tyder på at forfattaren har brukt Verdskrigen i ord og bilete og ikkje dei to andre. Biletet vart og trykt i Český svět4. juni 1915 med akkurat same ordlyden.
I [I.14] av brukar forfattaren gong på gong fragment frå Verdskrigen. Fyrst ute er Sultanen si utmerking av den tyske keisaren med krigsmedaljen, så general General Kusmanek som kom til Kiev. Den lengste direkte kopierte setninga er likevel sjølve undertittelen på biletet av tronfylgjraren.
Šancler og Saladdin
I [II.5] er eit anna avsnitt i stor grad kopiert frå Verdskrigen i ord og bilete, nemleg Militärartz Šancler som les høgt om rettvis handsaming av fiendtlige soldatar. Denne gongen er teksten frå side 168 i fyrste bindet.
Samtalen mellom Lukáš og Wendler
Světová válka slovem i obrazem, s. 506
Deretter fylgjer Oberleutnant Lukáš sin samtale med humlehandlar Wendler då sistenamnde kjem for å henta kona si. Her ramsar offisereren opp nokre leiande tyrkiske politikarar og høgare offiserar, og deretter tre tyske offiserar i teneste for det Osmanske riket.
Wendler svarar med ein tirade om den fortvila situasjonen for humlehandelen og nemner ei rekkje stader ved fronten i Belgia og Frankrike. Alle desse tileignar han eit bryggeri og namna er å finna i Krønika sitt samandrag av krigshendingane frå 24. mars til 2. april 1915. Ein kjenner dessutan att nokre enklare fraser, men tilpassa konteksten av forfattaren. Desse stadnamna, personane og brotstykka finn ein på sidene 505 til 507 av Verdskrigen i ord og bilete.
Fragment frå sidene 508 til 511 finn ein òg, men her er det ikkje lenger frå dei korte notisane om daglege hendingar. Desse sidene er via ein artikkel om den generelle krigs-situasjonen og fokuserer på Sentralmaktene sitt gjennombrot ved Dunajec frå 2. mai 1915 og utover, og på side 511 vurderingar kring Italia sitt inntog i krigen.
Sitat
[I.14.4] Jedině když již stáli u kasáren, Švejk vyzval mladou dámu, aby počkala, a dal se do hovoru s vojáky ve vratech o vojně, z čehož musela mít mladá dáma náramnou radost, poněvadž chodila nervosně po chodníku a tvářila se velice nešťastně, když viděla, že Švejk pokračuje ve svých výkladech s tak hloupým výrazem, jaký bylo možno vidět též na fotografii uveřejněné v té době v „Kronice světové války“: „Rakouský následník trůnu rozmlouvá se dvěma letci, sestřelivšími ruský aeroplán“.
Tyrkiske parlament
(eller Generalforsamlinga - tr. Meclis-i Umûmî) vart oppretta i 1876 og fungerte fram til 1920. Det var det fyrste forsøket på eit representativt styre i det Osmanske riket. Det vart likevel oppløyst av sultanen alt i 1878 og kalla saman att fyrst i 1908 etter den Ungtyrkiske revolusjonen.
Forsamlinga bestod av to kammer, Overhuset (Meclis-i Âyân) og Underhuset (Meclis-i Mebusân). Medlemmene i Underhuset var direkte valgde medan sultanen peika ut medlemmene i Overhuset.
Ved valget i 1908 vart mange parti representerte, med Komiteen for Einskap og Framgang (Ungtyrkarane) som det største. Mange nasjonalitetar var representerte: tyrkarar, arabarar, armenarar, albanarar, grekarar, slavarar, jødar osv.
Valget i 1912 var derimot vunnen av Komiteen med nesten alle stemmene, etter eit valg der dei demokratiske spelereglane vart sett til side. Den etniske fordelinga var omlag den same. Etter dette valget vart Halil Bey, Komiteen sin formann, valgd til president i Underhuset.
I 1914 var det halde nytt valg, men etter tapa i Balkan-krigane tok Komiteen i 1913 makta ved eit kupp og var i 1914 einaste parti som stilte. 13. mai 1914 vart Emir Ali Paşa og Hüseyin Cahit Bey valgde til visepresidentar i Underhuset. Halil Bey vart samtidig attvald som forsamlinga sin president med 180 av 181 stemmer.
Det aller siste parlamentsvalget fann stad i 1919.
Hans-Peter Laqueur
Initially (i.e. 1876) it assembled in the building designed for the Darülfünun, the predecessor of the University of Istanbul, but never used for that purpose. After the reopening in 1908 parliament assembled in Çırağan Sarayı on the Bosphorus, between Beşiktaş and Ortaköy (now Kempinski Çirağan Palace Hotel), which unfortunately burnt down two months later. After that the sessions were held in the Darülfünun building near Sultanahmet again.
Sitat
[I.14.5] „Turci se drží dobře,“ odpověděl nadporučík, uváděje ho opět ke stolu, „předseda turecké sněmovny Hali bej a Ali bej přijeli do Vídně.
Malý výčep piva
(den vesle ølkneipa) var ein pub ved nedre enden av Zámecké schody der Švejk og Blahník planla tjuveriet av hunden som soldaten hadde lova Oberleutnant Lukáš, ei illgjerning som skulle visa seg å få lagnadstunge verknader.
Bakgrunn
Malý výčep pivaLiten ølbar
viser visseleg til ein av pubane i Thunovská ulice, ei gate som går opp til Zámecké schody. I 1907 viser adresseboka tre vertshus i gata: i nr. 14, 15 og 19. In 1910 er det i nr. 14 ikkje lenger noko oppføring.
Nummer 19 låg direkte ved enden av trappa så ved fyrste augnekast er dette kneipa forfattaren hadde i tankane. Kneipevert både i 1907 og 1910 var František Šťáral, fødd i 1846 og døydde i 1917. Han var registrert på adressa til kneipa frå 1900 til 1910. I Chytilův úplný adresář království Českého frå 1912 er Anna Novotná oppførd som kneipevertinne.
U krále brabantského
Nr. 15 husa den velkjende U krále brabantského, og Zdeněk Matěj Kuděj skreiv at dette var ein kjend stad for hemmelege møte. Dette passar godt med situasjonen som er omtala i romamen, men det er rart av Hašek kalla den "ei lita ølkneipe".
Sitat
[I.14.6] Na Malé Straně u Zámeckých schodů je malý výčep piva. Jednoho dne tam seděli v šeru vzadu dva muži. Jeden voják a druhý civilista. Nakloněni k sobě šeptali si tajemně. Vyhlíželi jako spiklenci z dob Benátské republiky.
Psinec nad Klamovkou
(kennelen ovafor Klamovka) vert nemnd av Blahník då han og Švejk planlegg hundetjuveriet i den vesle kneipa ved Zámecké schody. Det kjem fram at Blahník arbeidar ved kennelen.
Bakgrunn
Psinec nad Klamovkou
viser til ein oppdrettskennel som vart driven av utgjevaren og hundeoppdrettaren Fuchs ved villaen Svět zvířat i Košíře ovafor Klamovka. Etter at Fuchs døydde i 1911 fekk kennelen namnet Canisport og vart driven vidare av svigersonen František Pober
Kennelen annonserte alt frå 1899, og frå 1901 og utover brukte dei ofte namnet Hundepark Fuchs i dei tysk-språklege annonsane sine. I tsjekkiske aviser var Fuchsův psinec ofte brukt. Salskampanjane var mest synlege i Prager Tagblatt, Národní listy og Bohemia men reklame og nyhende om føretaket dukka frå tid til annan opp over det meste av Austerrike. Vekebladet Das interessante Blatt frå Wien trykte ofte annonsane og hadde av og til artiklar der oppdrettskennelen var nemnd.
Fuchs flytta til Klamovka frå Jičín i 1898 og det ser ut som han starta hundeoppdrett kort tid etter. I 1906 vart det annonsert ei hundeutstilling som var open for alle og i 1909 og 1910 hevda dei å ha over 100 hundar på utstilling. Assistent ved kennelen var frå 1908 ein viss Ladislav Čížek.
Politihundar
Ein av dei viktigaste kundane til kennelen var Rittmeister Rotter frå k.k. Gendarmerie som let dei to schäferhundane sine bli trena her (sjå Vlčka). Rotter var tema for ein artikkel i Svět zvířat i 1909, og tidsskriftet trykte eit bilete av han med hundane. Den 1. februar 1910 trykte bladet ei annonse som inneheldt eit takkebrev frå han.
Hašek på Klamovka
Národní listy,16.1.1910
I 1908 vart Ladislav Hájek, ein av Jaroslav Hašek sine næraste vener, ansvarleg redaktør i Svět zvířat. Det var han som seinare på året inviterte Hašek til Klamovka, og no kom denne i dagleg kontakt med kennelen, ei erfaring som seinare vert reflektert ikkje berre i Den gode soldat Švejk, men òg i mange av sogene han skreiv fram til 1914. Hájek kom snart på kant med sjefen sin og sa opp redaktør-stillinga, og Hašek overtok, truleg alt i februar 1909.
I fylgje politibøkene budde han i villaen frå og med 4. februar 1909. Frå 28. juli 1910 er han oppført på adressa Smíchov nr. 1125 nedafor Klamovka. Legg merke til at dette er registrerte datoar og tilsvarar ikkje nødvendigvis tidspunktet han flytta.
Hardtslåande annonsar
Prager Tagblatt,21.3.1909
Frå februar 1909 fekk annonsane i Prager Tagblatt eit meir bombastisk preg. Overskrifta var "Raub und Mord" og "hundeparken" var no "verdskjend". I teksten står det mellom anna: "ran og mord er utelete når ein har ein god vakthund". Ein er freista til å tru at den nye tonen har samanheng med Jaroslav Hašek sin ankomst i redaksjonen til Svět zvířat. Annonsane vart trykte jamleg i om lag seks månader, og om på haustparten dukka dei òg opp i Bohemia.
Hašek vart oppsagd mot på hausten 1910 og Ladislav Hájek overtok på ny. Hašek sitt sist bidrag 15. oktober 1910 og Hájek var etter alt å døma på plass att i midten av oktober.
Canisport
Svět zvířat,1.1.1912
Fuchs døydde den 27. september 1911 og om lag ein månad seinare viser annonsar at firmaet Canisport heldt til på adressa hans på Klamovka. Annonsane for Fuchs heldt likevel fram ut året. Dei to føretaka delte sannsynlegvis lokala ei stund, men frå 1912 vert annonsane for Fuchs borte. Ein må gå ut i frå at dei vart slegne saman, spesielt på bakgrunn av dei sterke banda Canisport alt hadde med familien Fuchs.
Adresář hl.m. Prahy..., 1910
Canisport var eit firma i Vinohrady som frå 1908 annonserte hundar. Det var fyrst registrert i Manesová ul. 917/28, deretter i Moravská ul. 1053/25. Eigar var František Pober, gift med Marie Fuchsová, eldste dottera til Fuchs. Pober hadde alt i 1904 annonsert hundar til salgs i Prager Tagblatt, så han har nok vore hundeoppdrettar alt då. Adressa han i 1904 var Karlova ulice 24 i Smíchov. Politidokument viser at ekteparet flytta til villa Svět zvířat16. november 1911. Firmaet flytta i 1910 til Radotín sør for Praha. Mot slutten av 1910 vart annonsane borte før dei dukka opp att i November 1911, no med adresse Klamovka. Canisport spesialiserte seg på luksushundar.
Adresář Protektorátu Čechy a Morava...,1939
Firmaet ser ut til å ha blomstra under Pober si leiing, ein finn annonsar til og med i polske aviser. Oppføringar i adressebøker avslører at Canisport var i drift minst fram til 1938. Pober var framleis eigar og dei heldt enno til "ovafor Klamovka". Dei annonserte om mogeleg endå meir enn før krigen, òg i Austerrike. Som ein kuriositet kan nemnast at Ladislav Čížek, den tidlegare assistenten hjå Psinec nad Klamovkou, framleis dreiv med hundeopprett. Namnet hans er oppførd i adresseboka for 1939 ved sida av Canisport. Han heldt no til i Horní Černošice sør for Praha.
Dyr dukkar ofte opp i Hašek si skriving og Den gode soldat Švejk er langt frå det einaste dømet. Den kjende romanen låner mykje frå soger Hašek hadde gjeve ut i åra fram til og med 1914. Inspirasjonen frå opplevingane hans ved Klamovka skin gjennom i mange av desse. Heile forteljingar er via dyr, hundar, kattar, geiter osv. Apefrøkna Julie var verkeleg, ho dukka opp i tidskriftet Svět zvířat.
Sitat
[I.14.6] Voják s civilistou si ťukli a civilista dále šeptal: „Jednou ode mne jeden černej špic, kterýho jsem potřeboval pro psinec nad Klamovkou, nechtěl taky vzít buřt.
Kjelder: Ladislav Hájek, Jaroslav Šerák, Radko Pytlík
Pasteur-Institut
vart nemnd i samband med at hundetjuven Blahník ein gong var biten av ein hund med rabies. Han vart send til instituttet der han kjende seg som heime.
Bakgrunn
Pasteur-Institut
er ein privat stiftelse som har som oppgåve å kjempa mot smittsame sjukdomar. Den vart stifta av og kalla opp etter den verdskjende kjemikaren og bakteriologen Louis Pasteur. Hovudsetet ligg i Paris men dei har forskningssenter og klinikkar over heile verda.
Fyrste instituttet vart opna i Paris14. november 1888 og snart dukka det andre i utlandet. Hovudoppgåva deira fram til fyrste verdskrigen var å bekjempa rabies. Wien var relativt seint ute med å få ein klinikk for behandling av rabies og alt i 1889 kunne Wiener Allgemaine Zeitung opplysa om at eit slikt var på plass i București og Budapest kom snart etter.
Rudolfsanstalt
Det såkalla "Pasteur-instituttet" i Wien vart oppretta i juli 1894 som ein klinikk ved k.k. Krankenanstalt Rudolfstiftung i III. Bezirk - Landstrasse. Grunnleggaren var den kjende patologen Richard Paltauf (1858-1924). Oppgåva til instituttet var vaksinering mot rabies, både preventivt og etter utbrot. Behandlinga var gratis men pasienten måtte sjølv ta overnattingskostander (for fattige vart rekninga send til heimkommunen).
Klinikken hadde ikkje noko offisielt namn og knytinga til instituttet i Paris var neppe noko utover at dei brukte metodane til Pasteur i behandlingane av pasientane. I adressebøkene er dei innskrivne som Schutzimpfungsanstalt gegen Wuth. Det dekka hovudsakleg Wien-området men sjuke frå andre delar av Austerrike var òg velkomne. Avisklypp viser at pasientar frå Böhmen vart behandla her med jamne mellomrom.
Hundegalskap
Kampen mot rabies på 1500-talet
Fram til 1900 var talet på dødsfall hjå menneske i Cisleithania grunna rabies høge men var på veg ned. Frå 142 offer i 1873 var talet nede på 81 i 1886. Tiltak som påbod av munnkorg på hundar hjelpte, og dessutan fekk rakkaren offisielt løyve til å avliva dyr som ikkje gjekk med desse på. Det var likevel vaksina til Pasteur som til slutt fekk tala drastisk ned.
I Tsjekkoslovakia i mellomkrigstida førekom det enno dødsfall, man langt sjeldnare (i snitt litt over sju i året). Praha hadde dessutan no sitt eige Paster-institutt. Etter andre verdskrigen vart sjukdomen så godt som utrydda og dødsfall blandt folk er ikkje registrerte sidan.
Alt før 1894 ekisterte eit "Pasteur-Institut" i Wien, men desse hadde som oppgåve å handsama dyr. Dei stod under oppsyn av landbruksdepartementet.
Sitat
[I.14.6] Oba přátelé si opět ťukli. Ještě když Švejk se živil prodejem psů do vojny, Blahník mu je dodával. Byl to zkušený muž a vypravovalo se o něm, že kupoval pod rukou z pohodnice podezřelé psy a zas je prodával dál. Měl dokonce už jednou vzteklinu a v Pasteurově ústavu ve Vídni byl jako doma.
Hundezwinger von Bülow
var namnet på ein kennel i Leipzig der Max (tidlegare Fox) skal ha kome frå. Dette var i fylgje stamtavla som Blahník fann på.
Bakgrunn
Hundezwinger von BülowKennel von Bülow
er nesten sikkert ein kennel som Blahník dikta opp. I adressebøkene for Leipzig for 1910 og 1914 er fire kennelar oppførde men ingen av dei var eigde av nokon von Bülow. Ein finn rettnok to personar med dette etternamnet i byen, men ingen av dei synest å ha drive med hundeoppdrett.
Sitat
[I.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“
Berliner Stallpinscherausstellung
fann stad i 1912 og her vann Arnheim von Kahlsberg, påstått far til den stolne hunden Max (tidlegare Fox), fyrstepremien. Alt dette i fylgje Blahník som instruerer Švejk om korleis han skal fylla ut stammtavleformularet til "Max".
Bakgrunn
Berliner Stallpinscherausstellung Berlin stallpinscherutstilling
skal ha funne stad i 1912, men det er uvisst kva utstilling Blahník her viser til. Truleg er utstillinga like oppdikta som namna på stammtavla til Max (tidlegare Fox). Det har i alle fall ikkje lukkast å finna konkret informasjon om noko utstilling som heilt tilsvarar opplysningane som kjem fram i romanen.
Hundeutstillingar i Berlin
Likevel var nok forfattaren inspirert av ei eller anna hundeutstilling i Berlin. Byen var vert for mange internasjonale hundeutstillingar og Hašek var nok godt informert om desse frå tida si som redaktør for Svět zvířat i 1909 og 1910. Ein av arrangørane for desse messene var klubben Hundeverein Hektor og utstillingane fann stad i Zoologischer Garten. Messene var skrive om òg i den austerrikske pressa. Hektor var rettnok ikkje einaste arrangøren av slike tilstelningar, så det er umogeleg å trekkja for bastante slutningar.
Sitat
[I.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“
enNuremberg society for the breeding of thoroughbred dogsczNorimberský spolek pro chov ušlechtilých psůnoNürnberg-selskapet for oppdrett av reinrasa hundar
Nürnberger Verein zur Zucht edler Hunde
var ei selskap for oppdrett av reinrasa hundar som hadde tildelt Emma von Trautensdorf, den fiktive mora til den stolne hunden Max (tidlegare Fox), ein gullmedalje. Dette var i det minste det Blahník bad Švejk skriva ned på stammtavleformularet til Max.
Bakgrunn
Nürnberger Verein zur Zucht edler HundeNürnberg-selskapet for oppdrett av reinrasa hundar
kan ikkje påvisast direkte i adresseboka for 1904 (den einaste tilgjengelege for perioden), men to hundeklubbar er oppførde: Dachshundklub Nürnberg og Fränkische Verein zur Förderung reiner Hunderassen.
Den siste sitt namn er så nær at ein faktisk kan gå ut frå at det er denne hundetjuven viser til. Samskipnaden heldt til i Nürnberg og arrangerte jamt hundeutstillingar og andre relaterte aktivitetar.
Dei vart grunnlagd ved juletider i 1889 og var i 1915 enno i drift sjølv om krigen la ein dempar på aktivitetane. Dei hadde i 1915 over 100 medlemmer.
I 1912 vart nok ein hundeklubb stifta: Polizeihundverein Nürnberg 1912. Det er likevel usannsynleg at Blahník hadde desse i tankane då han forklara Švejk om korleis han skulle fylla ut stammtavla til "Max".
Sitat
[I.14.6] „To musí bejt tvou rukou napsaný. Napiš, že pochází z Lipska, z psince von Bülow. Otec Arnheim von Kahlsberg, matka Emma von Trautensdorf, po otci Siegfried von Busenthal. Otec obdržel první cenu na berlínský výstavě stájových pinčů v roce 1912. Matka vyznamenána zlatou medalií norimberskýho spolku pro chov ušlechtilých psů. Jak myslíš, že je starej?“