void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Institusjonar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

Visningsalternativ

Stader vist: 283 av 283



>> Institusjonar liste over institusjonar som er omtala i romanen (283) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

10. Švejk blir oppassar hos feltpresten

Česká strana národně sociálníen flag
Praha II./739, Dlouhá tř. 27
Wikipedia czdeenno Søk
narsoc1.png

Den fyrste partiavisa ein månad etter at partiet vart stifta

narsoc.png

Prager Tagblatt,9.1.1909.

narsoc.jpg

Fengsla anti-militaristar, 1909

© Národní archiv - Archiv České strany národně sociální

sviha.jpg

Světozor,25.6.1909.

narsoc2.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1910.

Česká strana národně sociální vert indirekte vist til då ein av soldatane i eskorten til Švejk under turen frå Hradčany til Karlín spør om han er nasjonalsosialist.

Bakgrunn

Česká strana národně sociální var eit politisk parti som vart skipa i april 1897 av utbrytarar frå Sosialdemokratane og nokre avhopparar frå Mladočeši. Splittelsen skuldast hovudsakleg at moderpartiet abeidde for sosiale omveltningar innafor Cisleithanien som heilskap, medan utbrytargruppa i tillegg gjekk inn for statsrettar for dei tsjekkiske områda. Det store talet på jødar i moderpartiet provoserte òg utbrytarane. Den politiske platforma deira var hovudsakleg bygd på reform-sosialisme, radikal nasjonalisme, og anti-militarisme. Dei var dessutan sterkt anti-klerikale, anti-tyske, og gjekk inn for å utvida bruken av tsjekkisk i den offentlege administrasjonen. Partiet vart ofte omtala som "Tsjekkisk-radikale". Partiformann i perioden frå 1898 til 1938 Klofáč.

Dei fyrste som trykte Švejk

Det kan ved fyrste augekast verka rart at det her vert gjeve så mykje plass til dette partiet, men i ein Švejk-samanheng er det to gode grunnar for det. Det var i pressa til dette partiet dei fyrste tre sogene om Švejk kom på trykk i 1911 (Karikatury, Josef Lada), og hovudorganet deira České slovo stod i fremste linje for å gjera Den gode soldat Švejk kjend etter forfattaren sin død. Det var nettopp her dei vidkjende teikningane til Lada fyrst kom på trykk. Hašek var dessutan ei kort stund tilsett som lokalreporter hjå avisa både i 1908 og 1912. Han var personleg ven med fleire av bladmennene i partipressa, og Hašek som tsjekkisk nasjonalist og sosialist stod utan tvil partiet nær, òg ideologisk.

Førkrigsperioden

Men no tilbake til sjølve partiet... Ved valget til Reichsrat i 1911 fekk parti 9,7 prosent av stemmene i Böhmen, eit resultat som ga dei 15 representatar. I Mähren var partiet langt svakare og hadde berre ein representant.

Alt frå starten heldt Staatspolizei nøye auga med aktivitetane til partiet. Dette galdt i særleg grad ungdomsorganisasjonen og avisa deira Mladé proudy, redigert av Emil Špatný og Alois Hatina.

Agenten Mašek

Den 8. januar 1909 kom det eit stort oppslag i České slovo. Der hevda partiformann Klofáč at ein agent provocateur i teneste hjå statspolitiet hadde prøvd å komprommitera partiet med fabrikert material av høgforrædersk natur som skulle knyta dei til Serbia. Hovudpersonen i dette komplottet var Hynek Mašek, ein velkjend eventyrar og svindlar som politiet alt før hadde brukt til å infiltrera politisk mistenkelege grupper som anarkistane. I fylgje Klofáč var han betalt av Oberkommisar Chlum i Staatspolizei. Partisjefen tok saka til hastehandsaming i Reichsrat der han forlanga Mašek arrestert og ein slutt på politiet sine ulovlege aktivitetar. Den stormfulle debatten fann stad 12.mars, men saka vart avvist.

Klofáč klarde aldri å føra prov for skuldingane, og i deler av den tysk-språklege pressa vart den omtala som ein "romantisk spionroman". Dei tjekkiske avisene var meir mottakelege, men Čas, hovudorganet til professor Masaryk sitt Realist-parti, kommeneterte på sitt tørre og realistiske vis at "politiet har eit besynderlg tilhøve både til det Nasjonal-sosiale partiet og til Hynek Mašek. Korkje meir eller mindre." Når det er sagt er det likevel ingen tvil om at skuldingane i det store og heile stemde, og ingen av dei vart direkte avkrefta.

Antimilitarist-prosessen

Ungdomsorganisasjonen vart meir og meir ein torn i auga på styresmaktene, mest avdi dei starta med antimilitær propaganda innafor sjølve k.u.k. Wehrmacht, forstyrra mønstringane osv. I 1909 vart det starta ei rettsak mot 46 av leiarane deira. I den innleiande saka vart berre nokre få av dei dømde, men etter at statsadvokaten anka vart i 1910 nesten alle saman funne skuldige. Den lengste straffa vart på to år. På ny dukkar namnet Hynek Mašek opp, og Hašek nemner både han og rettsaka i fylgjetongen Po stopách státní policie v Praze (På sporet av statspolitiet i Praha), Jaroslav Hašek, Čechoslovan, 21. august 1916.

Šviha-affæren

Våren 1914 vart partiet råka av ein skandale av langt større dimensjonar. Formannen i parlamentsgruppa, Karel Šviha, vart avslørt for samarbeid med Staatspolizei, og som vanleg når denne eininga vart nemnd, dukka namna herr Klíma og herr Slavíček opp. Šviha måtte trekkja seg og skandalen medførde slutten på den politiske karriera hans.

Forbod og forfylgjing

Etter utbrotet av fyrste verdskrigen vart partiet forbode og leiarane arresterte, og to partimedlemmer (redaktør Kotek og Slavomír Kratochvíl) vart avretta i November 1914. Klofáč og dei andre ungjekk same lagnande grunna amnestiet i 1917 frå den nye keisaren Karl I.

Etter krigen

I 1918 vart partiet dypt om til Det tsjekkoslovakiske sosialistparti og i 1926 jamvel Det nasjonalsosialistiske parti! Den best kjende politikaren etter krigen var utan tvil Eduard Beneš som melde seg inn i 1923. I mellomkrigstida var partiet heile tida med i regjeringa gjennom den styrande femparti-koalisjonen. Under Nazi-okkupasjonen vart det brutalt undertrykte og frå 1948 til 1989 var dei eit marionett-parti for kommunistane. Partiet gjenoppstod etter Fløyelsrevolusjonen i 1989, men med oppslutning under 1 prosent, høg gjeld, og stadige namneendringar, er partiet no i praksis ikkje-eksisterande.

Nasjonalsosialist

Omgrepet "nasjonalsosialist" var, slik romanen avslører, innarbeidd i daglegtalen alt før fyrste verdskrigen, men var sjølvsagt ikkje relatert til det illgjetne Nazi-partiet som vart stifta i Tyskland etter krigen. Sjølv om partia hadde nokre fellestrekk: glødande nasjonalisme, anti-semittsime, og visse sider ved den økonomiske politikken, var det meir som skilde enn som sameina.

Dei tsjekkiske nasjonal-sosiale respekterte demokratiet, forfylgde ikkje meiningsmotstandarar og var ope anti-militaristisk. Dei delte heller ikkje nazistane sitt sterke hat mot kommunismen og teoriane deira om rasehygiene. Der nasjonalismen til det tsjekkiske partiet var ein reaksjon på eksterne trugsmål mot nasjonal sjølvråderett og kultur, søkte dei tyske namnebrødrene deira aggressiv ekspansjon på bekostning av andre nasjonar.

Hašek og partiet
ceskeslovo.png
spatny.jpg

Emil Špatný, ven av Hašek - ved ein razzia 27.mars 1909 slukte han eit komprommiterande brev!

© Národní archiv - Archiv České strany národně sociální

Jaroslav Hašek var personleg ven med fleire medlemmer av partiet sin ungdomsorganisasjon, mellom dei Alois Hatina og Emil Špatný. Begge var redaktørar hjå Mladé proudy, og som Hašek, stod dei anarkist-rørsla nær. Om han nokon gong vart partimedlem er uvisst, men me veit at han bidrog under valgkampen i 1908 (Radko Pytlík).

Ei heller var han framand i redaksjonen til partiorganet České slovo eller hjå leiinga til moderpartitet. Fleire av partileiarane og partijournalistane er nemnde i dei ulike sogene Hašek ga ut. Klofáč sjølv er nemnd i Den gode soldat Švejk og dukkar opp i Strana mírného pokroku v mezích zákona og i andre soger. Ellers vart Karel Šviha, Jiří Škorkovský og mange andre offer for satirikaren sin skarpe penn.

České slovo

České slovo (Det tsjekkiske ord) vart grunnlagd 1907 og Hašek si fyrste soge dukka opp i spaltene deira 28. juni 1908. Same året vart elleve til av sogene hans trykte i bladet. I 1909 forsvann namnet hans frå spaltene men i 1911 og 1912 var det teikn til måteleg aktivitet att.

Hašek arbeidde ei kort stund for České slovo som lokalreporter, men han vart fort oppsagd. På høgda av Šviha-affæren i mars 1914 skreiv han ein bitande nekrolog over partitet Kopřivy, eit satireblad som var knyta til dei rivaliserande sosialdemokratane!

Forlagshuset Melantřich var sterkt knytt til partiet, og utanom České slovo gav dei ut ei rekkje mindre aviser og tidskrift. Eit av desse var Karikatury, redigert av Hašek sin kamerat Josef Lada. Det var i deira spalter at Den gode soldat Švejk kom på trykk for fyrste gong 22. mai 1911.

Etter at Hašek kom tilbake frå Russland fylgde ein ny periode med intens aktivitet i spaltene til České slovo. Fyrste forteljinga kom alt 5. januar 1921 og fleire kom til same våren. Dei fleste av dei vart trykte i kveldsutgåva Večerní České slovo.

Etter forfattaren sin død spela České slovo ei framståande rolle i populariseringa av romanen hans. Frå 11. november 1923 trykte dei Josef Lada sine vidkjende teikningar som sterkt pregar våre inntrykk av Švejk til denne dag. Hausten 1924 kom så den fyrste seriøse undersøkinga av samanhengen mellom Hašek sine eigne opplevingar i k.u.k. Heer og handlinga i romanen. Sjå Jan Morávek for vidare detaljar.

Brevet som vart slukt
spatny.png

Prager Tagblatt,29.3.1909.

På sida har me òg notert oss fylgjande: Ein av Hašek sine vener i partitet kan godt ha vore inspirasjon for ein av dei mest berømte situasjonane frå Švejk's sit opphald i Királyhida. 27. mars 1909 føretok polititet husransaking heime frå fleire av medlemmene av Česká strana národně sociální. Eit av offera for undersøkinga var den tidlegare nemnde redaktøren Emil Špatný. Denne viste seg å vera særs snarrådig - han skal ha rive sund og slukt eit brev frå den kjende agent provocateur Mašek! Episoden vart omtala i fleire aviser, mellom dei Prager Tagblatt[a] og Neue Freie Presse.

Sitat
[I.10.1] „Nejsi národní socialista?“ Nyní počal být malý tlustý opatrným. Vmísil se do toho. „Co je nám do toho,“ řekl, „je všude plno lidí a pozorujou nás. Aspoň kdybychom někde v průjezdu mohli sundat bodla, aby to tak nevypadalo. Neutečeš nám?

Kjelder: Svatopluk Herec

Skrivst òg:Czech National Social Party en Tschechische national-soziale Partei de Det tsjekkiske nasjonalsosiale parti no

Litteratur
Referensar
aDie antimilitaristische PropagandaPrager Tagblatt29.3.1909
Na Kuklíkuen flag
Praha II./1130, Petrské nám. 6
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
kuklik.jpg

České slovo,16.12.1923.

kuklik2.png

Národní listy,20.5.1901.

Na Kuklíku var kneipa der Švejk med eskorte tok ein lang og lystig pause før dei i påverka tilstand kom seg vidare til Feldkurat Katz i Karlín. Ein viss kneipevert Serabona skal ha vore pubvert, han var medlem av Sokol, og dermed til å stola på.

Bakgrunn

Na Kuklíku var ein restaurant i PrahaPetrské náměstí. I 1877 viser annonsar at vertshuset eksisterte og at dei òg brygga sitt eige øl. Mot slutten av 1880-åra virkar det som om det var slutt på brygginga, men at det heldt fram skjenkestad. Ved folketeljinga i 1900 var Gustav Holan oppførd som vert.

Vilém Srp fekk publisens i 1901 og var i 1923 enno eigar. Det året kunne oppslag i avisene avsløra at verdisaker verd Kč 50000 hadde vorte gøymde på loftet, men hadde vorte stolne medan eigarparet var sjuke. Dei skuldige vart fort arresterte og stilde for retten. Av betydning ellers er eit postkort frå 1906 som viser a restauranten òg vart kalla U Serabono. Sjå kneipevert Serabona. Bygningen vart riven i 1928.

Kuklík er nemnd i ein reportasje av Egon Erwin Kisch: Zitaten vom Montmartre og det virkar som det var eit lokale for dei meir hardbarka. I avisene vart det opp gjennom åra rett som det var meldt om bråk, fleire av desse tilfella galdt soldatar. Dessutan vart det nemnd tilfelle av tjuveri og om ein bande som spela med falske kort.

Sitat
[I.10.1] „Pojďme na Kuklík,“ vybízel Švejk, „kvéry si dáte do kuchyně, hostinský Serabona je Sokol, toho se nemusíte bát. Hrajou tam na housle a na harmoniku,“ pokračoval Švejk, „a chodějí tam pouliční holky a různá jiná dobrá společnost, která nesmí do Represenťáku.“ Čahoun s malým podívali se ještě jednou na sebe a pak řekl čahoun: „Tak tam půjdem, do Karlína je ještě daleko.“ Po cestě jim Švejk vypravoval různé anekdoty a v dobré náladě vstoupili na „Kuklík“ a udělali to tak, jak Švejk radil. Ručnice uschovali v kuchyni a šli do lokálu, kde housle a harmonika naplňovaly místnost zvuky oblíbené písně "Na Pankráci".

Kjelder: Jaroslav Šerák, M. Smreček

Litteratur
Sokolen flag
Praha II./61, Ferdinandova tř. 24
Wikipedia czdeen KartSøk
sokol.jpg

Sokol-øving på borga i Lipnice nad Sázavou, ein gong før 1913

sokol2.png

Vedtak om oppløysing av Sokol

Národní listy,30.11.1915.

Sokol er nemnd såvidt av Švejk når han fortel eskorten sin på vegen til Feldkurat Katz at verten kneipevert SerabonaNa Kuklíku er medlem av Sokol og dermed ingen grunn til å vera redd for. Dei kunne dermed roleg setja frå seg geværa på kjøkenet og ta seg ein dram.

Bakgrunn

Sokol (Falken) er ei enno fungerande patriotisk gymnastikk-rørsle som vart grunnlagd i Praha i 1862 av Miroslav Tyrš og Jindřich Fügner. Dei vart òg ein viktig del av det tsjekkiske nasjonale sjølvmedvitet og spreidde seg seinare til andre slaviske folkegrupper i Austerrike-Ungarn og jamvel i Russland, Serbia og Bulgaria. Gjennom heile tida under monarkiet heldt styresmaktene auga med rørsla som hadde sterk støtte i parti som kjempa for tsjekkiske statsrettar; nemleg Česká strana národně sociální and Mladočeši. Hovudkontoret låg i 1910 i Ferdinandova tř. 24, bygningen er forlengst riven. På tomta ligg i dag (2015) supermarknanden Tesco. Scheiner var formann både i den tsjekkiske og internasjonale avdelinga, og begge heldt til på denne adressa.

Den 24. november 1915 vart dei to Praha-baserte paraply-organisasjonane til Sokol, Česká Obec Sokolská og Svaz Slovanského Sokolstva, oppløyste etter ordre frå Innanriksdepartement. Lokale avdelingar fekk derimot lov til å halda fram. Offisiell grunngjeving forbodet var pro-serbiske og pro-russiske aktivitetar, anti-asuterriksk propaganda og kontakt med den sterkt Habsburg-fiendtlege Sokol-rørsla i Nord-Amerika. Sokol-føraren Scheiner hadde vorte arrestert alt 25. mai. Mange av Sokol-medlemmene var faktisk aktive i den tsjekkiske motstandsrørsla under fyrste verdskrigen. Sokol si storheitstid var under den fyrste republikken, men dei var sjølvsagt forbodne under både nazistane og kommunistane.

Det var medlemmer av Sokol som 6..1.1923 bar kista til Jaroslav Hašek til grava i Lipnice.

Den gode soldat Švejk i fangeskap

I Dobrý voják Švejk v zajetí er Sokol nemnd i samband med forhøyret av Švejk på k.u.k. Militärgericht Prag.[1]

Sitat
[I.10.1] Otázky kladou se jen auditorovi, který objasňuje velmi srozumitelně, že obžalovaný je největší lotr na světě, že byl v Sokole, že četl Samostatnost apod.
[I.10.1] „Pojďme na Kuklík“, vybízel Švejk, „kvéry si dáte do kuchyně, hostinský Serabona je Sokol, toho se nemusíte bát. Hrajou tam na housle a na harmoniku,“ pokračoval Švejk, „a chodějí tam pouliční holky a různá jiná dobrá společnost, která nesmí do Represenťáku.
Litteratur
Referensar
1Dobrý voják Švejk v zajetíJaroslav Hašek1917
Reprezenťáken flag
Praha I./1090, Josefské nám. 4
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkův slovník
obecnidum.jpg

Architektonický obzor, 12.1912.

Reprezenťák vert nemnd av Švejk når han fortel vaktarane sine at Na Kuklíku er ein triveleg stad der gatejenter og anna godt selskap som ikkje kjem inn på Reprezenťák.

Bakgrunn

Reprezenťák er ei konserthall og underhaldningskompleks i Praha, som no offisielt heiter det Obecní dům. Opprinneleg vart det kalla Reprezentační dům, derav det folkelege uttrykket som Švejk brukar. Dette er eit av dei mest framståande jugendstil-bygga i byen. Tsjekkoslovakia si uavhengigheit vart proklamert her 28. oktober 1918.

Sitat
[I.10.1] Hrajou tam na housle a na harmoniku,“ pokračoval Švejk, „a chodějí tam pouliční holky a různá jiná dobrá společnost, která nesmí do Represenťáku.“
Litteratur
U Valšůen flag
Praha I./286, ul. Karoliny Světlé 22
KartSøk Švejkův slovník
uvalsu.jpg

U Valšů, mai 2011

valsu.png

Národní listy,18.9.1910.

uvalsu.png

Policejní ředitelstvi, 30.11.1914

U Valšů vert omtala når det i ein samtale på Na Kuklíku vert hevda at ei viss Mařka (Marie) skal ha drege til dette hotellet saman med ein soldat. Seinare dukkar staden opp i ein anekdote av Švejk på toget etter Moson i kapittel 3.1.

Bakgrunn

U Valšů var ei vegkro og hotell i Staré město, frå 1908 eigd av František Materna[a], ein person som kan ha lånt namnet sitt til Einjährigfreiwilliger Materna. Den har lange tradisjonar og vert omtala av mellom anna Fremden-Blatt alt i 1861[b]. Den var enno i drift i 1917 (med same eigar) men ser ut til å ha avslutta drifta like etter. I 2021 heldt eit teater til i bygningen.

Eit vidkjendt spikk

U Valšů var åstaden for ein av Jaroslav Hašek sine mest vidkjende provokasjonar. Den 24. november 1914 skreiv han seg inn her som russisk forretningsmann og vart arrestert etter kort tid. Han vart førd til c.k. policejní ředitelství, avhøyrd av herr Slavíček og fekk ein dom på 5 dagar. Han forklarde at han gjorde det for å finna ut kor vaktsame sikkerheitstenestene var! Hendinga vart omtala i avisene, og nokre dagar seinare kom forfattaren sitt humørfylte svar.

Både Václav Menger og Emil Artur Longen nemner episoden i bøkene sine om Hašek og begger pynter på soga med dialogar og andre detaljar. Politirapporten nemnde ikkje namnet som Hašek skreiv seg inn med men Menger hevdar det var Ivan Feodorovič Kuzněcov medan Longen fører opp Lev Nikolajevič Turgeněv. Begge desse litterære versjonane bør lesast med ein viss skepsis, spesielt Longen sin. Han let ein viss detektiv Spanda fortelja soga og i tillegg hevdar han at denne var modell for detektiv Bretschneider.

Ein anna variant av historia (ukjendt opphav) hevdar at han skreiv seg inn med eit namn som lese baklengs betydde "sleik me i rassen", men dette er nok berre ei "god historie" og vert ikkje underbygd av politidokumenta, ei heller av Menger og Longen.

Sitat
[I.10.1] U hudby hádali se dva, že nějakou Mařku včera lízla patrola. Jeden to viděl na vlastní oči a druhý tvrdil, že šla s nějakým vojákem se vyspat k „Valšům“ do hotelu.

Kjelder: Václav Menger, Emil Artur Longen

Litteratur
Referensar
aPobytové přihlášky pražského policejního ředitelstvíNAČR1851 - 1914
bDer Judenkrawall in PragFremden-Blatt4.8.1861
U Šuhůen flag
Praha I./722, Benediktská ul. 9
KartSøk Švejkův slovník
usuhu1.jpg

Konec bahna Prahy, K.L. Kukla,1927.

schuha.png

Národní politika,2.1.1898.

usuhu.jpg

© Milan Hodík

usuhu1.png

Wo Kafka und seine Freunde zu Gast waren, Hartmut Binder,2000.

usuhu2.jpg

Pobytové přihlášky / Meldebuch.

schuh.png

Vigselsregister,1901

schuh1.png

Dødsregister,26.5.1919

schuh2.png

Soupis pražského obyvatelstva 1830-1910 (1920).

U Šuhů var eit bordell der Feldkurat Katz skulda pengar, og ville difor ikkje gå dit. Staden vert nemnd to gonger til: i Del tre i Einjährigfreiwilliger Marek si forteljing om hoffet hjå Erzherzogin Marie Valerie og i soga om blekkslagar Pimpra.

Bakgrunn

U Šuhů var eit bordell i Benediktská 9. I fylgje Chytilův úplný adresář království českého (1913) var den eigd av Jan Schuha, ein person som etablissementet nok hadde namnet sitt etter. I Cecil Parrott si overstejing av Den gode soldat Švejk er det ein fotnote som omtalar U Šuhů som "a notorious brothel".

Kafka på Šuha sitt bordell

Det var ikkje berre Feldkurat Katz og blekkslagar Pimpra som frekventerte Šuha. Franz Kafka nemner diskret i dagboka si ei vitjing her 28. september 1911 der han vart teken hand om av ei "jødinne med smalt ansikt". Han omtalar dessutan interiøret nokså detaljert. Bordellvertinna er framstilt i lite flatterande vendingar[b].

Kafka-eksperten Hartmut Binder kjem med utfyllande opplysingar i boka si Wo Kafka und seine Freunde zu Gast waren. Han avslører mellom anna at Jan Šuha fekk tildelt bordell-lisens mot at han fungerte som polititystar. Det var fru Šuha som dreiv bordellet, noko som var svært vanleg på den tida. Det kjem òg fram at Kafka må ha innom vore her meir enn ein gong. Etter at mannen døydde gifta fru Šuha seg med Rudolf Kulhánek, etablissementet sin utkastar.

Avisklipp

Dette kjem òg fram i ein avisartikkel frå 1891 at Šuha var politi-informant. Han var delaktig i å få arrestert innbrotstjuvar som skulle rana ein butikk i Michle. Dessutan vart det opplyst at han var 43 år gammal, så han må ha vore fødd i 1848.

I 1896 er Šuha oppført i adresseboka som innehavar av ei vinstove på adressa nemnt over, og eit avisklipp frå 1898 viser til Jan Šuha, eigar av ein nattkafe i Benedikstká ulice. Han kjøpte dette året ein kafé i Konviktská ulice i Staré město. I 1907 (3. april) kunne Architektonický ozbor melda a Šuha hadde kjøpt hus nr. 1030 i Benediktská for 96 000 kroner. Dette var nabohuset på hjørna ved bordellet.

I 1923 rapporterte Národní politika om ein slåstkamp framfor huset. Ein full mann braut deg inn i eit av husvera der han trudde bordellet framleis låg. Šuha må dermed ha avvikla ein gong mellom 1913 og 1923. Han var i 1913 vorten 65 år gamal men me veit ikkje når han døydde. I alle fall vart bordelldrift forbode i 1919 sjølv om restriksjonane seinare vart lempa på.

Politiregister

I politiet sine registreringsbøker fins det fleire opplysningar. Dei stadfestar at Johann Šucha var fødd i 1848 og at han i 1901 gifta seg med den 29 år yngre Marie Wykypěl. Šuha er oppførd med to yrke: Goldarbeiter (gullarbeidar) og Weinschänker (vinkelnar), fødestad og Heimatrecht i Rakov ved Plzeň. 4. mars 1913 er ektefellene registrerte på adressa Benediktinergasse 722/I. Det kan òg leggjast til at ei Emilie Rossmann (fødd Vykypěl, Brno 1887) er registrert på same adressa. Det ligg nær å tru at det kan vera systera til bordellvertinna.

Kyrkjebøker

Gransking av kyrkjebøker utførd av Jaroslav Šerák (2019) gjev oss meir detaljerte opplysningar om eigararen av bordellet. Her finn ein både fødsels- og dødsdatoar, dessutan opplysningar om giftarmål.

Jan Schuh (namn i fylgje kyrkjeboka) var fødd utafor ekteskap på Hradčany 3. juni 1848, ikkje i Raková slik politiregistra opplyser. Den 18. april 1901 gifta han seg med den 23 år gamle Marie Vykypělová som alt då var bordellmadam på etablissementet hans. Marie Schuhová døydde 5. november 1910 så ho kan ikkje har vore "madammen" som Kafka omtalar i dagboka si eit knapt år seinare (men det kan godt vera henne Einjährigfreiwilliger Marek hugsar). 27. januar 1913 gifte Schuh seg med den yngre systera til den avøydde kona si, Josefa Vykypělová. Ho fungerte òg som bordellmadam så det truleg henne Kafka omtala. Bordelleigar Jan Schuh døydde 26. mai 1919.

Det vert dessutan stadfesta at Josefa Schuhová like etter mannen sin død gifta seg med Rudolf Kulhánek, den 8 år yngre overkelnaren ved bordellet. Emilie Rossmannová, gift med Leopold, var syster til dei to bordellmadammene. Josefa Kulhánková døydde den 5. september 1924, 43 år gammal.

Folketeling, 1900

Folketeljinga i 1900 avslører fleire detaljar (reultatet frå 1910 er enno ikkje tilgjengeleg digitalt). Šůha eigde bustad nummer 19 og 20 i bygningen, i alt er 15 personar oppførde som busette her. Forutan eigaren sjølv var det ei vertinne (Marie Vykypěl) to andre vertinner/tenarar (Josefa Vykypěl og Anna Vlachovská). Deretter kom 11 prostituerte, der dei to yngste var 15 år gamle og den eldste 23! Alle i bustaden oppgav tsjekkisk som omgangsspråk[a].

Franz Kafka, Dagbøker, 1. oktober 1911

På B. Suha førføredags. Den eine jødinna med smalt ansikt, forlenga i ei smal hake, men med ein uvanleg luftig frisyre som går ut i breidda. Dei tre små dørene som fører frå det indre av bygningen ut til mottaksrommet. Gjestene som i ei vaktbu på scena, drikkevarer på bordet, men dei vert knapt rørde. Kvinna med eit flatt andlet i ein firkanta kjole som fyrst byrjar å røra seg djupt under saumen. No som tidlegare er nokre kledde som dokker i eit ungeteater, som ein kan sjå det på julemarknaden, det betyr dekka of frynser og gull og laust påsydd, slik at dei kan skiljast i ei vendig og fell frå kvarandre mellom fingrane. Vertinna med ljost og stramt knytt hår, som utan tvil dekkjer over eit motbydeleg underlag, med ei skarpt nedoverpeikande nase, ei retning som har eit slags geometrisk høve til dei hengjande brysta og det stramt innsnørde livet. Ho klagar over hovudverk, som skuldast det faktum at ein i dag, laurdag, hadde store voner men at inkje likevel hende.

Franz Kafka, Tagebücher, 1. Oktober 1911

Im B. Suha vorvorgestern. Die eine Jüdin mit schmalem Gesicht, besser das in ein schmales Kinn verlauft, aber von einer ausgedehnt welligen Frisur ins Breite geschüttelt wird. Die drei kleinen Türen, die aus dem Innern des Gebäudes in den Salon führen. Die Gäste wie in einer Wachstube auf der Bühne, Getränke auf dem Tisch, werden ja kaum angerührt. Die Flachgsichtige im eckigen Kleid, das erst tief unten in einem Saum sich zu bewegen anfängt. Einige hier und früher angezogen wie die Marionetten für Kinderteater, wie man sie auf dem Christmarkt verkauft d.h. mit Rüschen und Gold beklebt und lose benäht, so daß man sie mit einem Zug abtrennen kann und daß sie einem dann in den Fingern zerfallen. Die Wirtin mit dem mattblonden über zweifellos ekelhaften Unterlagen straff gezogenem Haar, mit der scharf niedergehenden Nase, deren Richtung in irgendeiner geometrischen Beziehung zu den hängenden Brüste und dem steif gehaltenen Bauch steht, klagt über Kopfschmerzen, die dadurch verursacht sind, daß heute Samstag ein so großer Rummel und nichts daran ist.

Sitat
[I.10.2] Polní kurát pustil se vrat a navalil se na Švejka: „Pojďme tedy někam, ale k Šuhům nepůjdu, tam jsem dlužen.“
[III.3] Kvůli pořádku, aby si snad dvorní lokajové nedovolili nějaké důvěrnosti ku dvorním dámám přítomným na hostině, objevuje se nejvyšší hofmistr baron Lederer, komoří hrabě Bellegarde a vrchní dvorní dáma hraběnka Bombellesová, která hraje mezi dvorními dámami stejnou úlohu jako madam v bordelu u Šuhů.
[III.4] Švejk velice vážně a důrazně řekl: „Nic jste neprováděl, pane lajtnant, byl jste jenom na návštěvě v jednom vykřičeným domě. Ale to byl asi nějakej vomyl. Klempíře Pimpra z Kozího plácku taky vždycky hledali, když šel kupovat plech do města, a našli ho také vždycky v podobnej místnosti, buď u ,Šuhů’, nebo u ,Dvořáků’, jako já vás našel.

Kjelder: Jaroslav Šerák, Franz Kafka, Hartmut Binder, K.L. Kukla

Skrivst òg:Schuha de

Litteratur
Referensar
aSčítání lidu Praha I.Archiv hlavního města Prahy1900
bTagebücher, Heft 1Franz Kafka1.10.1911
Korpskommandoen flag
Praha III./258, Malostranské nám. 15
Wikipedia de KartSøk Švejkův slovník
korps8.png

Rekruteringsdistriktet til det 8. korps

korps8_sokal.png

Korpskommando ved Sokal. Underskrift von Scheuchenstuehl.

Korpskommando vert nemnd av Feldkurat Katz i fylla på veg heim frå festen hjå Oberleutnant Helmich.

Bakgrunn

Korpskommando viser her til 8. Korpskommando, eit av i Austerrike-Ungarn totalt 16 armekorps. Korpset med hovudkvarter i Lichtensteinpalasset i Malá Strana, rekrutterte frå sør-, midt- og vest-Böhmen, og dekka saman med 9. Korpskommando (Litoměřice) heile Böhmen.

Understilt 8. korps var desse einingane: 9. Infanteriedivision (med IR. 91), 19. Infanteriedivision, L21. Infanteriedivision, 8. Feldartilleriebrigade, 1. Kavaleriebrigade og Traindivision Nr. 8. Korpskommandant i 1914 var general Artur Giesl von Gieslingen. Etter fiaskoen i Serbia i 1914 vart han erstatta av Viktor von Scheuchenstuel.

Tilknytta korpset var òg storspionen Alfred Redl, generalstabsjefen deira frå 18. oktober 1912. I mai 1913 vart han avslørt etter i over 10 år ha vore dobbeltagent i tsaren si teneste. Han vert rekna som ein av dei beste (verste) spionane gjennom tiden og overleverte omtrent alt som var av verdi til russarane.

Sitat
[I.10.2] Polní kurát, který zaslechl poslední slova, pobručuje si nějaký motiv z operety, kterou by nikdo nepoznal, vztyčil se k divákům: "Kdo je z vás mrtvej, ať se přihlásí u korpskomanda během tří dnů, aby mohla být jeho mrtvola vykropena."
Litteratur
Infanterieregiment Nr. 75en flag
Salzburg
KartSøk Švejkův slovník
ir75.jpg

Der Oberste Kriegsherr und sein Stab,1908.

ir75b.png

Byplassen i Jindřichův Hradec

lehen3.jpg

Lehener Kaserne, Salzburg

ir75.png

Seidels kleines Armeeschema,1914.

ir75a.png

Volksfreund,8.8.1914.

Infanterieregiment Nr. 75 er nemnd i forbifarten når den overstadige Feldkurat Katz i drosjen heim frå Oberleutnant Helmich forvekslar Švejk med oberst Oberst Just frå det 75. regimentet.

Regimentet dukkar opp på nytt når Feldkurat Katz og Švejk må låna pokalen til Oberleutnant Witinger til feltmessa i [I.11].

I [II.3] på toget til Bruck vert Korporal Rejmánek frå dette regimentet nemnd i ei av Švejk sine anekdotar. Ein person frå eskorten kjem så med fleire anekdotar frå regimentet, mellom anna frå Serbia. I neste kapittelet nemner Oberst Schröder regimentet når han greier ut for Oberleutnant Lukáš om opplevingane sine ved fronten sør for Beograd. Sjå II. Marschbataillon.

Bakgrunn

Infanterieregiment Nr. 75 var eit av 102 austerriksk-ungarske infanteriregiment. Det var grunnlagd i 1860 og fekk elddåpen sin alt i 1866 under det andre slaget ved Custoza.

Det var hovudsakleg eit tsjekkisk regiment, rekruttert frå Heeresergänzungsbezirk Nr. 75, Jindřichův Hradec (Neuhaus). Her heldt i 1914 Ergänzungsbezirkskommando og 3. bataljon til. Staben og dei tre andre bataljonane var flytta til Salzburg i mars 1912. I Salzburg vekte det tilflytta regimentet oppsikt med dei tsjekkiske songane sine og dei skal ha vore årsaka til den sterkt aukande lokale interressa for fotball i byen.

Regimentskommandant ved krigsutbrotet var oberst Franz Wiedstruck. Regimentet hadde frå 1906 til 1909 halde til på Hradčany i Praha. Deretter var det fram til flyttinga i 1912 forlagde i heimbyen Jindřichův Hradec.

Under krigen

Alt 5. august 1914 forlet regimentet Salzburg og drog til fronten mot Russland. Tre av dei fire bataljonane vart tildelte 4. Armee og kjempa ut 1914 stort sett i området mellom elva San og Kraków. På nyåret vart dei overførde til den tyske Süd-Armee og flytta til området aust for Munkács. Regimentet slost på austfronten fram til september 1917 då dei vart overførde til Tyrol [d].

Zborów

Regimentet kom i sterkt i fokus etter slaget ved Zborów den 2. juli 1917. Her vart mange av soldatane tekne til fange av eigne landsmenn frå Legionane. Dette førde til skuldingar om svik og undersøkjing i Wien der saka vart teken opp i Reichsrat.

Ersatzbataillon

Erstatningsbataljonen vart i November 1915[a] flytta til Debrecen der dei vart verande ut krigen[b]. I Jindřichův Hradec vart dei erstatta av Infanterieregiment Nr. 101 frå ungarske Békéscsaba.

Oberst Schröder

I historisk samanheng er det klårt at Oberst Schröder og andre figurar frå Den gode soldat Švejk som hevda at regimentet slost i Serbia tek feil. Sjå II. Marschbataillon.

Gott strafe England

Regimentet vert òg så vidt nemnd i Jaroslav Hašek sitt polemiske innslag Gott strafe England, (Československý voják - 10. oktober 1917). Her vert hovudpersonen Hauptmann Adamička til slutt gal, overførd til Infanterieregiment Nr. 75 og teken til fange ved Zborów. Den verkelege Josef Adamička tenestegjorde rettnok aldri i regimentet - og han var stasjonert i Beograd då slaget stod.

Wehrgeschichte Salzburg (Erwin Niedermann):

Auf Wunsch des Erzherzog-Thronfolgers Franz Ferdinand (1863– 1914), der in Blühnbach das Jagdschloß besaß, sollten beim zumeist nur deutschsprachigen Militär in Salzburg aber auch Angehörige einer anderen Sprache des multinationalen und multikulturellen Reiches den (ab 1908) zweijährigen Wehrdienst ableisten, so wie das längst in den anderen Kronländern üblich war. So wurden anstelle der „Rainer“ (es verblieb nur das 4. Bataillon) der Regimentsstab und drei Bataillone des Böhmischen Infanterie-Regimentes Nr. 75 aus Neuhaus/Jindrichuv Hradec (lichtblaue Aufschläge, weiße Knöpfe, 79 Prozent tschechische Umgangssprache, 20 Prozent deutsche,1 Prozent verschiedene) mit März 1912 hierher transferiert, wobei ein Bataillon auch in die Lehener Kaserne kam, die anderen zwei in die Franz Josef-Kaserne, bzw. Hofstall-Kaserne und Nonntalerkaserne, die „Rainer“ in die Hellbrunner-Straße, bzw. auf die Festung. Die Salzburger sollen sehr unverständig erstaunt gewesen sein über die in und außer Dienst gesungenen tschechischen Volkslieder der Soldaten, wie mehrfach überliefert wurde.

Die Soldaten dieses IR 75 sollen bereits vor dem Krieg sich für Fußball interessiert haben. Soldaten dieses Regimentes haben vermutlich den Fußball-Boom in Salzburg ausgelöst. Im Mai 1914 wurde im Rahmen eines Militärsportfestes ein Fußballspiel am Exerziergelände der Hellbrunner-Kaserne abgehalten. Salzburger Realschüler spielten gegen Soldaten des IR 75. Die Realschüler schlossen sich dann zu einem Fußballverein “Die Athletiker” zusammen, aus dem der “Erste Salzburger Athletiker-Klub (1.SAK 1914) entstand. Eine weitere Information dazu spricht von der Landwehr Nr.8 in der Hellbrunner-Kaserne, in der Fußball-Spieler aus den böhmischen Mannschaften SLAVIA und SPARTA als Soldaten Dienst versahen.

Sitat
[I.10.2] Švejk ho vzbudil a za pomoci drožkáře dopravil do drožky. V drožce polní kurát upadl v úplnou otupělost a považoval Švejka za plukovníka Justa od 75. pěšího pluku a několikrát za sebou opakoval: „Nehněvej se, kamaráde, že ti tykám. Jsem prase.“
[I.11] Tak dostaneme sportovní pohár od nadporučíka Witingra od 75. pluku. On kdysi před lety běhal o závod a vyhrál jej za ,Sport-Favorit’. Byl to dobrý běžec. Dělal čtyřicet kilometrů Vídeň-Mödling za 1 hodinu 48 minut, jak se nám vždycky chlubí. Jsem hovado, že všechno odkládám na poslední chvíli. Proč jsem se, trouba, nepodíval do té pohovky.“
[II.3] Potom ještě vím o jednom kaprálovi od pětasedmdesátejch, Rejmánkovi...“
[II.3] „U pětasedmdesátýho regimentu,“ ozval se jeden muž z eskorty, „prochlastal hejtman celou plukovní kasu před válkou a musel kvitovat z vojny, a teď je zas hejtmanem, a jeden felák, kterej vokrad erár vo sukno na vejložky, bylo ho přes dvacet balíků, je dneska štábsfeldvéblem, a jeden infanterista byl nedávno v Srbsku zastřelenej, poněvadž sněd najednou svou konservu, kterou měl si nechat na tři dny.“
[II.4] Brigádní telefonní centrála hlásí, že se nikam nemůže dozvonit, jenom že hlásí štáb 75. regimentu, že právě dostali od vedlejší divise rozkaz ,ausharren’, že se nemůže smluvit s naší divisí, že Srbové obsadili kótu 212, 226 a 327, žádá se o zaslání jednoho batalionu jako svaz a spojení po telefonu s naší divisí.
Litteratur
Referensar
aCtěnému obyvatelstvu města Jindřichova Hradce!Ohlas od Nežárky26.11.1915
bJak prožívali Pětasedmdesátníci státní převrat v DebrecíněOhlas od Nežárky23.10.1936
cJindř. Hradec a Slovensko v minulostiOhlas od Nežárky18.9.1936
dIR 75 - bojová cestaSignum belli 19142014-2023
Sport-Favoriten flag
Praha I./583, Na Příkopě 15
KartSøk Švejkův slovník
sportfav2.png

Klubben si adresse i 1910

sportfav1.png

Neues Wiener Abendblatt,3.7.1902.

sportfav0.png

Světozor, 19.3.1909.

Sport-Favorit er nemnd i samband med løpsbragdene til Oberleutnant Witinger. For mange år sidan hadde han vunne pokalen Feldkurat Katz skulle bruka til feltmessa og på den tida sprang han for Sport-Favorit. Seinare i kapittelet kjem det fram at det aktuelle løpet var frå Wien til Mödling.

Bakgrunn

Sport-Favorit var ein tysk sportsklubb frå Praha, offisielt Fussballclub Sport-Favorit. Til trass namnet og hovudfokus på fotball dreiv dei med friidrett og sykling, i alle fall dei fyrste åra.

Klubben vart stifta i 1900 etter samanslåing av Sport og Favorit. Kontoret låg på Na Příkopě (Graben), var assosiert med Café Central, og fotballkampane vart spela på Letná. Løpskonkurransen som er nemnd i artikkelen til høgre fann stad på ei bane i Bubny 13. juli 1902.

Sitat
[I.10.2] Tak dostaneme sportovní pohár od nadporučíka Witingra od 75. pluku. On kdysi před lety běhal o závod a vyhrál jej za 'Sport-Favorit'. Byl to dobrý běžec. Dělal čtyřicet kilometrů Vídeň-Mödling za 1 hodinu 48 minut, jak se nám vždycky chlubí. Jsem hovado, že všechno odkládám na poslední chvíli. Proč jsem se, trouba, nepodíval do té pohovky.“
Litteratur
Bruskaen flag
Praha III./132, Pod Bruskou 2
KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
bruska.jpg
bruska.png

Bruska var kaserna der Hauptmann Šnábl heldt til. Švejk vart send hit av Feldkurat Katz for å låna pengar og kjøpa ořechovka (nøttebrennevin).

Bakgrunn

Bruska er her meint ei kaserne som låg på Klárov i Malá Strana, vegg i vegg med Klárův ústav slepců. Den er oppattkalla etter den vesle (mest underjordiske) bekken Bruska (Brusnice) some renn forbi tomta.

I denne kaserna heldt for det meste staben til Infanterieregiment Nr. 28 til, dessutan gjerne ein av bataljonane, erstatningsbataljonen, og Artillerieregiment Nr. 8. Einingar vart flytta rundt så kven som var i kaserna varierte nesten frå år til år. I 1914 var det berre 2. bataljon som heldt til her.

Bygningen vart i 1914 seld til Praha kommune og militærpersonellet flytta til Josefskaserne i Praha II. og Ferdinandkaserne i Karlín. Men enno i oktober heldt rekruttertingskommandoen til på den gamle staden så om Hauptmann Šnábl hadde noko samband med verkelege tilhøve må han ha tenestegjord her. Det er òg mykje som tyder på at kaserna vart brukt av militæret seinare: i 1915 var det Landsturmmønstringar her og i 1916 melder Prager Tagblatt om ungarske soldatar på staden. I 1919 vart bygningen brukt til rekruttering of frivillege til hæren. Kaserna vart riven i 1922 og tomta er no berre delvis bygd på.

Sitat
[I.10.3] Kdyby zde byla pravá ořechovka,“ povzdechl, „ta by mně spravila žaludek. Taková ořechovka, jako má pan hejtman Šnábl v Brusce.“
Litteratur
Vršovice kasárnaen flag
Vršovice/429, Na Mičánkách -
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
vrsovice_kasarna.png

Eidesleistung vor Abmarsch des 8. Marschbaons des IR. Nr. 73 in Prag-Wrschowitz 1915.

vrsovice_kasarna1.png

Geschichte des ehemaligen Egerländer Infanterie-Regiments Nr. 73,Maxmilian Hoen.

Vršovice kasárna er ei militærforlegning som Švejk var innom då han lånte pengar av Oberleutnant Mahler. I [I.14] og [I.15] føregår truleg noko av handlinga her då Švejk var tenar hjå Oberleutnant Lukáš (utan at dette er sagt eksplisitt). Ein indikasjon er at Blahník tek med seg den stolne hunden Max hit, men i neste kapittel verkar det som om Lukáš bur mykje nærare sentrum.

Bakgrunn

Vršovice kasárna viser truleg til ei forlegning i Vršovice der IR73 heldt til. I 1914 var staben og tre bataljonar forlagde her. I motsetning til andre regiment frå Böhmen fekk dei vera att i heimegarnisonen under heile krigen.

Dei fleste forlet kaserna i all hast ved maktskiftet 28. oktober 1918 og drog til heimeområdet sitt rundt Eger (no Cheb). Kaserna vart straks teken over av lokal milits (Sokol) og nokre få dagar seinare tok det nyoppretta tsjekkoslovakiske artilleriet over kaserna. Forlegninga var i bruk av militæret til ut på 1950-talet. No tilhøyrer bygningen rettsvesenet og husar domstolen for fire distrikt.

Det var rettnok ei kaserne til i Vršovice men ettersom denne var brukt av Traindivision Nr. 8 er nok den ein mindre sannsynleg kandidat enn den nemnde infanterikaserna. Adressa var Palackého třída 334 (no Moskevská). Kasernekomplekset var stort, her var både stabsbygningar, lager, stallar og offisersbustader. Komplekset vart rive i 1950- og 60-åra, og no ligg drabantbyen Vlasta på staden.

Sitat
[I.10.3] Jestli tam nepochodíte, tak půjdete do Vršovic, do kasáren k nadporučíkovi Mahlerovi.

Kjelder: Michael Kummer

Litteratur
Index Back Forward I. Bak fronten Hovudpersonen

10. Švejk blir oppassar hos feltpresten


© 2008 - 2023 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 30.11.2023