void

Institusjonar

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, k.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

Institusjonar liste over institusjonar som er omtala i romanen (305) Syn alle
I. Bak fronten
II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen

Kriegsministeriumen flag
enWar MinistryczMinisterstvo vojenství
Wien I. -, Stubenring 1
Wikipediadeit SøkKartŠvejkův slovník
kriegsministerium2.jpg

Heerwesen, 2. Teil.Hugo Schmied,1916

kriegsministerium.jpg

Seidels kleines Armeeschema,1914

Kriegsministerium vert nemnd av forfattaren då han opplyste om at ministeriet hugsa på Švejk på den tida då austerrikarane flykta over elva Raba og at Švejk skulle hjelpa dei ut av knipa.

Ministeriet dukkar opp att by ny heilt i starten av [I.13]Feldkurat Katz får eit direktiv om den utdeling av den siste olje. Forfattaren nemner vidare i [II.1] at ministeriet gav ut propagandplakatane som Švejk las på stasjonen i Tábor (sjå Trainsoldat Bong og Zugsführer Danko).

Når Einjährigfreiwilliger Marek omtalar Fähnrich Dauerling vert ministeriet nemnd to gonger. Dei skal ha gitt ut boka Drill oder Erziehung* og dessutan hamna dei dummaste offiserane til slutt her.

Bakgrunn

Kriegsministerium var Austerrike-Ungarn sitt forsvarsdepartement, ein av dei tre departementa som dei to delene av Dobbeltmonarkiet hadde felles. Krigsminister frå 1912 til 1917 var Alexander von Krobatin. Han var rekna som ein av haukane som ville gjera opp med Serbia under det minste påskot. Som ein ser av biletet hadde sivilpersonar tilgang til krigsministeren to timar kvar veke.

Departementet var ikkje ansvarleg for k.k. Landwehr og Honved, heimevernet for dei to delane av riket. Kva formell status Švejk hadde i høvet til ministeriet er uvisst. Han var klassifisert som Landsturm (domobranec), reservar som fyrst vart kalla inn når fedrelandet var i stor fare.

Sitat
[I.7] V době, kdy lesy na řece Rábu v Haliči viděly utíkat přes Ráb rakouská vojska a dole v Srbsku rakouské divise jedna za druhou dostávaly přes kalhoty to, co jim dávno patřilo, vzpomnělo si rakouské ministerstvo vojenství i na Švejka, aby pomohl mocnářství z bryndy.
[I.13] Polní kurát Otto Katz seděl zadumané nad cirkulářem, který právě přinesl z kasáren. Byl to rezervát ministerstva vojenství
[I.15] Zatraceně, proč ministerstvo vojenství dává takové věci do školního programu. To je přece pro dělostřelectvo.
[II.1] Strážnice byla vyzdobena litografiemi, které v té době dalo rozesílat ministerstvo vojenství po všech kancelářích, kterými procházeli vojáci, stejně jako do škol i do kasáren.
[II.2] A seshora ho bombardovali přípisy, ve kterých ministerstvo zemské obrany poukazovalo, že z píseckého okresu podle zpráv ministerstva vojenství přecházejí k nepříteli.
[II.2] Jeho hloupost byla tak oslňující, že byla největší naděje, že snad po několika desetiletích dostane se do tereziánské vojenské akademie či do ministerstva vojenství.
[II.2] Jednoroční dobrovolník si oddechl a vypravoval dál: „Vyšla nákladem ministerstva vojenství kniha ,Drill oder Erziehung’, ze které vyčetl Dauerling, že na vojáky patří hrůza.
[II.3] Že psaní pošle na velitelství pluku, do ministerstva vojenství, uveřejní je v novinách.
Litteratur
Infanterieregiment Nr. 18en flag
Hradec Králové -, - -
Wikipediade SøkKartŠvejkův slovník
ir18.jpg

Der Oberste Kriegsherr und sein Stab,1908

ir18b.jpg
ir18.png

Militärschematismus..., 1859

Infanterieregiment Nr. 18 vert nemnd i songen Jenerál Windischgrätz a vojenští páni gjennom omgrepet "den attande gjengen". Sjå Solferino og Piemonte.

Bakgrunn

Infanterieregiment Nr. 18 var rekruttert frå distrikt Hradec Králové og slost i nesten alle krigane som Habsburg-imperiet deltok i sidan regimentet vart grunnlagd i 1682.

Temaet for songen er slaget ved Solferino som avgjorde den andre italienske sjølvstendekrigen i 1859. Under slaget deltok berre 4. bataljon, resten av regimenet var så heldige å ha grensevaktteneste.

I 1914 var soldatane i regimentet i hovudsak tsjekkiske (75 prosent), resten tyske.

Alternativ forklaring

Václav Pletka hevdar at "den 18, gjengen" viser til ein feltjegerbataljon frå Praha som vart oppløyst i 1893[a]. Dette verkar likevel usannsynleg ettersom ingen av dei 29 Jäger-Bataillone heldt til i Praha i 1859. Feldjägerbataillon Nr. 18 heldt derimot til i Krumau men ein har enno ikkje undersøkt om den deltok ved Solferino.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

Eit par vers av songen om General Windischgrätz er òg attgjevne i Dobrý voják Švejk v zajetí og i ein samanheng som er svært lik.[1]

Sitat
[I.7] Krve po kolena a na fůry masa, vždyť se tam seka vosumnáctá chasa, hop, hop, hop!
Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
aPísničky Josefa ŠvejkaVáclav Pletka1968
Pražské úřední novinyen flag
enPrague Official NewspaperdePrager AmtszeitungnoPraha Amtstidende
Praha III. 387, Karmelitská ul. 6
SøkKartŠvejkův slovník
pnov1.png
pnov2.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních,1907

pnov3.png

Prager Abendblatt,30.11.1914

pnov4.png

Prager Tagblatt,5.7.1914

pnov5.png

Prager Tagblatt,8.9.1914

Pražské úřední noviny skreiv ein glødande hyllest til den patriotiske krøplingen Švejk etter at han vart trilla til mønstringskommisjonen i rullestol. Tittelen var: "Ein krøplinsgs patriotisme".

Bakgrunn

Pražské úřední novinyPraha Amtstidende er ikkje er oppførd som avis i adressebøkene frå korkje 1907 eller 1910, men likevel er det liten tvil om at forfattaren viser til ein av publikasjonane til c.k. Místodržitelství (k.k. Statthalterei). Fellesnnamnet for avisene var Pražské úřední listy, tysk Prager Amtsblätter. Avisene var talerøyr for dei austerrikske styresmaktene i Böhmen, leia av statthaldaren.

Hovudorganet kom ut på både tysk Prager Zeitung og tsjekkisk Pražské Noviny og det er nok denne forfattaren har i tankane. Begge var morgonaviser som kom ut alle dagar unnateke måndag. Offisielle kunngjeringar kom i eit eige bilag på kvardagar og vart kalla Úřední list Pražských Novin og Amtsblatt der Prager Zeitung. På sundagar vart det utgjeve eige underhaldningsbilag. Om kvelden på kvardagane utga dei òg Prager Abendblatt, men denne kom ut berre berre på tysk.

Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Malá Strana, like bak Kampa[a]. Mellom 1907 og 1910 bytte dei adresse, men heldt seg i same kvartalet. Sjefsredaktør for alle avisene var Aladar Guido Przedak, for den tsjekkiske delen Jan Svátek. Przedak (1857-1926) var sjefsredaktør frå 1900 til 1918 og hadde dessutan tittelen k.u.k. Regierungsrat. Opplaget til Prager Abendblatt vart femdobla under perioden hans som redaktør[b].

Sitat
[I.7] O celé této události objevil se v „Pražských úředních novinách“ tento článek:
[I.7] Vlastenectví mrzáka. Včera dopoledne byli chodci na hlavních pražských třídách svědky scény, která krásně mluví o tom, že v této veliké a vážné době i synové našeho národa mohou dáti nejskvělejší příklady věrnosti a oddanosti k trůnu stařičkého mocnáře. Zdá se nám, že se vrátily doby starých Řeků a Římanů, kdy Mucius Scaevola dal se odvésti do boje, nedbaje své upálené ruky. Nejsvětější city a zájmy byly včera krásně demonstrovány mrzákem o berlích, kterého stará matička vezla na vozíku pro nemocné. Tento syn českého národa dobrovolně, nedbaje své neduživosti, dal se odvésti na vojnu, aby dal svůj život i statky za svého císaře. A jestli jeho volání „Na Bělehrad!“ mělo tak živý ohlas v pražských ulicích, jest to jen svědectvím, že Pražané skýtají vzorné příklady lásky k vlasti a k panovnickému domu.
[I.8] Zatímco jsem seděl, děly se v kasárnách divy. Náš obršt zakázal vojákům vůbec číst, třebas by to byly ,Pražské úřední noviny’, v kantině nesměli balit do novin ani párky, ani syrečky. Vod tý doby vojáci začli číst a náš regiment byl nejvzdělanější.
Litteratur
Referensar
aAdresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedníchVojtěch Kraus1910
bPrzedak (Předak), Aladar Guido (1857-1926), Journalist und FachschriftstellerÖsterreichisches Biographisches Lexikon 1815–1950
Prager Tagblatten flag
Praha I. 896, Panská ul. 12
Wikipediaczdeenno SøkKartŠvejkův slovník
tagblatt2.png

Prager Tagblatt,1.12.1914

tagblatt1.png

Oppføring i adresseboka frå 1910.

tagblatt3.png
tagblatt4.png

Prager Tagblatt,5.1.1923

tagblatt5.png

Prager Tagblatt,17.1.1926

Prager Tagblatt nemner kort at Švejk vart verna av tyskarar mot tsjekkiske agentar for Ententen som ville lynsja han på vegen til Střelecký ostrov.

Avisa dukkar opp att i samband med tjuveriet av Fox. Eigaren av hunden, Oberst Kraus, sett inn annonsar både her og i Bohemia der han lova ei finnarløn på 100 kroner.

Bakgrunn

Prager Tagblatt var ei tysk-språkleg dagsavis som kom ut i Praha frå 1877 til 1939. Avisa hadde ry på seg for framifrå kvalitet, ein av tida sine aller beste tysk-språklege aviser, og knytte til seg ei rekkje framståande skribentar opp gjennom åra. Mellom desse var Max Brod, Egon Erwin Kisch, Josef Roth, Michal Mareš og Friedrich Torberg. Dessutan ar Franz Kafka mellom dei som bidrog til avisa og han var dessutan ein ihuga lesar.

Under fyrste verdskrigen deltok rettnok avisa i den offisielle krigspropagandaen, men vart ofte offer for sensuren, og via meir plass til dei humanitære kostnadane ved krigen enn mange andre aviser. I mellomkrigstida bygde avisa opp att sitt ry for framifrå journalistiske kvalitetar, men knapt to månader etter den tyske innmarsjen i Praha i mars 1939 vart den stengd for godt. Dei mange jødiske medarbeidarane vart oppsagde alt i dagane etter innmarsjen.

Politisk var den rekna som demokratisk-liberal, og står oppførd i tsjekkiske adressebøker som "tysk progressiv". Ansvarleg redaktør i 1910 var Gustav Horn. Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Panská ulice (Herrengasse)[c], faktisk omtrent der Oberst Kraus tok Oberleutnant Lukáš på fersken med den stolne Fox.

Prager Tagblatt og Hašek

Etter Jaroslav Hašek sin død 3. januar 1923 spela Prager Tagblatt ei viktig role ved å anerkjenna og spre ordet om forfattaren og det satiriske meisterverket hans. Dette var fyrst og fremst takka vere Max Brod, ein utgjevar som er betre kjend som ivaretakar av Franz Kafka sine etterletne brev og skrifter.

Alt 5. januar trykte avisa ein nekrolog[a], og i samme utgåva kom Brod si eiga omsetjing av fyrste kapittelet i romanen[b]. I løpet av dei neste 15 åra dukka Švejk og Hašek gong på gong opp i spaltene deira, spesielt i 1926 då Grete Reiner gav ut den fulle omsetjinga til tysk. Minst sju av Hašek sine forteljingar (oversette til tysk) kom på trykk i Prager Tagblatt etter forfattaren sin død.

Švejk greift in den Weltkrieg ein (Max Brod)

"Also den Ferdinand haben die uns erschlagen", sagte die Bedienerin zu Švejk, welcher, nachdem er vor Jahren den militärischen Dienst verlassen hatte (die ärtztliche Kommission erklärte ihn für vollkommen irrsinnig), sich durch den Verkauf von Hunden weiterbrachte, deren Stammbaum er fälschte.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er Prager Tagblatt òg nemnd men i ein anna samanheng. I Švejk si celle på c.k. policejní ředitelství sat ein embetsmann frå statthaldar-kontoret som hadde vorte arrestert framfor redaksjonen i Panská ulice.[1]

Velmi zamyšleně se tvářil pán v prostředních letech, velmi slušně oděný, který se včera dostal do chumlu před Prager Tagblattem v Panské ulici. Někdo ho zatkl, radu od místodržitelství, omdlel jim rozčilením, dopravili ho na policejní ředitelství v truhle a pak našli u něho v kapse nějaké kamení. Ještě ho nevyslechli. Domnívají se, že chtěl vytlouci Prager Tagblatt, on, místodržitelský rada, který nečte kromě úředního deníčku jiných novin než Prager Tagblatt, za manželku má Němkyni a …

Sitat
[I.7] Ve stejném smyslu psal i „Prager Tagblatt“, který končil svůj článek slovy, že mrzáka dobrovolce vyprovázel zástup Němců, kteří ho svými těly chránili před lynchováním ze strany českých agentů známé Dohody.
[I.15] „Pane nadporučíku,“ pokračoval plukovník, „považujete za správné jezdit na ukradeném koni? Nečetl jste inserát v ,Bohemii’ a v ,Tagblattu’, že se mně ztratil stájový pinč?
[I.15] V tiché resignaci seděl nadporučík na židli a měl takový pocit, že nemá tolik síly nejen dát Švejkovi pohlavek, ale dokonce ukroutit si cigaretu, a sám nevěděl ani, proč posílá Švejka pro „Bohemii“ a „Tagblatt“, aby si Švejk přečetl plukovníkův inserát o ukradeném psu.
Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
aJaroslav HašekPrager Tagblatt5.1.1923
bŠvejk greift in den Weltkrieg einPrager Tagblatt5.1.1923
cAdresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedníchVojtěch Kraus1910
Bohemiaen flag
Praha I. 211, Liliová ul. 13
Wikipediadeen SøkKartŠvejkův slovník
bohemia2.png

Fyrste utgåva etter namneendringa

Deutsche Zeitung Bohemia,15.11.1914

bohemia1.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních,1907

bohemia3.png

Ferdinand Mestek de Podskal, E.E. Kisch

Bohemia,5.7.1914

Bohemia utga ein artikkel som likna den i Prager Tagblatt om krøplingen Švejk og ferda hans i rullestol. Den legg til at gåver frå tyske borgarar til inntekt for soldaten kan leverast inn til administrasjon. I neste kapittel kjem det fram at det var i denne avisa Baronesse von Botzenheim las om den ivrige soldaten.

I [I.14] dukkar avisa opp på ny avdi Oberst Kraus hadde sett inn ein annonse om den forsvunne hunden her der han lova ei finnarløn på 100 kroner.

På toget til Tábor i [II.1] kjem det dessutan fram at òg Oberleutnant Lukáš las Bohemia.

Bakgrunn

Bohemia var ei tysk-språkleg dagsavis som kom ut i Praha frå 1828 til 1938, tilknytta det Tyske Liberale Parti. Under krigen var den sterkt patriotisk og skifta frå 15. november 1914 namn til Deutsche Zeitung Bohemia. Redaksjonslokala og administrasjonen låg i Liliová ulice i Staré město og sjefsredaktør i 1914 var Andreas Haase. Han sat i stillinga i heile 40 år, frå 1879 til 1919.

E.E. Kisch

Den best kjende reportaren deira var utan tvil den legendariske Egon Erwin Kisch. Frå 1906 til 1913 arbeidde han for avisa og skreiv mange lokalreportasjar frå Praha. Han via ein eigen fylgjetong til loppesirkusdirektør Mestek, kom inn på drapsmann Valeš og neger Kristian, og omtalar ei rekkje av skjenkestadene som er kjende for lesarane av Den gode soldat Švejk: Apollo, Tunel, U Kocanů, Montmartre, U Brejšky m.fl.

Sitat
[I.7]Bohemie“ uveřejnila tuto zprávu žádajíc, aby mrzák vlastenec byl odměněn, a oznámila, že pro neznámého přijímá od německých občanů dárky v administraci listu.
[I.15] „Pane nadporučíku,“ pokračoval plukovník, „považujete za správné jezdit na ukradeném koni? Nečetl jste inserát v ,Bohemii’ a v ,Tagblattu’, že se mně ztratil stájový pinč?
[I.15] V tiché resignaci seděl nadporučík na židli a měl takový pocit, že nemá tolik síly nejen dát Švejkovi pohlavek, ale dokonce ukroutit si cigaretu, a sám nevěděl ani, proč posílá Švejka pro „Bohemii“ a „Tagblatt“, aby si Švejk přečetl plukovníkův inserát o ukradeném psu.
[II.1] Nadporučíkovi bezděčně zacvakaly zuby, vzdychl si, vytáhl z pláště „Bohemii“ a četl zprávy o velkých vítězstvích, o činnosti německé ponorky „E“ na Středozemním moři...
Litteratur
Odvodní komiseen flag
enDraft commissiondeMusterungskommisionnoMønstringskommisjonen
Praha I. 336, Střelecký ostrov -
SøkKartŠvejkova cestaŠvejkův slovník
odvod.png

Mønstringskommisjonen 31. desember 1914

strelov.png
odvod1.png

Oversikt over Landsturmmønstringskommisjonar i Praha

Čech,8.11.1914

Odvodní komise er det tsjekkiske omgrepet for mønstringskommisjonen, organet som eksaminerte ŠvejkStřelecký ostrov. Sjefen for kommisjonen var den illgjetne doktor Bautze.

Bakgrunn

Odvodní komiseMønstringskommisjonen viser i denne samanhengen til Landsturmmusterungskommision Nr. 1, ein mellombels kommisjon som hadde som oppgåve å føreta ei revurdering av Landsturm-rekruttar som i fredstid enten hadde vorte kjende uskikka til å bera våpen (waffenunfähig) eller vorte dimmiterte frå dei væpna styrkane etter fyrst å ha starta i tenesta (superarbitriert).

Kommisjon nr. 1 var ansvarleg for alle som var busette i og hadde Heimatrecht i Praha. I tillegg mønstra dei alle som var busette i Praha men med heimstadrett utafor byen. Innunder denne kategorien kom dermed Jaroslav Hašek (heimstadrett Mydlovary, fødd 1883) og nødvendigvis òg Švejk. Som soldat i Infanterieregiment Nr. 91 må han nemleg ha hatt heimstadrett innafor Heeresergänzungsbezirk Nr. 91. Sjå Ergänzungskommando.

Kommisjonen starta arbeidet sitt 1. oktober 1914 då årgangane 1892 til 1894 vart kalla inn. Mellom desse vart over halvparten vurderte dugelege til krigsteneste. Frå 16. november til 31. desember kom turen til dei som var fødde frå 1878 til 1890. Blandt desse var langt færre klassifiserte Tauglich, mindre enn ein tredjedel. Den siste gruppa er for oss den langst viktigaste ettersom det var her Jaroslav Hašek kom inn. Alt tyder på at Švejk òg tilhøyrde ein av desse årgangane (1878-1883). 20. januar 1915 vart det annonsert austerrikske statsborgarar som var kjende dugelege hadde å melda seg hjå sin Ergänzungskommando 15. februar.

Mønstringane fann stad i hagerestauranten på Střelecký ostrov, på den sørlege enden av øya. Restauranten var i 1914 eit populært utfluktsmål.

Sitat
[I.7] Když Švejk revírnímu inspektorovi ukázal, že to má černé na bílém, že dne musí před odvodní komisi, byl revírní inspektor trochu zklamán; kvůli zamezení výtržnosti dal doprovázet vozík se Švejkem dvěma jízdními strážníky na Střelecký ostrov.
Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

7. Švejk dreg i krigen