void
Hovudpersonen

Den gode soldat Švejk

Forfattaren Change languageChange language

Institusjonar

Švejk on-line Blog Švejk Museum Literární Archiv Bibliografie Švejk Central Reisedagbok Kontakt

Mariánská kasárna i Budějovice, heimeforlegninga til Švejk sitt Infanterieregiment Nr. 91 fram til 1. juni 1915.

Den gode soldat Švejk nemner eit stort tal institusjonar og firma, offentlege som private. Desse var fram til 15. september 2013 kategorisert som 'Stader', noko som berre delvis gjev meining ettersom denne typar einingar ikkje for evig er knytte til eit bestemt geofrafiske punkt slik som t.d byar, fjell og elvar er. Dei fyrste vert difor skilde ut i denne samleseksjonen som innheld m.a. militære og sivile institusjonar (inkludert hæreiningar som regiment osb.), hotell, skjenkestader, aviser og tidskrift.

Grenseoppgangen mod stadsdatabasen er rettnok litt uklår, men eg prøver i denne seksjonen å ta med emne som rettnok kan plasserast geografisk, men som ikkje er bundne til eit bestemt geografisk punkt. Difor vil Praha og Wien framleis høyra til stadsdatabasen, desse har faste koordinatar. Ein institusjon derimot kan gjerne kan byta tilhaldsstad, og døme på dette er Odvodní komise og Kriegsministerium.

Namna er fargekoda etter rolla dei har i forteljinga, vist med fylgjande døme: U kalicha som ein stad der handlinga føregår, K.u.k. Kriegsministerium omtala av forfattaren, Pražské úřední listy som del av ein i dialog, og Stoletá kavárna nemnd i ei anekdote.

Visningsalternativ

Stader vist: 283 av 283



>> Institusjonar liste over institusjonar som er omtala i romanen (283) Syn alle
>> I. Bak fronten
>> II. Ved fronten
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

1. Švejk sine uhell på toget

Nádraží císaře Františka Josefaen flag
Král. Vinohrady/300, Sadová silnice 2
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkova cesta Švejkův slovník
hlavni.jpg

Wiener Bilder,27.1.1909.

hlavni.png

Nádraží císaře Františka Josefa (no Hlavní nádraží) er ikkje nemnd direkte i forteljinga men det er klårt ut frå omstenda at det var frå hovudbanestasjonen at Oberleutnant Lukáš og Švejk la ut på ferda si. Dei kom skeivt ut avdi bagasjen deira vort stolne på stasjonen.

Bakgrunn

Nádraží císaře Františka Josefa var namnet på hovudbanestasjonen i Praha fram til 1918. Den har seinare òg heitt Wilsonovo nádraží etter president Woodrow Wilson. Sidan 1953 har det offisielle namnet vore Praha hlavní nádraží (Praha hovudbanestasjon). Stasjonen vart opna i 1871 og den er i dag den langt travlaste jernbanestasjonen i landet.

I 1914 hadde stasjonen fjernsamband med Wien og ei rekkje andre stader både lokalt og regionalt. Den var ein av dei tre store stasjonane i Praha, saman med Státní nádraží (no Masarykovo) og Severozápadní nádraží (no riven).

Sitat
[II.1] „Poslušně hlásím, pane obrlajtnant,“ ozval se tiše Švejk, „doopravdy ho ukradli. Na nádraží se vždycky potlouká moc takových šizuňků a já si to představuju tak, že jednomu z nich se nepochybně zamlouval váš kufr a ten člověk že nepochybně využitkoval toho, jak jsem vodešel od zavazadel, abych vám vohlásil, že s našima zavazadlama je všechno v pořádku.

Skrivst òg:Emperor Franz Joseph Station en Kaiser-Franz-Joseph-Bahnhof de

Severozápadní nádražíen flag
Praha II./1583, Tešnov 2
Wikipedia czde KartSøk Švejkův slovník
tesnov.jpg
tesnov.png

Venkov, 5.7.1912.

tesnov1.png

Orientační plán král. hl. města Prahy a obcí sousedních, 1909-1914.

Severozápadní nádraží vert nemnd når Švejk forklarar Oberleutnant Lukáš at tjuveri på jernbanestasjonar alltid førekjem. Dette var etter at bagasjen deira hadde vorte stolen på stasjonen i Praha dei reiste frå, truleg Nádraží císaře Františka Josefa.

Her på Nordvest-stasjonen vart det i fylgje soldaten for to år sidan stole ei barnevogn med ein jentunge i. Ungen vart levert på politistasjonen der Švejk budde.

Bakgrunn

Severozápadní nádraží var ein større jernbanestasjon i Praha, frå 1953 kalla Praha-Těšnov. Den låg i Florenc og var i drift fram til 1972 (bygningen vart riven in 1985). Det var herfrå Jaroslav Hašek tok toget til Světlá nad Sázavou (på veg til Lipnice) 25. august 1921.

I Praha var den hovudstasjonen til Österreichische Nordwestbahn. Dette var eit privat jernbaneselskap som vart stifta i 1868 og dreiv fram til dei vart nasjonaliserte i 1909. Hovudkvarteret låg i Wien. Stasjonen vart under Austerrike-Ungarn brukt av toga til Wien og Berlin, samt av ein del regionale strekningar.

Det har ikkje lukkast å finna nokon omtale av episoden med den stolne barnevogna, sjølv om eit slikt tjuveri heilt sikkert ville vorte omtala i avisene slik som Švejk seier. Skal ein tru soldaten må tjuveriet ha funne stad in 1908 and 1912 og ungen vorten levert inn på Policejní komisařství Salmova ulice (som var den næraste politistasjonen til der ein går ut frå at Švejk budde).

Det skal òg noterast at Jaroslav Hašek var lokalreporter i České slovo ein periode i 1912 og det er ikkje utenkjeleg at han her gjenbrukar ein av sine eigne reportasjar (det vart òg hevda at nokre av dei var påfunn).

Sitat
[II.1] Před dvěma léty na Severozápadním nádraží ukradli jedné paničce kočárek i s holčičkou v peřinách a byli tak šlechetní, že holčičku vodevzdali na policejním komisařství u nás v ulici, že prej ji našli pohozenou v průjezdě. Potom noviny udělaly z tý ubohý paní krkavčí matku.“

Skrivst òg:North West Station en Nordwestbahnhof de Nordveststasjonen no

Neue Freie Presseen flag
Wien I., Kolowratring, Fichtegasse 12
Wikipedia czdeen KartSøk Švejkův slovník
nfp0.png

Framsida på fyrste nummeret, 1.9.1864

Neue Freie Presse,1.9.1864.

nfp1.png

The Jewish Monitor, 29.10.1920.

Neue Freie Presse vert nemnd i samband med Švejk og Oberleutnant Lukáš si togreise til Budějovice. Ovafor dei i kupeen sit ein flintskalla mann og les i denne avisa. Seinare viser det seg at mannen var den illgjetne Generalmajor von Schwarzburg.

Bakgrunn

Neue Freie Presse var ei dagsavis som vart gjeven ut i Wien frå 1864 til 1939, stifta av utbrytarar frå Die Presse. Den hadde både morgon og kveldsutgåver. Politisk var den rekna som borgarleg liberal, på linje med t.d. Prager Tagblatt og Bohemia.

Avisa fekk etter kvart stor innflytelse, leia av den mektige sjefsredaktøren Mortitz Benedikt (1849-1920). Den var dessutan ei av dei aller største i Austerrike, med om lag 500 tilsette, og hadde eit godt rykte òg internasjonalt. Dei var kjende for framifrå journalistikk og knyta til seg kjende skribentar som Theodor Herzl, Hugo von Hoffmannsthal, Bertha von Suttner og Stefan Zweig.

Under fyrste verdskrigen inntok dei ei aggressiv patriotisk haldning, men hadde alt under den fransk-tyske krigen i 1870-71 vist pro-tyske haldningar.

I mellomkrigstida heldt avisa fram men vart stengd av nazistane i 1939. Avisa hadde heile tida hatt mange jødiske medarbeidarar og Benedikt sjølv var av jødisk avstamning.

Sitat
[II.1] „Dohromady nic, pane obrlajtnant,“ odpověděl Švejk, nespouštěje oči s lysé lebky civilisty sedícího naproti nadporučíkovi, který, jak se zdálo, nejevil pražádný zájem o celou záležitost a četl si „Neue Freie Presse“, „v celým tom kufru bylo jen zrcadlo z pokoje a železnej věšák z předsíně, takže jsme vlastně neutrpěli žádný ztráty, poněvadž zrcadlo i věšák patřily panu domácímu.“
Litteratur
V čubčím hájien flag
Praha II., Nekázanka ul.
Søk Švejkův slovník
nekazanka.jpg

Nekázanka ulice, 1907.

V čubčím háji vert nemnd i ein anekdote når Švejk fortel Oberleutnant Lukáš om den velvillige Nechleba som alltid mislukkast i sine gode forsett.

Bakgrunn

V čubčím háji var i fylgje Švejk ein pub i Nekázanka ulice men opplysningar utover dette er ikkje tilgjengelege. Namnet er nok eit daglegdags omgrep for ein av pubane i gata eller forsåvidt ein anna stad. Det låg i 1910 fleire skjenkestader i gata og den best kjende av desse var U zlatého křížku.

Folta Josef858-II. Nekázanka 1
Hýna Antonín "U zlatého křížku"880-II. Nekázanka 7
Stejskal Karel879-II. Nekázanka 9

Sitat
[II.1] „Poslušně hlásím, že jsem to, pane obrlajtnant, pozoroval. Já má, jak se říká, vyvinutej pozorovací talent, když už je pozdě a něco se stane nepříjemnýho. Já mám takovou smůlu jako nějakej Nechleba z Nekázanky, který tam chodil do hospody ,V čubčím háji’.

Skrivst òg:The Bitches' Grove en Hündin im Hain de

Litteratur
U Špírkůen flag
Praha I./1024, Kožná ul. 14
KartSøk
uspirku.jpg
uspirku3.png

Adressář hl.m. Prahy 1896

uspirku1.png

Prager Tagblatt,26.9.1897.

uspirku2.png

Národní listy,11.5.1912.

uspirku.png

Rovnost,5.3.1916.

uspirku4.png

Národní politika,27.9.1929.

U Špírků er nemnd på toget til Budějovice i samband med at Švejk ytrar seg om årsakene til håravfall, og siterer uheldigvis ein medisinstudent frå U Špírků på dette. Den flintskalla herren ovafor er generalmajor Generalmajor von Schwarzburg, og han tek ytringa særs ille opp.

Bakgrunn

U Špírků var ein kafé i Staré město i Praha som enno eksisterer om enn i ei anna utgåve. Den vart i fylgje restauranten si vevside grunnlagd så tidleg som i 1870, renovert i tradisjonell stil mellom 2004 og 2006.

Kaféen finst ikkje i adressebøkene frå før krigen, men på den aktuelle addressa registrerte politiet i 1891 ein viss Karel Špirk som er oppførd som cafetier. På 1890-talet sette Špirk og kona ved fleire høve inn annonsar i Prager Tagblatt der dei ynskte sine jødiske gjester godt nyttår. I adresseboka frå 1896 er kaféen oppførd under namnet U dvou kominíků (Ved dei to skorsteinsfeiarane) med kona Rozalie Špirková som eigar.

I 1912 melde Národni listy at han var avliden og det kjem dessutan fram at han vart 54 år gamal, var kaféeigar og innehavar av fast eigedom. Špirk var iflg. politibøkene fødd 12. oktober 1858 i Praha så samanhengen er eintydig. Han var gift med den 10 år yngre Roselie, og dei hadde ei dotter Anna, fødd i 1887. Karel Špirk døydde 9. mai 1912 i Senohraby og vart gravlagd på Vyšehrad kyrkjegard.

Eit avisinnslag frå Právu Lidu i 1916 stadfestar at kaféen enno var i drift og at den vart utsett for eit politiraid grunna ulovleg prostitusjon (Tunel er nemnd i same oppslaget). Enno i 1929 viser annonsar at kaféen var i drift, no under det offisielle namnet U Špírků. Dei lokka med konsertar, og serverte Prazdroj (Pilsner Urquell).

Eigar i 1924 var Josef Baloun og i 1936 var Marie Balounová oppførd i same rolla. Eit bilete frå 1945 viser at etablissementet overlevde nazi-protektoratet. Under den fyrste republikken fungerte U Špírků òg som uoffisisielt bordell (frå 1921 vart bordell-lisensane avskaffa).

Ein anna "U Špírků"

Frå 1920 dukkar det opp eit vertshus med same namn i diverse avisannonsar. Den låg i Sokolská třída i Nové město og dette er òg ein stad forfattaren nok har visst om ettersom han vanka mykje i dette området (sjå Apollo, Bendlovka og U kalicha). Avisannonsar avslører at denne U Špírků var mykje brukt til møte. Sjølv om det ikkje er spor etter denne kafeen i adressebøkene frå før krigen kan ein likevel ikkje så bort frå "bakoverdatering" ettersom Jaroslav Hašek til tider la opplysningar inn i romanen som var i kronologisk konflikt med handlinga frå 1914/1915. Sjå Siedliska, Artur Lokesch og Kriegskalender for fleire døme på dette.

Sitat
[II.1] “A pokračoval neúprosně dál: „Potom říkal jednou jeden medik v kavárně „U Špírků“, že padání vlasů zaviňuje duševní pohnutí v šestinedělí.“
Litteratur
Banka Slaviaen flag
Praha II. /978, Havlíčkovo nám. 23
KartSøk Švejkův slovník
slavia.jpg

Rozkvět, 10.4.1910

slavia1.png

Český Lloyd, 13.9.1902

Banka Slavia er nemnd på toget til Budějovice når Švejk på uskuldig vis spør general Generalmajor von Schwarzburg om han tilfeldigvis er representanten herr Purkrábek frå denne banken.

Bakgrunn

Banka Slavia var eit gjendisig forsikrings-selskap (og bank) med hovedkontor på Havlíčkovo náměstí. Foretaket vart grunnlagt i 1868 av ei gruppe forretningsmenn leia av F. L. Chleborad. Fyrste generalforsamlinga vart halden 14. mai 1869. Selskapet vaks raskt og ved århundreskiftet var dei etablerte i Praha, Brno, Wien, Lwów, Zagreb og Lubljana. Ved krigsutbrotet hadde dei òg oppretta filial i Sarajevo.

I mellomkrigstida hadde firmaet sin beste periode og hadde eigarandeler i utanlandske finansinstitusjonar, jamvel så langt borte i New York. Dei heldt fram drifta heilt til 1945.

Hašek og Slavia

Jaroslav Hašek var tilsett som lærling i banken frå oktober 1902 til han vart oppsagd i juni 1903. Grunnen var to lengre fråver utan løyve, det siste 30. mai 1903. Hašek forsvann utan spor og la ut på ei reise som kan ha vard opptil 4 månader.

Familien til forfattaren var sterkt knytta til Slavia: både faren Josef og den yngre broren Bohuslav var tilsette i banken.

Sitat
[II.1] „Dovolte, vašnosti, neráčíte být pan Purkrábek, zástupce banky Slavie?“

Kjelder: Vojtěch Pojar, Radko Pytlík

Litteratur
Infanteriekadettenschule Pragen flag
Praha IV./221, Mariánské hradby -
Wikipedia czde KartSøk Švejkův slovník
kadetniskola.jpg

© Milan Hodík

kadetniskola1.png
kadetniskola1.jpg

Český svět, 1913.

Infanteriekadettenschule Prag er fyrste gong direkte nemnd i ein samtale mellom Generalmajor Generalmajor von Schwarzburg og Rudolf Lukas etter episoden på toget til Tábor. Her vert overløytnanten spurd kvar han gjekk på kadettskule og svaret er Praha.

Då forfattaren introduserte Oberleutnant Lukáš i [I.14] var kadettskulen nemnd men det kom ikkje fram kvar den låg.

I [III.1] på stasjonen i Győr finn det stad ein alvorleg samtale mellom Hauptmann Ságner og stasjonskommandant Bahnhofskommandant Zykán. Det kjem fram at Ságner hadde vore medeleven til Oberleutnant Lukáš på skulen, saman med Zykán.

Bakgrunn

Infanteriekadettenschule Prag viser til ein infanterikadettskule i Praha som vart opna i 1869 og som frå 1900 heldt til i nordre delen av Hradčany. Bygningen er enno i bruk og har hatt ulike funksjonar i ettertida, mellom anna vore sete for både nazi- og sovjet-okkupantar. I dag er den brukt av det tsjekkiske forsvarsdepartementet.

Čeněk Sagner gjekk faktisk på denne skulen frå 1901 til 1905, men motsetning til det litterære motstykket sitt gjekk ikkje Rudolf Lukas her. Han vart uteksaminsert frå Královo Pole (Königsfeld) ved Brno. Desse to var dei einaste infanteri-kadettskulane på tsjekkisk område. I tillegg hadde Mähren monarkiet sin einaste kavaleri-kadettskulle, i Hranice na Moravě (Mährisch Weisskirchen).

Kadettskular var institusjonar for grunnleggande utdanning av yrkesoffiserar i landstridskreftene. Dei aller fleste tilhøyrde infanteriet, men det var eigne skular for kavaleriet, artilleriet og pionerstyrkane. Skuletida var fire år og ved sida av militærutdanning vart det og undervist i ålmennfag. Dei nyutdanna gjekk ut med rangen Fähnrich, fram til 1908 Kadett-Stellvertreter. Elitepreget ved skulane var støtta mellom anna gjennom at søner av offiserar betalte langt mindre i skulepengar enn andre.

Sitat
[II.1] „Pane nadporučíku,“ řekl, „kde jste navštěvoval kadetní školu?“ „V Praze.“ „Vy jste tedy chodil do kadetní školy a nevíte ani, že důstojník je zodpověden za svého podřízeného. To je pěkné.
[III.1] Pamatuji se jenom na to, že jsem jednou v kadetce v Praze vám pomáhal na hrazdu jako jeden ze staršího ročníku. Tenkrát jsme oba nesměli ven. Vy jste se pral s Němci ve třídě? Tam byl s vámi také Lukáš.

Kjelder: Milan Hodík

Skrivst òg:Infantry Cadet School Prague en Pěchotní kadetní škola Praha cz Praha Infanterikadettskule no

Litteratur
Táborské nádražíen flag
KartSøk Švejkova cesta
tabornadr1.jpg

Josef Lada, 1955.

tabornadr.jpg

Bechyňská dráha, zahájení, nádraží, 1903

tabormag.png

Såra ungarske soldatar i Tábor

Nachrichten über Verwundete und Kranke, 9.1.1915.

tabornadr.png

Chytilův adresař 1915.

Táborské nádraží spelar ei viktig rolle i romanen gjennom at togturen frå Praha til Budějovice vart uventa avbroten her. Dette var etter Švejk sine mange uhell, der høgdepunktet var at han drog i naudbremsa. Ettersom han ikkje hadde pengar tilbota måtte han av toget for å svara for seg hjå stasjonsmeisteren.

Ein velgjerar på stasjonen betalte bota for han gav han pengar til reisa vidare, men desse drakk han opp på jernbanerestauranten saman med ein ungarsk rekonvalesent. Sjansane får å kjøpt ein billett vidare minka med kvar øl.

Švejk vart til slutta plukka opp av ein patrulje og militærkommandanten betwmde til slutt at han måtte til slutt halda fram til fots. Dette var startskotet til Švejk sin vidkjende anabasis der han, til trass for sin iver, lenge fåfengd prøvde å nå fram regimentet sitt.

Tábor er nemnd att fleire gonger når Wachtmeister Flanderka forhøyrer Švejk ved Gendarmeriestation Putim. Soldaten informerer om at stasjonar er lette å ta bilete av ettersom dei ikkje rører på seg.

Bakgrunn

Táborské nádraží er jernbanestasjonen i Tábor som ligg om lag 2 kilometer aust for sentrum. Den er ein av dei viktigaste stoppestaden på linja Praha - Budějovice.

Jernbanestasjonen vart bygd i åra 1869-1871 og vart brukt av selskapet Kaiser Franz Josephs-Bahn[1] som trafikerte strekninga Praha - Wien. Andre viktige stoppestader på linja var Benešov, Veselí nad Lužnicí, Třeboň og Gmünd. Stasjonen hadde òg samband med Budějovice og frå 1903 var den startpunktet for lokalbana til Bechyně. I 1914 var stasjonen òg stoppestad for linjer som gjekk aust-vest: Jihlava - Domažlice. Stasjonsjef i 1914 var Vincenc Motyčka så dette var mannen Švejk måtte forklara seg for (dersom episoden har ein bakgrunn frå det verkelege liv).

Madjarar i Tábor

Ved fyrste augekast kan det tykkjast merkeleg at Švejk møtte ein såra ungarsk soldat i Tábor, langt frå det ungarske kjernelandet. Ved nøyare undersøkingar viser det seg likevel at det kan ha hendt. Tábor hadde eit stort sjukehus, godt jernbanesamband og tok imot såra soldatar frå heile monarkiet. Går ein gjennom listene over såra og sjuke frå tidleg 1915 viser det seg fleire ungarske namn dukkar opp nettopp på dette sjukehuset.

Krigsutbrotet førde og med seg at krigs-sjukehus (lasarett) vart oppretta. Sokol tilbaud fort lokala sine og venteromma på stasjonen vart tekne i bruk av Raude Kross. I januar 1915 vart det dessutan oppretta lasarett fleire andre stader i byen.

Hašek på stasjonen?

Jaroslav Hašek skreiv lite om Tábor i forteljingane sine så det er uvisst om han nokon gong vitja byen før fyrste verdskrigen. Derimot må han i februar 1915 vore innom ettersom toget som tok han til Budějovice for å melda seg hjå Infanterieregiment Nr. 91 nødvendigvis må ha stogga her. Kontingenten med Landsturm-rekruttar som Hašek høyrde til skulle medla seg 15. februar 1915 og han vart innskriven hjå regimentet to dagar seinare. Om denne forseinkinga skuldast eit opphald i Tábor eller skuldast køar ved innskrivinga kan ein berre spekulera over. I romanen nemner forfattaren to propagandplakatar som passar godt med februar 1915, nemleg dei til Trainsoldat Bong og Zugsführer Danko. Det er ingen tvil om at han såg dei, ellers ville han ikkje ha vore i stand til å gjengi dei så nøyaktig. Det viser seg at desse propagandamotova var henta frå Kriegskalender frå 1919 og at nokre av dei omtalar hendingar frå 1917 så det er ingen sjanse for at Hašek kan ha sett dei i februar 1915. Det må og leggast til at omtalen hans av jernbanerestauranten som "tredje klasse" neppe stemmer: både bilete og anna informasjon tyder på at etablissementet var av det finare slaget. Sjå Táborská nádražní restaurace.

Sitat
[II.1] Zůstal průvodčí se Švejkem a mámil na něm dvacet korun pokuty, zdůrazňuje, že ho musí v opačném případě předvést v Táboře přednostovi stanice. „Dobrá,“ řekl Švejk, „já rád mluvím se vzdělanejma lidma a mě to bude moc těšit, když uvidím toho táborskýho přednostu stanice.“
[II.1] Celý personál četnické stanice podíval se na sebe pátravě a strážmistr pokračoval: „V Táboře jste byl tedy na nádraží. Máte něco u sebe? Vyndejte to.“
[II.1] Strážmistr opět vyměnil s celým personálem stanice významný pohled. „Ty vaše kruhy, to mně připadá, že se potloukáte po okolí. Zdržel jste se dlouho v Táboře na nádraží?“
[II.2] Asi před týdnem, po svém příjezdu k pluku, podal jste mně raport o přidělení sluhy, poněvadž se vám váš sluha ztratil na nádraží v Táboře. Poněvadž se vrátil...

Skrivst òg:Tábor railway station en Tábor Bahnhof de Tábor jernbanstasjon no

Merknader
1. Nasjonalisert og innlemma i k.k. Staatsbahnen 1. mai 1884.
Litteratur
Táborská nádražní restauraceen flag
KartSøk Švejkova cesta
tabnadrest.jpg

Interiér, Nádražní restaurace

tabnadrest.png

Chytilův adresař 1915.

tabnadres1.png

Tábor, 4.6.1915.

Táborská nádražní restaurace var ein tredjeklasses restaurant på stasjonen i Tábor som fekk besøk av Švejk etter at man måtte gå av toget etter episoden med naudbremsen. Ein velgjerar betalte både bota på 20 kroner og inviterte han på øl og gav han dessutan ein femmar til reisa vidare. Švejk var likevel så uheldig at han drakk den eine ølen etter den andre medan han spanderte på ein ungarsk rekonvalesent. Resultatet er kjendt: han hadde ikkje pengar til reisa vidare og måtte halda fram til fots og dermed starta sin vidkjende anabasis.

Bakgrunn

Táborská nádražní restaurace er i dag (2010) ei enkel bistro men tidlegare var dette ein stor og finare restaurant med sommarterrasse. Den låg mellom dei to hovudblokkene til stasjonsbygningen.

Stasjonen hadde ein restaurant heilt frå den opna i 1871 og i 1886 var den driven av Antonín Jonáš. Kven som dreiv den opp gjennom åra er uvisst men i 1913 Antonín Stětina vert. Det virkar som han gjekk konkurs våren 1914.

Frå 1914 var Jan Zimák offiselt oppførd som eigar og det var han som dreiv då Jaroslav Hašek reiste forbi her i midten av februar 1915. Frå hausten 1914 leverte Zimák mat til Raude Kross-klinikken som vart oppretta på stasjonen. In 1915 reklamerte restauranten for seg sjølv som elegant, med framifrå mat, og den tappa fatøl frå Pilsen. I 1932 var den enno i drift og lite hadde endra seg - og ølet var enno frå Pilsen. Restaurantvert var no Karel Hokův og han er oppførd enno i 1939. Kva som hende med restauranten seinare vitast ikkje.

Opplysningane me har om restauranten stemmer ikkje med Hašek sin omtale av den som "tredje klasse" så ein må gå ut frå at han ikkje var der sjølv, og at Švejk sitt opphald heller er inspirert av hendingar annastadsfrå.

Sitat
[II.1] Mezitím dobrý muž věřící v nevinnost Švejkovu zaplatil za něho v kanceláři pokutu a odvedl si Švejka do restaurace třetí třídy, kde ho pohostil pivem, a zjistiv, že všechny průkazy i vojenský lístek na dráhu nalézají se u nadporučíka Lukáše, velkomyslně dal mu pětku na lístek i na další útratu. When this large scale restaurant ceased to exist is not known.

Skrivst òg:Tábor station restaurant en Tábor Bahnhofgaststätte de Tábor stasjonsrestaurant no

Litteratur
Traineskadron Nr. 3en flag
Kraków, ul. Zwierzynieckiej
KartSøk Švejkův slovník
train3.png

Verordnungsblatt für das k.u.k. Heer, 5.12.1914

train3a.png

Grazer Tagblatt, 19.2.1915

Grazer Tagblatt,19.2.1915.

train3b.png

Schematismus für das K.u.k. Heer.., 1914

Schematismus für das k.u.k. Heer (s. 990)1914.

Traineskadron Nr. 3 er nemnd som eininga der Trainsoldat Bong utførde sine heltedådar. Dette i fylgje ein propagandaplakat Švejk observerte på Táborské nádraží.

Bakgrunn

Traineskadron Nr. 3 viser til 3. skvadron av Traindivision Nr. 1, ei forsyningseining i k.u.k. Heer. Trainsoldat Bong var verkeleg nok, stadfesta av nokre avisnotisar om han tidleg i 1915.

Forsyningsdivisjonar

K.u.k. Heer hadde 16 Traindivisionen (Forsyningsdivisjonar), nummererte etter landforsvarsdistriktet dei var rekrutterte frå. Armeekorps Nr. 1 og Kraków militærditrkt dekka det vestlege Galicia og deler av Schlesien og Mähren og detta var området Traindivision Nr. 1 vart rekrutterte frå. Tsjekkiske byar som Moravská Ostrava, Opava og Olomouc tilhøyrde såleis distriktet, saman med betydelege polske byar som Kraków, Cieszyn, Wadovice, Nowy Targ og Tarnów.

Dei 16 traindivisjonane bestod av eit varierande antal skvadronar. Traindivision Nr. 1 var forlagd i sjølve Kraków, i den såkalla Weichseldepotkaserne (i 1918 omdøypt til koszary Bartosza Głowackiego). Den låg nær sentrum i ul. Zwierzynieckiej.

Øvstkommanderande for Traindivision Nr. 1 var frå 1. november 1912 Major Theodor Indra, frå 1. mai 1915 forfremja til Oberstleutnant. Eit blikk på offiserslista frå 1914 avslører ein kuriositet: ingen av dei hadde polske etternamn, alle offiserande synest å ha vore tyskarar eller tsjekkarar.

Sitat
[II.1] Zatímco šikovatel šel shánět nějakého důstojníka, Švejk si přečetl na plakátu:

VOZATAJEC JOSEF BONG

Vojáci zdravotního sboru dopravovali těžce raněné k vozům, připraveným v kryté úžlabině. Jakmile byl plný, odjelo se s ním na obvaziště. Rusové, vypátravše tyto vozy, počali je obstřelovati granáty. Kůň vozatajce Josefa Bonga od c. a k. 3. vozatajské švadrony byl usmrcen střepinou granátu. Bong bědoval: „Ubohý můj bělouši, je veta po tobě!“ Vtom sám zasažen byl kusem granátu.
Litteratur
K.k. Schützenregiment Nr. 21en flag
St. Pölten, Schießstattring 8
Wikipedia pl KartSøk Švejkův slovník
lir21.png

Landwehr-Ergänzungsbezirk Nr. 21, 1913

Schematismus der k.k. Land­wehr (s. 691)1913.

lir21kaserne.jpg
schutzen.png

Eggenburger Zeitung, 6.4.1917

paulhart.png

Österreichisches Kriegs-Echo,Jänner 1918.

K.k. Schützenregiment Nr. 21 er nemnd i forbifarten avdi Švejk på stasjonen i Tábor observerer ein propagandaplakat som omhandlar Zugsführer Hammel, Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer. Alle gjorde teneste i dette regimentet.

Bakgrunn

K.k. Schützenregiment Nr. 21 var eit av 37 austerrikske Landwehr-infanteriregiment. Saman med dei fleste av systerregimenta vart det grunnlagd i 1889. Rekrutteringsdistriktet var St. Pölten som omfatta rundt rekna den vestlege halvdelen av det noverande Niederösterreich. Nokre av mannskapet var òg rekrutterte frå distriktet Wien B. Den etniske samansetjinga av regimentet var omtrent full ut tysk. Staben og alle tre bataljonane var i 1914 forlagde i St. Pölten.

Regimentet var forlagd i brakkekomplekset på Schießstattring (Eugenkaserne, Rainerkaserne og Franz-Josephs-Kaserne), no Hesserkaserne[b].

Under krigen slost dei fyrst på austfronten, i 1915 vart dei flytta til fronten mot Italia, så til Galicia ved Brusilov-offensiven i 1916. Dei vart så på ny overførde til sørvest-fronten og dei tok del i framrykkinga mot Piave hausten 1917.

K.k. Landwehr ⇒ K.k. Schützen

Det var fyrst frå 1917 at omgrepet Schützenregiment (rifleregiment)[1] vart teke i bruk offisielt ettersom alle einingane i k.k. Landwehr vart omdøypte i april det året. Dette tyder på at forfattaren henta inspirasjon frå propagandmateriell med opphav frå dei seinare krigsåra og ikkje frå kva han sjølv var vitne til i 1915. Sjå neste avsnittet for stadfesting av denne hypotesa.

1. CP si omsetjing til engelsk konkluderer feilaktig med at dette var eit artilleri-regiment.

Tagliamento, 1917

Hendingane som var framstilde på bileta som Švejk såg i Tábor i 1915 fann faktisk stad, men nesten tre år seinare. Zugsführer Hammel, Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer gjorde alle teneste ved k.k. Schützenregiment Nr. 21 og dei vart nemnde saman i ein rapport frå slagmarka tidleg i 1918. Tittelen var Das St. Pöltner Schützenregiment Nr. 21 am Tagliamento og den vart trykt i Streffleur's Militärblatt, Linzer Volkszeitung m.fl. Den handla om regimentet i kamp ved elva Tagliamento i Nord-Italia den 5. november 1917, og har med nokre linjer om dei tre soldatane som er nemnde i Den gode soldat Švejk. Alle tre utmerka seg i kamp og vart dekorerte med sylvmedaljar for djervleik.

Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer er identifiserte og opplysningane stadfesta gjennom studiar av Belohnungsantrag medan Zugsführer Hammel sin bakgrunn enno er ukjend (truleg skuldast dette feil i stavinga av etternamnet).

Ikkje oppdikta

I romamen sler Hašek fast at desse plakatane var laga i k.u.k. Kriegsministerium av vernepliktige tyske journalistar. Dette er stort sett sant, til dømes var Egon Erwin Kisch ein av desse. På den andre sida er påstanden om at folka på plakatane var oppdikta sjeldne mønstersoldatar usann. Zugsführer Hammel, Korporal Bachmayer, Korporal Paulhart, Zugsführer Danko og Trainsoldat Bong var alle verkelege nok men bragdene deira vart sjølvsagt skrytte opp for propagandaføremål.

Der Soldatenfreund. Kalender für das Jahr 1919
kalender1919.jpg
kalender1919.png

Inspirasjonen til propagandaplakatane som Švejk betrakta i Tábor er utan tvil Kriegskalender, eller meir konkret: Der Soldatenfreund. Kalender für das Jahr 1919 og truleg den tsjekkiske utgåva av den. Grunnen til at me kan vera så sikre er at dei fire motiva (seks personar) som er omtala i denne sekvensen av Den gode soldat Švejk alle finst i denne kalenderen og tekstsekvensane som Hašek brukar er omtrent ordrett henta herfrå. I tilfellet doktor Vojna fann til og med ein stavefeil i etternamnet vegen inn i romanen.

Motiva er henta frå sidene 6 til 29 som er ein rein kalender-seksjon. For kvar månad vart det over to sider presentert "eit lysande førebilete på mot og djervleik". Det inneheld ei teikning med ein liten undertittel på den eine sida og ei meir utfyllande utgreiing om heltedåden på den neste.

I tilfella Zugsführer Danko og Zugsführer Hammel (med Korporal Paulhart og Korporal Bachmayer) er den korte teksten til teikninga attgjeven som den er. For Trainsoldat Bong er den lengre omtalen kopiert nesten ordrett. I tilfellet doktor Vojna er det annaleis for her fann berre mindre utdrag av omtalen vegen til Den gode soldat Švejk medan soldaten sin livlege fantasi ordna med resten.

Sitat
[II.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“
Litteratur
Referensar
aSchematismus der k.k. Land­wehr (s. 265)Ministerium für Landesverteidigung1914
bHesserkaserneWikipedia.de
K.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5en flag
Kassa (Košice)
Wikipedia deenhupl KartSøk Švejkův slovník
honhus5.jpg
honhus5.png

Honvédség és Csendőrség Névkönyve, 1914

danko2.png

Oesterreichische Volks-Zeitung, 21.10.1914

K.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5 er nemnd i forbifarten avdi Švejk på stasjonen i Tábor observerer ein propagandaplakat som viser Zugsführer Danko frå dette regimentet.

Bakgrunn

K.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5 (M. kir. 5. Honvéd Huszárezred) var eit av 10 ungarske Honvéd kavaleriregiment. Det vart rekruttert frå Honvéd district no. III Kassa (no Košice). Kommandant i 1914 var Oberst Pál Hegedűs. Regimentet var forlagd i Košice og Nyíregyháza.

Under krigen

Regimentet vart like etter krigsutbrotet sendt til fronten i Galicia og kom i kamp alt 15. august 1914 ved Stojanów (no Стоянів) ved grensa mot Russland. Dei opplevde det katastrofale nederlaget i slutten av august som tvinga Austerrike-Ungarn til å gje opp Lemberg. Ved årskiftet slost dei i Karpatane og var med på framrykkinga austover våren og sommaren 1915, men no etter kvart til fots. Sommaren 1916 vart dei flytta til fronten mot Romania medan dei siste krigsåret var ved den italienske fronten.

Dankó János

I 1935 vart regimentet si historie frå 1868 til 1918 gjeven ut i bokform. Denne stadfestar at Zugsführer Danko, mannen Švejk såg på ein propagandaplakat i Tábor, faktisk var Zugsführer regimentet og deltok i dei tidlege slaga i Galicia. Namnet hans på ungarsk var János Dankó men han kan òg ha vore slovak.

Sitat
[II.1] Dobrého vojáka Švejka uvítal obraz znázorňující dle nápisu, jak četař František Hammel a desátníci Paulhart a Bachmayer od c. k. 21. střeleckého pluku povzbuzují mužstvo k vytrvání. Na druhé straně visel obraz s nadpisem: „Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie.“
Litteratur
Honvéden flag
Budapest I., Szent György tér 3
Wikipedia czdeenhu KartSøk Švejkův slovník
honved.png

A Magyar Királyi Honvédelmi Ministerium, a Honvédség és Csendőrség Névkönyve 1895

honved.jpg

Feldküche eines Honved-Infanterieregimentes

Das interessante Blatt,20.8.1914.

honvedmin.png

Budapesti Czim-és lakás jegyzék, 1910.

Honvéd er nemnd mange gonger i Den gode soldat Švejk, mest frå Királyhida og utover. I [II.3] tek nokre soldatar frå Honvéd direkte del i handlinga under slagsmålet i Királyhida. Før det vart dei nemnde i samband med k.u. Honvéd Husaren Regiment Nr. 5 og dessutan Hauptmann Spíro si oppramsing av dei ulike våpengreinene i k.u.k. Wehrmacht.

Bakgrunn

Honvéd (Magyar Királyi Honvédség) var det ungarske landvernet, tilsvarande det austerrikske k.k. Landwehr. Det bestod av 32 infanteriregiment, 10 kavalleriregiment (husarar), og 8 feltartilleriregiment samt ulike støttefunksjonar. Det ungarske landvernet vart rekruttert frå dei seks distrikta Budapest, Szeged, Kassa (Košice), Pozsony (Bratislava), Kolozsvár (Cluj), og Zágráb (Zagreb). Kvart infanteriregiment bestod av tre bataljonar og tenestetida var to år. Fordelinga av mannskap mellom Honvéd of Gemeinsame Armee vart gjord ved loddtrekking, akkurat som i Cisleithanien

Til trass for at namna antydar det me kallar heimevern var i praksis både Honvéd og k.k. Landwehr fullt operative styrkar som i krigstid hadde om lag same oppgåver som felleshæren. I motsetning til hjå k.u.k. Heer og det austerrikske Landwehr var kommandospråket ungarsk og dels kroatisk[1].

Bakgrunn

Honvéd dukka fyrst opp som omgrep under revolusjonen og det ungarske opprøret mot Habsburg-styret i 1848. Året etter vart opprøret slege ned (med russisk hjelp) og Honvéd vart oppløyst. Etter Ausgleich i 1867 vart dei forma på ny som landvern i Transleithanien og såleis underlagd Dobbeltmonarkiet sin militære kommandostruktur.

Honvéd-ministeriet

Politisk rapporterte Honvéd til det Ungarske kongelege Honvéd-ministerium (Magyar Királyi Honvédelmi Minisztérium) som heldt til i Buda. Minister frå 1910 til 1917 var general Samuel Hazai (1851-1942), den høgstrangerte jødiske offiseren i heile k.u.k. Wehrmacht. I 1917 vart han etterfylgd av general Sandor Szurmay (1860-1945) som dermed vart tidenes siste Honvéd-minister. Honvéd vart oppløyst etter fyrste verdskrigen og i dag dekkar omgrepet heile den ungarske hæren.

Sitat
[II.1] Na druhé straně visel obraz s nadpisem: "Četař Jan Danko od 5. pluku honvédských husarů vypátrá stanoviště nepřátelské baterie."
[II.2] ... tyrolské císařské střelce, bosenské pěšáky, uherské pěší honvédy, uherské husary, ...
[II.3] Český voják vyspí se s maďarskou dívkou a ubohá česká děvečka přijme k sobě maďarského honvéda, a po staletích bude to zajímavé překvapení pro antropology, proč se objevily vysedlé lícní kosti u lidí na březích Malše.“
[II.3] Zato jsme jim to tam, tajtrlíkům maďarským, vodplatili pořádně u Neziderskýho jezera, na který jsme se šli před třemi tejdny podívat. Leží tam ve vedlejší vsi nějaký oddělení strojních pušek nějakejch honvédů, a my jsme náhodou všichni zašli do jedný hospody, kde voni tančili ten svůj čardáš jako pominutý a roztahovali si držku na celý kolo se svým ,Uram, uram, biró uram’ nebo ,Láňok, láňok, láňok a faluba’.
[II.3] Tak ten náš Mejstřík skočí do kola a tu největší fešandu chce brát jednomu honvédovi, kerej začal něco brebentit, a Mejstřík mu hned jednu hodil, ten se svalil, my už hned chytli überšvunky, votočili jsme si je kolem ruky, aby nám bajonety neulítly, skočili mezi ně, já jsem vykřik: ,Vinnej nevinnej, berte to po řadě!’ a už to šlo jako na másle.
[II.3] Pana Kákonyiho odtáhli do protějšího průjezdu, kde ho polívali vodou, a uprostřed ulice bil se starý sapér Vodička jako lev proti několika honvédům a honvéd-husarům, kteří se zastali svého krajana.
[II.4] "Netvař se tak vážně, Švejku, ono ti to na frontě přejde, prát se s nějakými honvédy," pokračoval, "líčení se s vámi oběma zastavuje a každý z vás jde k své části, kde budete potrestáni u raportu, a pak půjdete s marškou na frontu.
Merknader
1. I Honvéd-einingar som var rekrutterte frå det autonome kongedømet Kroatia og Slavonia, var kroatisk brukt som kommandospråk.
Litteratur
Feldjägerbataillon Nr. 7en flag
Canale (Kanal ob Soči)
Wikipedia de KartSøk Švejkův slovník
fjb7a.jpg

7. Feldjägerbataillon. Champagne in Tolmin

fjb7.png

Schematismus für das k.u.k. Heer..., 1914

Schematismus für das k.u.k. Heer (s. 598)1914.

fjb7.jpg

Kaserne in Tolmein

Feldjägerbataillon Nr. 7 er nemnd av Švejk i ein samtale med ein Landwehr-soldat på stasjone i Tábor. Švejk har lese i Pražské úřední listy om heltedåden til doktor Vojna, ein eittårsfrivilleg frå denne bataljonen.

Bakgrunn

Feldjägerbataillon Nr. 7 var ein av 32 Feldjäger-bataljonar (lett infanteri) i k.u.k. Heer. Dei vart skipa så tidleg som i 1808 og ved midten av århundret tok dei del i felttoga mot Italia. Reservebataljonen heldt til Laibach (Ljubljana) medan staben og mannskapet frå 1905 til 1914 var forlagde i Canale og Tolmein[1] ved elva Isonzo på grensa mot Italia (no i Slovenia). Det store fleirtalen av soldatane i bataljonen var slovenar. Bataljonskommandant i 1914 var Oberstleutnant Wilhelm Staufer. Bataljonen var underlagde 94. Infanteriebrigade i Tolmein som på si side rapporterte til 28. Infanteriedivision i Laibach.

Det er knapt med detaljert informasjon om bataljonen under fyrste verdskrigen. Österreich-Ungarns letzter Krieg avslører at dei var del av 56. Infanteriebrigade, og rapporterte til 28. Infanteriedivision, III. Korps, og opererte på austfronten. I 1914 tok dei del i kampar ved Gologóry, Jaroslav, Przemyśl, Homonna og Dukla. Gjennom resten av krigen er det vanskeleg å spora dei men i juli 1916 var dei i kamp sør for Valsugana på tyrolfronten. Bragdene deira vart i denne samanhengen omtala i den daglege offisielle krigsbulletinen.

1. Slovensk: Kanal ob Soči, Tolmin

Sitat
[II.1] Když Švejk dočetl a šikovatel se ještě nevracel, řekl k landverákům na strážnici: „Tohle je moc krásnej příklad zmužilosti. Takhle budou u nás v armádě samý nový postroje na koně, ale když jsem byl v Praze, tak jsem čet v Pražskejch úředních listech ještě hezčí případ vo nějakým jednoročním dobrovolníkovi Dr Josefu Vojnovi. Ten byl v Haliči u 7. praporu polních myslivců, a když to přišlo na bodáky, tak dostal kulku do hlavy, a když ho vodnášeli na obvaziště, tak na ně zařval, že kvůli takovému šrámu se nenechá obvázat.
Litteratur
Pražské úřední listyen flag
Praha III./387, Karmelitská ul. 6
KartSøk Švejkův slovník
pnov1.png

Adresář královského hlavního města Prahy a obcí sousedních, 1907

Pražské úřední listy vert vist til av Švejk på stasjonen i Tábor. I denne avisa hadde han lese om dei fantastiske bragdene til eittårsfrivilleg doktor Vojna frå Feldjägerbataillon Nr. 7.

Bakgrunn

Pražské úřední listy var eit samleomgrep for publikasjonane til c.k. Místodržitelství (k.k. Statthalterei) i Praha. Avisene var talerøyr for dei austerrikske styresmaktene i Böhmen, leia av statthaldaren. For fleire opplysninar sjå Pražské úřední noviny.

Sitat
[II.1] Když Švejk dočetl a šikovatel se ještě nevracel, řekl k landverákům na strážnici: „Tohle je moc krásnej příklad zmužilosti. Takhle budou u nás v armádě samý nový postroje na koně, ale když jsem byl v Praze, tak jsem čet v Pražskejch úředních listech ještě hezčí případ vo nějakým jednoročním dobrovolníkovi Dr Josefu Vojnovi. Ten byl v Haliči u 7. praporu polních myslivců, a když to přišlo na bodáky, tak dostal kulku do hlavy, a když ho vodnášeli na obvaziště, tak na ně zařval, že kvůli takovému šrámu se nenechá obvázat.

Skrivst òg:Prague Official Newspaper en Prager Amtsblatt de Praha Amtsblad no

Litteratur
Index Back Forward II. Ved fronten Hovudpersonen

1. Švejk sine uhell på toget


© 2008 - 2023 Jomar Hønsi Sist oppdatert: 30.11.2023